Arent Berntsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arent Berntsen. Utsnitt frå tittelbladet på Fructbar Herlighed (sjå nedanfor). Koparstikk.

Arent Berntsen (fødd i Bergen 12. mai 1610, død i København 29. desember 1680) var forfattar, offentleg tenestemann og embetsmann, godseigar og forretningsdrivande i Danmark-Noreg. Han er i ettertid mest kjend for sitt store verk Danmarckis oc Norgis Fructbar Herlighed. Dette er dels ei topografisk-økonomisk framstilling av dobbeltmonarkiet, men må fyrst og fremst sjåast som ei handbok i offentleg og privat administrasjon og økonomiforvaltning, særleg kva gjeld jordegods og skatte- og avgiftssystemet. Verket omfattar i hovudsak riksdelane Danmark (den gongen med Skåne, Halland og Blekinge) og Noreg (med Båhuslen), men med meir sporadiske opplysningar også om Slesvig, Holstein, Ditmarsken, Island og Færøyane, og jamvel Orknøyane og Shetland (hjå Berntsen omtala som «Hætland»). Fructbar Herlighed er ei særs rikhaldig kjelde og eit nyttig oppslagsverk, ikkje minst for norsk lokalhistorie. Det er svært ofte referert til Arent Berntsen i Norsk historisk leksikon.

Tittelbladet på Fructbar Herlighed frå 1656. Koparstikk.

Lite og ingenting er kjent om Arent Berntsens familiebakgrunn, oppvekst og utdanning, bortsett frå at han var fødd i Bergen. Han brukte sjølv ofte Bergen som etternamn. Han må ha flytta til Danmark som ung mann, før 1630. I 1639 gifta han seg med Karen Arentsdotter, men vart enkjemann i 1652. I 1653 inngjekk han nytt ekteskap med Mette Lauritsdotter, som levde til 1696. Heller ikkje ektefellenes bakgrunn er kjent, men dei har ganske sikkert tilhøyrt borgarskapet, og neppe dei lågaste sjikta innan denne standen. I fyrste ekteskapet hadde Berntsen seks søner og fire døtre, med den andre kona hadde han sju born. Av dei til saman 17 borna døydde åtte før faren.

Arent Berntsen byrja si administrative karriere kring 1630 i teneste hjå danske høgadelsmenn, fyrst Axel Juul og så hans svigerfar kanslar Christian Friis. Truleg frå 1637 var Berntsen slottsskrivarVarberg slott i Halland under lensherren Iver Krabbe, den seinare statthaldaren i Noreg.

Ved sida av stillinga på slottet byrja Berntsen ei betydeleg privat økonomisk verksemd i Varberg. Mellom anna forpakta han frå 1640 eit kongeleg teglverk. Han forpakta også kongeleg jordegods i området, og skaffa seg dertil privat jordeigedom. Dessutan var han medreiar i eit skip som seinare vart selt til kongen som krigsskip.

I januar 1644, under krigen mot Sverige, flytta familien til København. Berntsen tok borgarskap i byen, skaffa seg byeigedomar og jordegods, og vart i stand til å yte betydelege summar i lån til krona. I 1647 vart han utnemnd til rådstueskrivar i København. I 1650 starta han eit teglverk utanfor byen. Under krigane 1658-1660 finansierte han kaperfart, og kunne på nytt yte kreditt til kongen.

Det var i denne perioden som rådstueskrivar Berntsen utarbeidde Fructbar Herlighed (1650-1656). Noko nemnande forfattarskap elles ser det ikkje ut til å ha vore, men tidlegare (1637) hadde han omsett det tyske religiøse skriftet Manuale de præparatione ad mortem eller Kunsten at døe, (Martin Möller).

Tilhøvet til dei høgaste krinsar i statsstyret vart ikkje mindre nært for Berntsen etter innføringa av eineveldet frå 1660. Mellom anna hadde han oppdrag i fleire viktige kongelege kommisjonar. Han tilhøyrde den øvste sjiktet av København-borgarar, og vart utnemnd til rådmann i 1669, ei stilling han hadde til han døydde i 1680.


Kjelder og litteratur

  • Berntsen, Arent: Danmarckis oc Norgis Fructbar Herlighed, digital utgåve på Nasjonalbiblioteket.
  • Bull, Francis: Artikkel om Arent Berntsen i Norsk biografisk leksikon 1923
  • Nielsen, O.: «Arent Berntsen, Raadstueskriver og Raadmand i København» i Personalhistorisk Tidsskrift 2. rekke 2. bind, København 1887.