Der uppe (Bykle gnr 1/9)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Breive Der uppe (Bykle gnr 1/9)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Der uppe
Alt. namn: Breive Der uppe
Stad: Breive
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 1
Bnr: 9
Breive Der uppe ca 1900. Framme: Olav Alvsson Breive (1837-1903), kona Åshild Hallvardsdotter, f Breive (1855-1937), og dottera Torbjørg (1890-1953), g m Kjetil S. Hovden. Attanfor: Åsne (1881-1957); Margit (1874-1953) og Halvor (1884-1963). Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Der uppe var bruksnummer 9 under Breive i Bykle kommune. I bolken om Utistoga, bnr 6, har me fortalt at det bruket vart dela i 1873, då Olav Alvsson frå Der inne kaupte litt over halvparten av det Mons Knutsson hadde sete med. I 1875 fekk det nye bruket lnr 2 e i matrikkelen, og sidan bnr 9. Landskylda vart sett til 27 skilling.

I den gamle gards- og ættesoga ( 211) les me at det var Mons Knutsson som budde i Der Uppe, og at han «fekk bruket hjå faren Knut Monsson», men det stemmer ikkje. Det er også gale, slik det står i den same boka ( 202) at Olav Alvsson budde i Utistoga, men den feilen er meir forståeleg, ettersom han etter 1893 åtte også det bruket. Men heimen hans var i alle høve her frå 1882, og inntil då budde han i Nordgarden.

Han sette seg opp hus i øvre kanten av det gamle fellestunet, og me reknar med at det var difor bruket vart kalla Der uppe.

Olav Alvsson Breive, f 1837, d 1903

g 1873 m Åshild Hallvardsdtr. Breive, f 1856, d 1937. Born:
  • Margit, f 1874, g 1900 m Olav Gunnarsson Trydal, sjå Åsdokk, gnr 17, bnr 21
  • Knut, f 1877, g 1899 m Birgit Bjørgulvsdtr. Reini, sjå Utistoga, bnr 6, jfr nedanfor
  • Åsne, f 1881, g 1. 1910 m Tomas Jonsson Slettfell, g 2. m Knut Torleivsson Byklum, sjå Solbakken, bnr 15
  • Halvor, f 1884, sjå Bergland, gnr 2, bnr 18
  • Torbjørg, f 7.8.1890, g 1910 m Kjetil Sveinsson Hovden, sjå Hovden Der nede, gnr 2, bnr 1

Åshild Hallvardsdotter var frå Nordgarden, dotter åt Hallvard Hallvardsson Ørnefjødd på det bruket, og kona, Åsne Knutsdotter, fødd Breive.

Olav Alvsson tykkjest ha greidd seg godt. Ettersom han var aktiv på eigedomsmarknaden, men aldri trong å pantsetje dei eigedomane han kaupte, kan ein skjøne at han hadde andre inntektskjelder enn gardsbruket. M.a. dreiv han med driftehandel med kretur, og han var også engasjert i tamreindrift.

I 1867 kaupte Olav og broren Knut halvparten av driftebeitet Veringsdalen, som vart lnr 2 d, sidan bnr 8, hjå Mons Knutsson i Utistoga for 230 speciedalar. På denne tid var Olav endå ungkar, og budde hjå foreldra Alv og Margit i Der Inne. Men i mars 1873 gifte han seg, og månaden etter kaupte han halve Utistoga av Mons Knutsson for 280 speciedalar, og i oktober overtok han Nordgarden hjå verfaren, Hallvard H. Ørnefjødd. Etter dette dreiv han Nordgarden og Der Uppe som ein einskap inntil han i 1882 overdrog Nordgarden til verbroren, Hallvard Hallvardsson for 2400 kr. Same året kaupte han den andre halvparten av Veringsdalen, lnr 2 f, bnr 10, hjå Olav Knutsson i Der sø for 800 kr.

I 1893 gjekk Utistoga på auksjon, og Olav Alvsson fekk tilslaget på det bruket for 800 kr, etter dette kunne han då drive Der Uppe og Utistoga som ein einskap att. 1900 selde han og Anne Salmundsdotter, enka etter broren, som hadde sete med ein fjerdepart, heile Veringsdalen til Juel Lund for 1300 kr. Sonen, Knut Olsson, kaupte den eigedomen attende av Juel Lund i 1911.

Av folketeljinga frå 1875 ser me at Olav og huslyden hans på den tid budde i Nordgarden. Dei sat då med 2 hestar, 7 kyr, 5 ungnaut og kalvar, 26 sauer og lam. Dei sådde 3 tunner bygg og sette ut 3 tunner jordeple i Nordgarden, står det. Her på bruket budde det ingen då, men Olav hadde likevel eit par åkrar her. På desse sådde han tre kvartel bygg og sette ei tunne jordeple.

Når Olav budde i Nordgarden dei fyrste åra han var gift, var det rimelegvis avdi der var hus, men det låg sjølvsagt i korta at Hallvard Hallvardsson, som hadde odelen, skulle overtaka det bruket etter kvart, og me reknar difor med at Olav i andre halvparten av 1870-åra dreiv og husa opp her på bruket med sikte på å flytje hit. Flytjinga fylgde etter at Hallvard kaupte att Nordgarden i 1882.

Jamvel om Olav var dugande i handel, tykkjest han også å ha vore ein snill mann. Hadde han ikkje det vore, skulle han snaut ha halde att småbruket Eldhusåkeren, bnr 5, med ei landskyld på 2 skilling, då han selde Nordgarden, og det berre for å lata morbroren Salmund Knutsson bu der så lenge han livde.

I 1903 tok Olav foddog for seg og Åshild og overdrog «min eiende gaard Breive tilligemed underbrug» til sonen Knut. Det er tydeleg at han då rekna Utistoga som underbruk under Der uppe og ikkje omvendt. Eit anna underbruk var bnr 5 Eldhusåkeren, som Olav som nemnt hadde skilt ut ifrå Nordgarden i 1882. Same året som han overtok sytte Knut for at dei 3 bruka hans vart samanslegne i futens bøker. Då utskiftinga i Breive var ferdig i 1913, fekk han bnr 5 og 9, altså Eldhusåkeren og bruket her, sletta or matrikkelen. Eit par år seinare sette han i gang med å flytje husa sine frå fellestunet og byggje seg eit nytt tun på det nyarronderte Flaten, bnr 6. Sidan budde han der, og me har difor valt å handsama han nærare i bolken om det bruket.

Etter samanslåinga i matrikkelen i 1913 var det ikkje lenger noko bruk som heitte Der uppe i Breive.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Der uppe (Bykle gnr 1/9) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Midbø • Neste bolk: Solbakken