Solbakken (Bykle gnr 1/15)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Solbakken
Breive 46 - HFB I 101.jpg
Solbakken 18.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes (2005).
Stad: Breive
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 1
Bnr: 15

Solbakken er eit småbruk som ligg mellom Nordgarden og Midbø. Det vart formelt utskilt frå Nordgarden i 1928, då det vart tinglyst at Åsne O. Breive hadde kaupt denne parsellen hjå Hallvard Hallvardsson i Nordgarden. I røynda hadde ho og Knut T. Byklum, mannen hennes, båe budd her frå 1920, og Knut iallfall frå 1914. Sidan bruket sto i namnet åt Åsne, set me opp henne fyrst:

Tomas Jonsen Slettfjäll 1882-1911. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Else Tomasdotter (1912–1992). Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Åsne Olsdtr. Breive, f 1881, d 1957

g 1. 1910 m Tomas Matheus Jonsen Slettfell, f 1882, d 1911. Born:
  • Else, f 1911, g m Knut Auversson Breive, sjå Haugen, bnr 2
g 2. 1920 m Knut Torleivsson Byklum, f 1879, d 1964. Born:
  • Torleiv, f 1922, d 1966, sjå nedanfor

Åsne var dotter åt Olav Alvsson Breive i Der uppe og kona, Åshild Hallvardsdotter.

Me veit ikkje kva foreldra åt Tomas Jonsen heitte, men han tykkjest ikkje ha vore nærskyld dei andre samane me høyrer gjete i Bykle. I fylgje kyrkjeboka var han fødd i Vilhelmina sokn i Västerbotten i Sverige, og ettersom han vert oppført med reingjetar som yrkesnemning, reknar me med at han arbeidde for Breive Reindriftssamlag. Det kan tenkjast at han er identisk med den Tomas Jonsson frå Vilhelmina som vart fødd 11. mai 1882 i Susendalen i Hattfjelldal kommune av foreldra John Tomasson Slettfjell (f 1850) frå Susendalen og Elisabet Andrietta Larsdotter (f 1852) frå Lappmarken.[1] Tomas og Åsne budde hjå far hennes i Der uppe det året dei var gifte. Sidan budde ho truleg hjå broren på Flaten til ho gifte seg omatt med Knut T. Byklum i 1920.

Knut var frå Utistog Byklum, son åt Torleiv Drengsson Byklum og kona, Anne Hallvardsdotter, fødd Røysland. I Norges Bebyggelse står det at stoga i Solbakken vart oppsett i 1914, og me reknar med at det må ha vore Knut som bygde henne, etterdi han alt tre år tidlegare hadde skrive kontrakt med Hallvard Hallvardsson Breive om å leige Solbakken. Så gifte han seg, som ovanfor fortalt, med enka Åsne i 1920, og 7 år seinare fekk dei kaupe bruket.

Kvifor det var ho som vart oppførd som eigar i skøytet, og ikkje han, eller båe, veit me ikkje. Men bruket vart i dagleg omtale kalla Breive Post, avdi Knut var postberar, og bar posten frå Byklum til Hovden i mange år. Han hadde også postberinga til gruva ved Langevatn 1910-13, og på nytt i 1918 (jfr. Kultursoga 1993, 87 ff). På grunn av arbeidet sitt vart han gjerne omtala som Knut Post, fortelst det (n.v., 282). Men bruket var ikkje berre «Post», det var også telefonstasjon, og Åsne var telefonstyrar i mange år.

Knut J. Byklum og sonen Torleiv K. Breive i ovnskroken i Solbakken ein kald vinterkveld i 1963.
Foto: Gerd Fosse Hovden

Torleiv Knutsson tok over bruket etter foreldra, og sat med det nokre år, men så døydde han i ei drukningsulukke.

Torleiv Knutsson Breive, f 1922, d 1966, ug

Då Torleiv døydde, ervde Knut og Else i Haugen bruket, og i 1996 sønene deira etter dei. Trygve Breive og kona Asbjørg budde her inntil dei flutte åt Haugen i 1999. Frå same året er Kåre Åge Breive, den yngste av brørne, eineeigar her. Han er busett i Asker.

Fotnotar

  1. Tomas Jonsson på Kråken.se; Elisabet Andrietta Larsdotter på Kråken.se.


0941 Bykle komm.png Solbakken (Bykle gnr 1/15) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Der uppe • Neste bolk: Bjåen