Ørnefjødd Der nede (Bykle gnr 6/25)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ørnefjødd Der nede
Alt. namn: Bakken
Rydda: 1939
Utskilt: 1945
Stad: Vatnedalen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 6
Bnr: 25
Type: Småbruk

Ørnefjødd Der nede, som ligg jorde i jorde med Ørnefjødd (bnr 5), vart formelt utskilt derifrå i 1945 med ei landskyld på 9 øre. I praksis hadde det vorte frådela i 1942, då Bjørgulv A. Ørnefjødd dela garden i to halvpartar og overdrog den eine til Dreng T. Bakken. Bruket er matrikulert med namnet Bakken, men dei som bur her kallar det Ørnefjødd Der nede, medan bnr 5 er Der heime.

Dreng hadde kome til Ørnefjødd frå Bakken under Lunden i Valle, gnr 22, bnr 9. Mor hans hadde døytt då han vart fødd, og til han var 6 år gamal var det systrene som tok seg av han. Sumaren 1919 tente systera Tone i Ørnefjødd, og hadde broren med seg. Då ho reiste om hausten, vart ho samd med Tone Bjørgulvsdotter Ørnefjødd om at guten skulle få vera hjå henne. Såleis vart det, og Dreng vaks altså opp her.

Foreldra åt Dreng heitte Tarjei Tarjeisson Bakken og Åse Tarjeisdotter, fødd Trydal (sjå Valle VI, 435). Far åt Tarjei att var son åt Hallvard Olavsson Mule og kona, Tone Olavsdotter, som budde i Oddeskar under Løyland, gnr 27, bnr 8 (jfr. Valle VI, 65).

Såleis var han bror åt Bjørgulv H. Ørnefjødd, som var far åt Tone, og dermed var ho altså syskenbarn med far åt Dreng.

Ingebjørg og Dreng Bakken i brudlaupet til Birgit og Lars Sveinung Tveiten i 1978.
Foto: Gerd Fosse Hovden
Dreng og hestane hans 1965.
Foto: Gerd Fosse Hovden
  • Dreng Tarjeisson Bakken, f 1913, d 2001
g 1935 m Ingebjørg Hallvardsdtr. Glidbjørg, f 1916. Born:
  • Hallvard, f 1935, anleggsarb., g m Oddrun Myreng, busett Skåbu, born:
  • Ingebjørg Anita, f 1966
  • Halldis, f 1971
  • Torgeir, f 1937, gbr., anl.arb., g m Berit Laate Berntsen, sjå Ørnefjødd, bnr 5
  • Åge, f 1939, g 1966 m Gro Jorunn Toresgard, sjå Maurstad, gnr 3, bnr 35
  • Magne Dagfinn, f 1947, vaktmeister, g m Turid Auestad, busett Hovden, sjå Tuftevegen 19-23, gnr 2, bnr 653
  • Geir, f 1955, ug, maskinkøyrar, sjå nedanfor

Ingebjørg er frå Glidbjørg, gnr 16, bnr 11. Foreldra hennes var Hallvard Sigbjørnsson Glidbjørg og kona, Margit Sjursdotter, fødd Vatnedalen.

Dreng bygde stoge i 1944, og hadde nytt uthus ferdig i 1947. Han og Ingebjørg dreiv garden med hest, 5 kyr og kring 20 sauer, til dei slutta med kyr i 1979.

Ingebjørg bur framleis (2006) i stoga frå 1944, medan sonen, Geir Ivar, som overtok bruket i 1980, bygde nytt hus (kårbustad) i 1988.

Det dyrka arealet på bruket er kring 50 mål. Totalarealet på Ørnefjødd, bnr 25 og bnr 5, er ca 12 000 mål.


0941 Bykle komm.png Ørnefjødd Der nede (Bykle gnr 6/25) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Systog Dalen • Neste bolk: Bekkestad