Tveitenvegen (Sauherad)

Sideversjon per 6. feb. 2023 kl. 15:50 av Rool (samtale | bidrag)

Tveitenvegen på Tveiten mellom Nordagutu og Hjuksebø i Sauherad kommune gjekk sørover frå Nordagutuvegen og enda i ein namnlaus sideveg ved jernbanen like aust for åsen Kyrkjehaug. Han var snaut 2,2 kilometer lang og gjekk i jordbrukslandskap og skog.

Tveitenvegen sett sørover frå Nordagutuvegen.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen hadde namn etter Tveiten-gardane og blei namnsett i 2009.

I samband med samanslåinga av og Sauherad kommune 1. januar 2020 var det to vegar med nesten like namn, Tveitanvegen og Tveitenvegen, og eit måtte endrast. Det blei i 2018 vedtatt å leggje Tveitenvegen i Sauherad til Haugedalsvegen.

Gardar

  • 5, 7: Tveiten, søndre (Opp-Tveiten) (gnr. 123/2)
  • 9, 11: Tveiten (gnr. 123/1)
  • 13: Sundshvaala (gnr. 121/2)
  • 18: Lilletveiten (gnr. 122/2)
  • 24: Sundsvalen (gnr. 121/1)

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Norske gardsbruk, Telemark III, Foyn forlag 2002.
  • Info fra Sauherad kommune: nyeadresser-0822-sauherad.pdf


Koordinater: 59.44919° N 9.32545° Ø