Ersvik (Aure)
Ersvik | |
---|---|
Fylke: | Møre og Romsdal |
Kommune: | Aure |
Gnr.: | 201 |
Type: | matrikkelgard |
Postnummer: | 6590 |
Ersvik (uttale /'e:rsvi:ça/ (nominativ/akkusativ), /'e:rsvi:çen/ (dativ); slektsnamnet blir oftast uttala /'ærs:vi.k) er ein matrikkelgard på innersida av øya Tustna i Aure kommune på Nordmøre. Garden grensar til Hals i aust og Sør-Halsnes i vest. Fjellvaldet går opp til skardet mot Gullsteinsdalen.
Namnet Ersvik
Gardsnamnet er skrive Eriisuig (1559), Erißuigh (1590), Erßuiig (1643), Erichwigen (1667), Erridsvig (1723) og Erritsvig (1817).
Eiriks vik?
Ein skrivemåte som antydar ein k-lyd finst i Erichwigen (1667), og Oluf Rygh tolkar da òg namnet som ei samansetjing med mannsnamnet Eirikr.
Morgonsola?
Vika og gammeltunet på garden er særprega ved at dei ligg inntil ein åsrygg og eit høgdedrag mot nordvest som gjev ly, men òg lokal ettermiddagsskygge. Om dette er namnegrunnlaget, så kjem førsteleddet heller frå sørsamisk aereds- (utt. /æ:reds-/), jf. aeredsbahkoe, ‘morgonbakke, bakke med ettermiddagsskygge’ , noko som passar godt med fem av dei seks eldste skrivemåtane av namnet, deriblant alle dei tre frå føre 1667.
Andre hypotesar
Bildegalleri
- Gravsteinen over Hans Eriksen Ersvik ved Gullstein kyrkje: «HANS ERIKSEN ERSVIK / födt 23de mai 1823 / död 18de april 1908 / Reddet 16 mennesker i havsnöd. Dit minde leve!»Foto: Olve Utne (2015).