Sunndal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. feb. 2008 kl. 21:27 av Olve Utne (samtale | bidrag) (kommenterte ut Q1 her i staden for Smøla kommune)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sunndal
Fil:Sunndal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1563
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Sunndalsøra
Areal 1713.44  km²
Areal land 1653.13  km²
Areal vann 60.31  km²
Folketall 7 119 (2018)
Målform nøytral
Nettside Nettside
Innerdalstårnet ligg i Innerdalen innanfor Ålvundeid.
Foto: «Color line»

Sunndal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunesenter er Sunndalsøra. Kommunen inneheld dei gamle herada Sunndal, Øksendal og Ålvundeid, og dessutan og Ålvundfjord krins av tidlegare Stangvik herad. Kommunen grensar i dag til Tingvoll i nordvest, Surnadal i nord, Oppdal i aust, Lesja i sør og Nesset i vest.

Sunndal har kring 7 500 innbyggjarar; av dei bur kring 4 500 i tettstaden Sunndalsøra.

I arbeids- og næringslivet i Sunndal er det aluminiumsverket som dominerer, med ca 900 arbeidsplassar. Verket vart modernisert i 2004, samtidig som det feira 50-årsjubileum. Det er Norsk Hydro som har eigd aluminiumsverket sidan 1980-åra.

Sjølv om Sunndalsøra er bygd opp omkring aluminiumsverket, er Sunndal kommune òg ein stor landbrukskommune og har ein godt utbygd offentleg sektor.

Sunndalsøra er truleg den staden i Noreg som har størst del av bustadene sine i bustadsamvirket.

Personar frå Sunndal kommune

Mal:Møre og Romsdal Mal:Nynorsk Wikipedia