Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artiklene
Jordbruksvatninga på Østre Toten tok så smått til i mellomkrigsåra, då grønsaksdyrkarane i Totenvika la ned vassledningar og pumpa opp vatn frå Mjøsa. På slutten av 1960-talet kom dei fyrste felles vatningsanlegga, og i 2010-åra kan om lag 40.000 dekar jordbruksareal vatnast. Dette utgjer over 1/3 av det samla jordbruksarealet i kommunen og heile 9 % av det samla vatna arealet i Norge. Åkervatninga på Toten kom med elektromotoren og vasspumper med stor kapasitet. Men behovet for vatning har vori her støtt, avhengig av jordsmonn, kva ein dyrkar og varierande nedbør frå år til år. Graset treng vatn etter fyrsteslåtten, for å få i gang att veksten så det blir god avling av håa. Potetene lyt ha vatn utpå seinsommaren, når knollane tek til å vekse. Og skal du vera sikra ei god grønsakavling, lyt det vatn til. Forsommartørken, tørkeperioden vi ofte har føre jonsok, har frå gammalt ofte vori skjebnesvanger for avlinga både av korn og av andre vekster. Les mer …
Mathilde Berendsen Nathan (f. 10. juni 1857 i København, d. 22. februar 1926 i Italia) var ein pianist og klaverkomponist av dansk-jødisk bakgrunn. Ho var gift med grosserar John Nathan og dei budde i Kristiania frå 1884 og fram til noko etter 1916. Mathilde Berendsen Nathan var blant dei meir populære norske komponistane i tida kring 1900. Ho skreiv i seinromantisk stil med eit pianoteknisk til tider virtuost preg, men samtidig med vekt på det sangbare og med ein del pedagogisk orienterte stykke. Les mer … Carl Anton Larsen, ofte bare omtalt som C.A. Larsen (født 7. august 1860 på Østre Halsen i Tjølling, død 8. desember 1924 på fangstfeltet i Rosshavet i Antarktis) var skipsfører, havforsker, hvalfanger og selfanger. Han ledet flere ekspedisjoner i Antarktis og åpnet for den norske hvalfangsten i Sørishavet, blant annet gjennom etableringen av landstasjonen i Grytviken på Sør-Georgia som som en forløper for den pelagiske (=på åpent hav) hvalfangsten gjennom ekspedisjonene til Rosshavet.I 1887 hadde Christensen vært med på å stifte selskapet A/S Oceana som sendte ekspedisjoner til de vest-antarktiske øygrupper. I årene 1892-94 var Larsen med som kaptein og ekspedisjonsleder på selfangeren «Jason» på to ferder sørpå for retthval- og selfangst ved De vestantarktiske øygruppene. «Jason» var rigget som bark, og bygget på Rødsværven (senere Framnæs mek. Verksted) i 1881, både verft og fartøy var eid av Christensen. Det ble gjort geografisk pionerarbeid av stor betydning, men det økonomiske utbyttet ble ikke slik at man gjentok dette, men de skulle komme til å få betydning for hvalfangstnæringens utvikling. Dette skyldes at «Jason»-ekspedisjonene observerte store mengder blåhval, finnhval og knølhval i Antarktis og rundt Sør-Georgia. Larsen foreslo derfor å starte kommersiell hvalfangst der. Les mer …
Sigurd Bernhard Røisli (født 25. august 1894 på Østre Toten, død 10. mai 1970) dreiv foto- og radioforretning på Lena på Østre Toten. Han virka også som bygdefotograf. I utgangspunktet var fotograferinga en hobby, men etter hvert ble dette en vesentlig del av utkommet hans. Han etterlot seg et sted mellom 10 000 og 15 000 negativer som spenner over en periode på ca. 50 år, fra litt før 1915 til midt på 1960-tallet. I 2010-åra arbeider sønnen Kjell Røisli med å digitalisere samlinga. I dag henger Sigurd Røislis gamle og velbrukte Leica på veggen hjemme hos Kjell. Som årene gikk fikk den noen tekniske defekter, og de siste årene måtte han supplere med nyere utstyr. Det må vel ha vært mot slutten av 1950-tallet at han skaffet seg en Rolleiflex, noe som betydde et skifte i så vel filmformat som teknologi. I mange år var nok Hasselblad den store drømmen, men det var hinsides det som var økonomisk oppnåelig. Men han ga aldri helt opp Leica’n, selv om den fusket både i lukker og filmframtrekk. Les mer … Heggjeslettune var to små husmannsplassar under Innistog i Bykle, som låg like nedanfor Nystog og Åsen under Torsbu. I dette terrenget renn ein bekk som vert kalla Kvennbekken, og Heggjesletta låg på vestsida av bekken, Plasset på austsida. I sume kjelder finn me nemningane Austre og Vestre Heggjesletta, noko som samstavar godt med fleirtalsnamnet Heggjeslettune. Sidan det langt på veg var dei same folka som budde på dei to plassane, skal me taka dei under eitt. Det fyrste ein høyrer gjete om staden er at Torleiv Åsmundsson Byklum fekk bygsla ein plass kalla «Heggeslettene» på livetida hjå Olav Drengsson i Innistog i 1858. Men Torleiv var ungkar, og mykje på farten, og hadde nok lite både av hug og høve til å vera fastbuande husmann. Difor vart det inntil vidare til at han overlet bruken av verestaden sin til broren, Hallvard Åsmundsson, og faren, Åsmund Olavsson (Berdalen). Me har skjøna det slik at det stykket Torleiv hadde bygsla i 1858 femnde over både Heggjesletta og Plasset, og at broren og faren sidan dela det, slik at Hallvard hadde Heggjesletta medan Åsmund sat på Plasset. Iallfall var det såleis i 1865, les me i folketeljinga frå det året. I folketeljingslista ser me også at han som har skrive henne fyrst har ført opp Torleiv Åsmundsson som husmann på Plasset, men etterpå strika over det namnet, og skrive inn Åsmund Olavsson i staden. For Torleiv, som sat med kontrakta, og såleis formelt var husmannen både på Plasset og Heggjesletta, var ikkje til stades, og kunne då ikkje godt stå som busett her. I røynda heldt han på denne tid til hjå Ånund Torgrimsson Flateland på plassen Haugen under Flateland, bnr 10 (jfr. Valle VI, 201 f), der han var busete og arbeidde som skinnfellmakar, etter det folketeljingslista frå Valle opplyser. Les mer … |
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 428 artikler og 210 426 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. Les mer...
Nyeste sider på Lokalhistoriewiki
Nyeste bilder på Lokalhistoriewiki
|