Ånerud (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ungdomshuset Ånerud låg like ovanfor Øyfoss bruk og tilsvarer Ånerud (Fyresdal Gnr. 37/1/12) eller mogleg Gnr.37/63 og samsvarar med adressa Skippergata 19. Tomta kom frå Århus (Fyresdal Gnr. 37/1)

Fyresdal ungdomslag vart skipa 27. januar 1895. Det vart raskt stor aktivitet i laget og tidleg ynskte ein å byggje eige hus. Med stor arbeidsinnsats og tilsvarande store gåver vart huset bygd og kunne innviast 19. oktober 1895. Det var mange slag aktivitetar med mykje folk og ein fann difor raskt ut at det var trong for nytt og større hus. Det vart vedteke å flytte huset litt lenger opp i bakken og bygge på det slik at det vart meir rom. Det vart då Breidablikk.

Bustadhuset Ånerud

I 1908 fekk Olav Gunnarson Bakken leige jordstykket der ungdomshuset hadde stått for 12 kroner årleg. Stove flytte dei hit frå N. Snarteland, truleg frå plassen Solbakken som låg like ovanfor tunet. Han og kona Johanne Rine Joakine Stilluvsdtr. budde her til 1918 då dei fekk Fagerholt. Det var då Knut O. Vaddeli som fekk leige Ånerud. Frå han gjekk huset til Åse T. Gåren for 1800 kroner i 1925. Ho budde her saman med søskenbarnet sitt, Gunhild Gåren, til dei gjekk bort i 1940-åra. Dei dreiv med spinning og strikking.

Det vart fleire som eigde eller leigde Ånerud i komande år til Jørgen Ånison Vik kom heim etter mange år i Canada. Han kjøpte Ånerud og budde der til han flytte til det gamle meieriet. Han reiv den gamle stova som hadde to rom med eit bislag, og hadde inngang frå vegen. Det er mange historiar som knyter seg til folka på Ånerud.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo