Bjørnarå (Bykle gnr 18)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørnarå
Bjørnarå 1.jpg
Bjørnarå Der heime 24.1.2006. Attanfor den gamle stoga skimtar ein det nye huset til Torgeir og Magnhild Bjørnarå frå 1980.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: fyre 1350
Stad: Bjørnarå
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 18
Type: Gardsbruk

Bjørnarågardane ligg der elva frå Bjørnarådalen renn ut i Otra. Her utvidar elva seg til ein stor hyl, og svingar beint søretter. Gardane ligg på nordsida av hylen. Avstanden frå Bykle kyrkje langsetter riksvegen er omlag 10 km. Bjørnarå er den sørlegaste garden i Bykle, så granneeigedomane mot sør ligg i Valle.

Gardsnamnet er greitt nok: Bjørn er 'bjørn', å er 'å', og endinga -ar er ein gamalnorsk genitiv, så tydinga er altså 'elva åt bjørnen'.

Når det gjeld alderen på garden, har me ingen registrerte oldfunn å stø oss til, og gardsnamnet fortel berre at garden iallfall er eldre enn 1350. Om han i røynda er endå mykje eldre, som han godt kan vera, er då vanskeleg å ha noko avgjort meining om.

Fyrste venda ein finn staden nemnd er i bygningsskattelista for Akershus frå 1595, som fortel at Bjørnarå er ein «øydegard» i Bykle, men ikkje gjev opp namn på nokon som bur der. Den fyrste oppsitjaren me får vita namnet på dukkar opp i ei skatteliste frå 1610. Han kjem me attende til om litt.

Garden vart rekna som «øydegard» i skattelistene inntil 1627, då han rykte opp til «halvgard». Skylda på garden sto i 1624 i 2 1/2 hud, men vart i 1647 redusert til 1 1/2 hud (= 6 geiteskinn = 18 kalveskinn = 36 nottungar).

Den udela garden

Lenge var det berre eitt bruk og ein oppsitjar, men på 1640-talet kom det to oppsitjarar i tillegg til han som var der frå fyrr. Desse to åtte då ingenting i garden, og ettersom dei tre var nærskylde, er det rimelegast å oppfatte dei som sambrukarar.

Den fyrste oppsitjaren me får vita namnet på heitte helst Tarjei. Iallfall står det «Torgier» i skattelistene frå 1610 og frametter t.o.m. 1617. Sidan dukkar det stundom opp andre skriveformer. Me kjem straks attende til dette, men fyrst skal med taka med oss det bjørnaråmannen måtte ut med i straffeskatt til kongen i 1615. I den fylgjande opprekninga står dei tinga han synte fram til sorenskrivaren på tinget på Rike hausten 1614 (med verditaksten i parentes):

  • 1 liten messingljosestake (1 ort)
  • 1 2 pund kopar (1 rd 2 ort)
  • 1 koparkjele ( ort)
  • 1 øks (1 1 2 ort)
  • 1 liten stålboge (1 rd)
  • 1 hellebard (1 rd)
  • 1 kyr (3 rd)
  • 1 årsgamal kvige (1 rd)
  • 2 spekalvar (1 rd)
  • 2 sauer og 2 geiter (2 rd)
  • 3 lam og kje (1 rd 1 ort)
  • 2 halvslitne tjeld og 2 halvslitne skinndekken (1 rd 12 skill).

Skrivaren rekna verdet av dei nemnde sakene i hop til 14 dalar 12 skilling. Då rekna han 10 skilling ifrå seg, og då han dela summen på 2 for å finne skatten, fekk han 7 dalar 4 1/2 skill. 1 1/2 pening, så der gav han endå avkall på 11 1/8 skilling. Dette fell inn i eit mønster me har funne fleire stader i straffeskattelista: Der er mykje reknefeil, men om dei slår ut til fyremon for bonden eller for kongens kasse, virkar heilt tifeldig.

Men attende til mannen i Bjørnarå: I 1620 vert han kalla «Thøger», og i 1623 heiter han tilsynelatande noko så rart som «Tjodie». Sidan frametter vekslar det mellom «Thøger» og «Torgier», men i 1650 vert skatteytaren på Bjørnarå kalla «Tyge», og i 1651, som er siste venda me finn han nemnd, heiter han atter «Thøger».

Desse skiftande namneformene reiser spørsmålet om dette i røynda dreiar seg om ein eller fleire personar. I og for seg kan det godt tenkjast at her har vore både ein «Torgier» og ein «Thøger», eller Tjodgeir. Alfred Ryningen tykkjest ha oppfatta det såleis, for i Vallesoga (VI, 161, 191) er det fortalt om ein Tjodgeir Bjørnarå, som var part i saker i Valle i 1617 og 1621. Dette kunne tyde på at Tjodgeir har avløyst Tarjei som oppsitjar ved dette leitet, og den underlege namneforma «Tjodie» frå 1623 peikar vel i same lei, eller i det minste mot at oppsitjaren på Bjørnarå det året retteleg heitte Tjodgeir.

Men jamvel om dette er ei mogeleg tolking, er det sumt som talar imot henne. Det fyrste er at «Thøger» er oppført som eineeigar på garden i 1645, 1647 og 1651, endå han i 1645 og 1647 dela bruken av han med Svenke og Store-Olav, og i 1651 med Store-Olav og Lisle-Olav. Når me nå veit heilt sikkert at Svenke og dei to Olav-ane var brør, og at far deira heitte Tarjei, er det greitt at det ikkje kan ha vore halde noko erveoppgjer mellom desse brørne i 1651, ettersom «Thøger» då eig heile garden. Dersom «Thøger» hadde vore den eldste av fire brør, og ikkje far til dei tre hine, ville han måtta ha dela både eigedomsretten og bruksretten til eigedomen med brørne då faren (ein eventuell eldre 'Tarjei') døydde.

Det andre er at Svenke, som er brukar av 1/2 hud eller 6 kalveskinn i garden i 1645 og 1647, men ikkje er til stades i 1651, og då tydelegvis har overlate bruken av sin part til Lisle-Olav, i 1662 sel erveparten sin til same Lisle-Olav, og at den parten han då har å selje er på 1 1/2 geitskinn. Eit geiteskinn hadde etter vanleg landskyldrekning på denne tid same verdet som tre kalveskinn, så dei 1 1/2 skinna av Svenke svarar til 4 1/2 kalveskinn. Nå veit me at heile garden var på 18 kalveskinn. Vidare veit me at Svenke hadde to brør, og at der dertil var to systrer. Systerpartane var etter gamal erverett helvta av brorpartane, og med tre brør og to systrer skulle då ein brorpart av 18 kalveskinn verta på 1 1/2 geitskinn. Dermed går reknestykket opp.

«Thøger» i skattelistene var altså far til Svenke, Store-Olav og Lisle-Olav. Om han eigentleg heitte Tjodgeir eller Tarjei kan ikkje avgjerast heilt visst, men om me vel å leggje mest vekt på skriveforma i skøytet frå 1662, heitte han nok Tarjei. Vidare vil me halde fyre at det mest sannsynleg er same mannen ein finn som oppsitjar på garden heilt attende til 1610. Det kunne kanskje likevel hende at her har vore to oppsitjarar på rad, som heitte omlag det same, men dette har me ingen særlege haldepunkt for å tru. Dermed landar me på at anten skrivekarane gjennom åra kalla han «Torgier», «Tjodie», «Thøger» eller «Tyge», så er det same karen dei meiner. At det kan ymse nokså mykje med bokstaveringa i gamle skattelister er elles ikkje noko særsyn. Det som gjer dette tilfellet særleg innfløkt, er at dei ulike skrivemåtane peikar i retning av heilt ulike namn.

Etter den ovanståande drøftinga torer me å sjå bort ifrå dette, når me stiller opp den fylgjande familielista:

  • Tarjei/Tjodgeir Bjørnarå, n 1610-1651, d fyre 1662
g m Åshild Steinarsdotter Flateland. Born, iallfall:
  • Olav (e.), f ca 1614, sjå Der aust, bnr 1
  • Svenke, n 1645-1662, 1662 busett i Lårdal, sjå nedanfor
  • dotter nn, n 1665, g m Lidvard, busett i Telemark
  • dotter nn, n 1665, g m Knut Knutsson Breive, Breive, gnr 1
  • Olav (y.), f ca 1624, sjå Der heime, bnr 2

Av eit erveoppgjer frå Flateland frå 1617 går det fram at «Tjodgeir» Bjørnarå var gift med Åshild Steinarsdotter, som var dotter åt Steinar Gunnarsson Bø og Astrid Ulvsdotter, fødd Åmli. I 1621 var den same «Tjodgeir» ein av partane i ei rettssak mellom syskena av Åshild, som tykkjest ha dreia seg om å få brørne hennes til å punge ut med pengane frå det nemnde erveskiftet. I ei anna sak desse imellom, som ikkje er tidfest, er det likt til at Åshild Steinarsdotter har vore saksøkt avdi ho hadde sett fram påstand om at kona av den eine bror hennes, Torgrim på Flateland, ikkje skulle vera dotter åt han som elles vart rekna for far hennes, så det er ikkje berre i vår tid det kan vera vanskeleg å halde greie på skyldskapen (Valle III 163, 191, 193).

Som nemnt ovanfor var Svenke Tarjeisson sambrukar med faren og broren på garden i 1645 og 1647, medan han i 1651 ikkje var her lenger. Kvar det hadde vorte av han går fram av overdragingsdokumentet han fekk skrive, då han i 1662 selde parten sin i garden til Lisle-Olav. Han var då busett på Dalen i Eidsborg sokn i Lårdals prestegjeld, står det. Venteleg var han gift der, men då han ikkje er nemnd under omtalen av dalengardane i Lårdalsoga (Olav Bakken: Lårdalsoga, Tokke 1977, s. 312-320) - ei elles mykje slumpeskrive bok - kan me ikkje vita namnet på kona hans.

Derimot veit me om nokre born:

  • Svenke Tarjeisson Bjørnarå, d fyre 1664-66
g m ukj. Born, iallfall:
  • Ingjerd, f ca 1644, d 1730, g m Torjus Hallvardsson Øysæ u Metveit, jfr. Fyresdal III, 1164, born, iallefall:
  • Hallvard, g 1723 m Gro Ormsdtr. Viki, jfr. Valle IV, 281
  • Gunleik, f ca 1680, g m Gunvor Ånundsdtr. Bø, jfr. Valle III, 170;
  • Ingebjørg, g m Olav Arneson Torsdalen, jfr Fyresdal III, 1247
  • Olav, f ca 1647, d 1717, ug
  • Alv, f ca 1648, d 1727, ikkje kjend familie, sjå nedanfor

Svenke let seg ikkje finne nokon stad i Telemark eller Setesdal i manntala frå 1664-66, og då er det vel mest truleg at han var død fyre desse vart opptekne.

Om borna hans har me ikkje mykje å fortelje, men sonen Alv vart i 1718 oppskriven som husmann i Berdalen, han skal då ha vore 70 år. I 1723 sto han fram på bygdetinget og baud fram det han åtte til skyldfolka sine, om nokon av dei ville gjeva han foddog. Systersonen, Gunleik Torjusson Bø, gav då avkall på all arv, og sa at for han kunne kven som ville yte foddog til gamlingen (jfr. Valle III, 170). Han døydde i 1727, men kyrkjeboka fortel ikkje kvar han budde då.

Skøytet frå Svenke til Lisle-Olav vart tinglyst 20. februar 1662. Nokre månader seinare, 16. juni same året, let Store-Olav og Lisle-Olav saman lyse ut ei garddelingsavtale seg imellom. Når ein skriv om denne avtala om til nåtidsmål, lyder ho som fylgjer:

Store og Lisle Olav Bjørnarå, som er sambrødrar og bur i Bykle sokn, gjer med dette kjent at ettersom det i noko tid har vore usemje oss imellom om bruken av Bjørnarå-eigedomen, der me båe bur, dette avdi eg, Store-Olav, har vilja reka oppatt det forliket som vart gjort medan far vår livde, så har me nå gjort ei vensameleg kontrakt og avtale oss imellom, slik at kvar av oss heretter med rette kan njote sin del av garden, og det etter dei fylgjande deildemerka:

For det fyrste har me sett ned ein stein ved Bjørnaråni, og sidan stein etter stein beint opp i fjellet, slik at ingen skal ha lov til å hente høy i den hin sine eigner. Så skal då fyrrnemnde Store-Olav ha den austre parten av garden alt til Bergestein, likeeins heile Neset på sudsida av elva og dertil ein åker i Lisle-Olavs eigedom, der ein kan så ei halv tunne korn. Det her kan finnast av rudningsland skal me eige like mykje i. Derimot skal eg, Lisle-Olav, ha den nordre parten av garden, alt nord til gjerdet, og sameleis skal eg ha tre små åkrar nedanfor husa, som ligg innom deildene av bror min, og endå ein åker ovanfor husa.

I Støylsdalen skal kvar ha sin halvpart. Deildemerka går frå Støylsrøysi til Nystøyllii og tvert over dalen til Den store fossen i Bekkedalen, og derifrå til Den feite fura, og frå Den feite fura til Den store Steinen i nordenden av «Omopsen» , og derifrå til nordenden av Den fårlege skora like i austenden av Øvre Torne og vidare beint over fjellet. I den tida då me sit i Støylsdalen, skal ingen av oss koma på eigedomen av den andre med hestar eller fe på beite, og heller ikkje skal nokon av oss fara heim i skogen utan å varsle den hin, slik at kvar kan ha sin veg ferdig.

Endeleg har eg, fyrrnemnde Store-Olav, som er eldste bror, valt meg den kvernestaden som har vore i bruk frå gamalt.

«Dette er me båe vel nøgde med», står det til slutt i garddelingsavtala. Kor nøgd Lisle-Olav var, er likevel uvisst, for 3 år seinare sytte han for å få kaupt ihop ervepartane til dei to systrene deira. Av desse var den eine gift med Knut Knutsson Breive (y.), medan den andre var død, men hadde vore gift einkvarstad i Telemark med ein som heitte Lidvard, slik at det var borna hennes som sto som seljarar i skøytet. I og med denne handelen hadde Lisle-Olav kaupt 2/4 av garden av syskena, og skulle då, om han sjølv også hadde ervt 1/4, sitje med 3/4.

Men etterdi dei to bjørnaråbruka sidan vart rekna jamstore, med ei skyld på 9 kalveskinn på kvart, vil ikkje dette stemme. Helst har jamvekta kome attende i ein seinare handel, som me ikkje har funne spor etter. Det er to jamstore bruk i Bjønnarå frå 1680-talet og til godt utpå 1900-talet.

Desse bruka må då heile vegen ha vore omlag dei same som dei me kjenner som Der aust og Der heime. Ettersom delingsavtala slår fast at eldstebror Store-Olav skulle ha den austre parten, går me ut ifrå at Der aust har vore det gamle hovudbølet, og at Der heime vart dela ifrå for Lisle-Olav. Difor skal me i den vidare framstillinga taka Der Aust fyrst, og så sidan koma attende til Der Heime.


0941 Bykle komm.png Bjørnarå (Bykle gnr 18) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Hestevelt • Neste bolk: Bjørnarå Der aust