Ambrosius Morseth

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ambrosius Morseth (fødd 1804 i Singsås, død 1852 i Rio de Janeiro) var gardbrukarson og håpefull gullgravar. Han var ein av dei 106 som drog ut 1850 frå Trondhjem for å grava gull.

Liv

Ambrosius vart fødd på Nordstu Forset i Singsås, og var son av Else Berntsdotter Vilmannsøyen (1783-1849) og Bernt Ambrosiusen Morset (1772-1854).[1] Faren Bernt høyrde til ei kjend klokkemakarætt i Singsås, og hadde tenkt å slå inn på å laga stoveklokker, som ætta alt hadde gjort i to generasjonar. I staden vart han klokkestøypar og messingsmed, og laga blant anna matklokker som framleis var vidt utbreidde i Trøndelag og Østerdalen i 1944.[2] Else og Bernt fekk i alt tolv born. Av dei vaks sju opp, og Ambrosius var den eldste av dei som vaks opp.

Ambrosius Morseth budde i Singsås, og gifta seg i 1833 med Kari Eliasdotter Huus (1812-1892). Dei flytta til Verdalen i 1839, men kom heim att og budde saman i Singsås fram til 1850. På denne tida var utvandringa frå Norge til Amerika godt i gang sønnafjells. Ho hadde enno ikkje råka Trøndelag noko særleg, men dette året vart ein ekspedisjon av Trondhjem utrusta for å grava gull i California, der det var funni gull to år tidlegare. Ein av dei 106 håpefulle gullgravarane var Ambrosius Morseth, og dei drog ut med skuta «Sophie» i slutten av oktober 1850.

På nyåret i 1851 kom «Sophie» til Rio de Janeiro, som på den tida var hovudstaden i Brasil. Skipet vart sagt å vera i dårleg stand, og kondemnert, og dei 106 nordmennane sto derfor utan høve til å komma seg vidare. Da kom eit tilbod frå eit koloniseringsselskap av Hamburg om å bli kolonistar lenger sør i landet, i det som er Joinville i dag, og 74 av de 106 nordmennene slo til på dette tilbodet. Morseth var ikkje blant desse, han fekk gulfeber og døydde i Rio de Janeiro i 1852. Enkja og borna fekk berre att «dei tomme kuffertane hans».[3] Enkja Kari vart buande på Forset, der ho losjerte på verkstedsloftet og dreiv som «spinnerske».

Born

Morseth fekk sonen Bernt i 1828 saman med Gjartrud Larsdotter Singsås. Seinare fekk han fem born saman med Kari Eliasdotter:

  1. Bernt, 1834, flytta til Levanger i 1854
  2. dødfødt gut, 1837
  3. Else, 1838, flytta til Levanger i 1855
  4. Kari, 1845-1866
  5. Elias, 1849, flytta til Levanger i 1868

Noter

  1. Rød, side 277.
  2. Hovstad, side 114.
  3. Hovstad, side 115.

Litteratur og kjelder