Sigurd Førsund: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
(15 mellomliggende versjoner av 5 brukere er ikke vist) | |||
Linje 1: | Linje 1: | ||
<onlyinclude>{{thumb høyre|Førsund fam i Skjåk.jpg|Familien Førsund (fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland.|Ukjent}} | <onlyinclude>{{thumb høyre|Førsund fam i Skjåk.jpg|Familien Førsund (med fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland.|Ukjent}} | ||
'''[[Sigurd Førsund|Sigurd Olsen Vamråk Førsund]]''' (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande [[Høyanger kommune]], død i [[Arna|Indre Arna]] i nåverande [[Bergen kommune]] 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han er | '''[[Sigurd Førsund|Sigurd Olsen Vamråk Førsund]]''' (fødd 20. september 1884 på [[Kyrkjebø]] i nåverande [[Høyanger kommune]], død i [[Arna|Indre Arna]] i nåverande [[Bergen kommune]] 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpolitikk ([[Venstre]]) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av [[Tore Ørjasæter]], og innspela av [[Sissel Kyrkjebø]] på debutalbumet hennar i 1986. </onlyinclude> | ||
== Oppvekst == | |||
<onlyinclude>Han voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jekteseglar for eiga rekning.</onlyinclude> | |||
== Ung lærarfamilie på flyttefot == | |||
Sigurd Førsund tok lærareksamen ved [[Stord lærarskule]] i 1906. Han hadde tilleggsutdanning mellom anna med stipend til songkurs 1910, sløydkurs 1914 og tysk gjennom Norsk korrespondanseskole 1922. | Sigurd Førsund tok lærareksamen ved [[Stord lærarskule]] i 1906. Han hadde tilleggsutdanning mellom anna med stipend til songkurs 1910, sløydkurs 1914 og tysk gjennom Norsk korrespondanseskole 1922. | ||
{{thumb høyre|Førsund Sigurd og Arnfine 1909.jpg|Bryllaupsbilete, Sigurd og Arnfine Førsund, Sveio 1909.|Ukjent}} | |||
Han hadde lærarstillingar mange stader dei fyrste åra: Fyrst på Brekke i [[Sogn]] 1906-1907, så i [[Sveio kommune|Sveio]] 1907-1909, der han vart kjend med Arnfine Dommersnæs (1886-1966) dotter av lærar Sigve Haakonsen Dommersnæs og Marta Arnfinnsdotter Svendsbø. Sigurd og Arnfine gifta seg i Sveio i 1909. Dei fekk fem søner og fire døtrer, fødde i tidsrommet 1910-1924. | |||
Same året dei gifta seg, kom dei til [[Skjåk]] i Gudbrandsdalen, der dei vart verande i to år. Førsund var lærar i Holmork skule og organist i Skjåk kyrkje. Det var nå Sigurd Førsund lærde Tore Ørjasæter å kjenne, og han komponerte tonen til Vestland og eit anna av dikta til lyrikaren. Ørjasæter hadde nyss fått gjeve ut sine to fyrste diktsamlingar, i 1908 og 1910, og Vestland stod i den andre, ''I dalom''. | |||
Så flytta Førsund og familien til [[Lardal kommune|Lardal]] i Vestfold (1911-1912), [[Stord |Stord]] (1912-1913), [[Etne kommune|Etne]] i [[Sunnhordland]] (1913-1914) og [[Sjernarøy]] (nåverande [[Finnøy kommune]] i [[Ryfylke]]) (1914-1919). | |||
== Mangeårig yrkesliv og samfunnsengasjement i Etne == | |||
Dei kom til Etne igjen i 1919, og Førsund hadde lengste samanhengande tenestetida si der, heilt fram til 1953. Han fekk stilling som lærar og kyrkjesongar på Rygg, og flytta inn i heimen Fredly, som var klokkarbustad. | |||
I Etne engasjerte Førsund seg sterkt i samfunns- og kulturliv. Han sat i heradsstyret og skulestyret og var likningssekretær. I Etne skulestyre var han formann i 13 år. Politisk sokna han til Venstre, og hadde tillitsverv i partiet. Førsund var styremedlem og formann i Sunnhordland krins av [[Noregs Lærarlag]]. Han var målmann og var mellom anna styremedlem i [[Karmsund fylkesmållag]]. I tillegg til å vere organist i kyrkja på staden, var han kordirigent og dyrka musikkinteressene på fleire måtar. | |||
== Lokalhistorikar på sine eldre dagar == | |||
Familien flytta til Arna ved Bergen i 1953, der dei vart buande resten av livet. På sine eldre dagar brukte Førsund mykje av tida si på å skrive gards- og ættesoge for Kyrkjebø, saman med broren Adolf Førsund. | Familien flytta til Arna ved Bergen i 1953, der dei vart buande resten av livet. På sine eldre dagar brukte Førsund mykje av tida si på å skrive gards- og ættesoge for Kyrkjebø, saman med broren Adolf Førsund. | ||
== Kjelder og litteratur == | == Kjelder og litteratur == | ||
*Dyrvik, Ståle: ''Etnesoga. Fjerde bandet. Folket Stødle sokn.'' Etne kommune 1995. Side 310-311. | |||
*Førsund, A.: Ættebok for Kyrkjebø. Bygdeboknemnda for Kyrkjebø, 1. opplag 1949, oppdatert med tillegg til 1994, 1995. side 142 og 144. | *Førsund, A.: Ættebok for Kyrkjebø. Bygdeboknemnda for Kyrkjebø, 1. opplag 1949, oppdatert med tillegg til 1994, 1995. side 142 og 144. | ||
*[[Norske skulefolk]] | *''[[Norske skulefolk]]'' band I, Dreyer forlag Stavanger 1952., red. Karl Bakke, band | ||
* | *Mæland, Arnfrid: [http://home.online.no/~harmell/ToFjellturer.html «To korte kvinnehistorier»] med supplerande opplysningar på e-post til Hans P. Hosar frå Arnfrid Mæland, april 2013. | ||
* {{hbr1-1|pf01036426001474|Sigurd Førsund}}. | |||
* {{folketelling|pf01037341000589|Sigurd Olson|1900|Kyrkjebø herred}}. | |||
* {{folketelling|pf01036426001474|Sigurd Olsen Førsund|1910|Skjåk herred}}. | |||
{{DEFAULTSORT:FØRSUND; SIGURD}} | |||
[[Kategori:Personer]] | [[Kategori:Personer]] | ||
Linje 24: | Linje 38: | ||
[[Kategori:Etne kommune]] | [[Kategori:Etne kommune]] | ||
[[Kategori:Skjåk kommune]] | [[Kategori:Skjåk kommune]] | ||
[[Kategori:Lardal | [[Kategori:Larvik kommune]] | ||
[[Kategori:Lardal]] | |||
[[Kategori:Lærere]] | [[Kategori:Lærere]] | ||
[[Kategori:Komponister]] | [[Kategori:Komponister]] | ||
[[Kategori:Organister]] | [[Kategori:Organister]] | ||
[[Kategori:Lokalhistorikere]] | [[Kategori:Lokalhistorikere]] | ||
[[Kategori:Bygdebokforfattere]] | [[Kategori:Bygdebokforfattere]] | ||
[[Kategori:Venstrepolitikere]] | |||
[[Kategori:Målfolk]] | |||
[[Kategori:Skulehistorie i Sogn og Fjordane]] | |||
{{F2}} | |||
{{nn}} |
Nåværende revisjon fra 17. sep. 2020 kl. 03:42
Sigurd Olsen Vamråk Førsund (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande Høyanger kommune, død i Indre Arna i nåverande Bergen kommune 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpolitikk (Venstre) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av Tore Ørjasæter, og innspela av Sissel Kyrkjebø på debutalbumet hennar i 1986.
Oppvekst
Han voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jekteseglar for eiga rekning.
Ung lærarfamilie på flyttefot
Sigurd Førsund tok lærareksamen ved Stord lærarskule i 1906. Han hadde tilleggsutdanning mellom anna med stipend til songkurs 1910, sløydkurs 1914 og tysk gjennom Norsk korrespondanseskole 1922.
Han hadde lærarstillingar mange stader dei fyrste åra: Fyrst på Brekke i Sogn 1906-1907, så i Sveio 1907-1909, der han vart kjend med Arnfine Dommersnæs (1886-1966) dotter av lærar Sigve Haakonsen Dommersnæs og Marta Arnfinnsdotter Svendsbø. Sigurd og Arnfine gifta seg i Sveio i 1909. Dei fekk fem søner og fire døtrer, fødde i tidsrommet 1910-1924.
Same året dei gifta seg, kom dei til Skjåk i Gudbrandsdalen, der dei vart verande i to år. Førsund var lærar i Holmork skule og organist i Skjåk kyrkje. Det var nå Sigurd Førsund lærde Tore Ørjasæter å kjenne, og han komponerte tonen til Vestland og eit anna av dikta til lyrikaren. Ørjasæter hadde nyss fått gjeve ut sine to fyrste diktsamlingar, i 1908 og 1910, og Vestland stod i den andre, I dalom.
Så flytta Førsund og familien til Lardal i Vestfold (1911-1912), Stord (1912-1913), Etne i Sunnhordland (1913-1914) og Sjernarøy (nåverande Finnøy kommune i Ryfylke) (1914-1919).
Mangeårig yrkesliv og samfunnsengasjement i Etne
Dei kom til Etne igjen i 1919, og Førsund hadde lengste samanhengande tenestetida si der, heilt fram til 1953. Han fekk stilling som lærar og kyrkjesongar på Rygg, og flytta inn i heimen Fredly, som var klokkarbustad.
I Etne engasjerte Førsund seg sterkt i samfunns- og kulturliv. Han sat i heradsstyret og skulestyret og var likningssekretær. I Etne skulestyre var han formann i 13 år. Politisk sokna han til Venstre, og hadde tillitsverv i partiet. Førsund var styremedlem og formann i Sunnhordland krins av Noregs Lærarlag. Han var målmann og var mellom anna styremedlem i Karmsund fylkesmållag. I tillegg til å vere organist i kyrkja på staden, var han kordirigent og dyrka musikkinteressene på fleire måtar.
Lokalhistorikar på sine eldre dagar
Familien flytta til Arna ved Bergen i 1953, der dei vart buande resten av livet. På sine eldre dagar brukte Førsund mykje av tida si på å skrive gards- og ættesoge for Kyrkjebø, saman med broren Adolf Førsund.
Kjelder og litteratur
- Dyrvik, Ståle: Etnesoga. Fjerde bandet. Folket Stødle sokn. Etne kommune 1995. Side 310-311.
- Førsund, A.: Ættebok for Kyrkjebø. Bygdeboknemnda for Kyrkjebø, 1. opplag 1949, oppdatert med tillegg til 1994, 1995. side 142 og 144.
- Norske skulefolk band I, Dreyer forlag Stavanger 1952., red. Karl Bakke, band
- Mæland, Arnfrid: «To korte kvinnehistorier» med supplerande opplysningar på e-post til Hans P. Hosar frå Arnfrid Mæland, april 2013.
- Sigurd Førsund i Historisk befolkningsregister.
- Sigurd Olson i folketelling 1900 for Kyrkjebø herred fra Digitalarkivet.
- Sigurd Olsen Førsund i folketelling 1910 for Skjåk herred fra Digitalarkivet.