Mjølfjell

Sideversjon per 5. apr. 2012 kl. 14:10 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Mellomlagring)

Mjølfjell er ei grend inst i Raundalen i Voss kommune. Området har namn etter det kvite Mjølfjellet, som og markerer grensa mellom Voss og Ulvik kommune. Mjølfjell-området har særleg vorte nytta til støling, og gardar i både Voss, Ulvik og Aurland har hatt sommarbeite her. Etter at Bergensbanen opna i 1909, med eigen stasjon på Mjølfjell, har grenda vore ein populær rekreasjons- og turiststad. På 2000-talet er det privathyttene som dominerer på Mjølfjell, men her er det og eit ungdomsherberge (bygd i 1939).

Staden hadde på 1900-talet ein del fastbuande, knytt til jernbane, turisttrafikk og gardsdrift/støling, og difor var det skule her (1914-64).

Stadheim Høifjellhotel var i drift frå om lag 1920 til 1963, då det brann ned. Kårdal pensjonat vart bygd i 1934, og hadde stor trafikk i 1960- og 1970-åra.

Daglegvarebutikken på Mjølfjell vart lagt ned rundt 2010.