Skulehistorie i Fjaler

Skulehistorie i Fjaler skal gi ei oversikt over skulekrinsar, skulehus, skulevegar, statistikk, kjelder og arkiv frå Fjaler kommune si skulehistorie. Målet er å utvide denne artikkelen med mest mogleg fakta. Bidra gjerne med meir informasjon.

I 1816 kom ei ny lov som sa at det skulle skipast ein skulekommisjon for kvart prestegjeld. Det første møtet i Ytre Holmedal vart halde i 3. septermber i 1818, på garden Bjerga. På dette møtet gjorde sokneprest Nicolai (Niels) Nielsen det klart at det fanst ingen skuleklasse, ingen skuleprotokoll, og tre lærarar, som var for lite. I 1820 la Nielsen fram eit framlegg til ''Grundlag for en skoleindretning for Ytre Holmedals præstegjeld.'' Denne skuleplanen vart godkjend året etter, og vart gjeldane til langt ut på 1800-talet.

Det første skulehuset fekk Holmedal og Dale i 1857, og frå 1870-åra vart det bygd skulehus i omlag alle krinsane.

I 1990 kom ei stor kommuneregulering langs Dalsfjorden, då kommunegrensa mellom Fjaler og Askvoll vart lagt etter fjorden: Sørsidebygdene Fure, Grytøyra, Korssund, Våge og Folkestad vart overførde frå Askvoll til Fjaler. Nordsidebygdene Helle, Vårdal, Holmedal, Rivedal og Fossedal vart overførde frå Fjaler til Askvoll, og dei austlegaste grendene på nordsida frå Laukeland til og med Kleppe vart overført frå Fjaler til Gaular kommune.

Oversikt over skulekrinsar

1891 1896

Skulekrinsar

Namn på krins Årstal 1 Årstal 2 Merknad
Lone krins 1891
Gjølanger krins
Bakkebø krins 1891
Tyssedal krins 1891
Strand krins
Øyane krins 1891
Dale/Dingemoen krins
Vassdal krins 1891
Flekke krins 1891
Espedal krins 1891
Bjordal krins (Fjaler) 1891
Espenes krins 1891
Guddal krins 1891
Dingsøyr krins
Heggheim krins (Fjaler) 1891

Krinsar som var ein del av Fjaler, men som no ligg i Askvoll:

Rivedal krins

Holmedal krins

Vårdal krins

Fossedal

Helle

Skuleveg

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Skular og elevtal

Arkiv

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


  Skulehistorie i Fjaler er ein del av prosjektet Skulen min - eit kartleggings- og formidlingsprosjekt om skulehistorie i Sogn og Fjordane. Bli med å bidra med fakta eller forteljingar frå din skule og di skuletid!
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane står bak prosjektet. Alle sider knytt til prosjektet er tilgjengelege i denne kategorien. Les meir på www.skulenmin.no.