Oppofte i 1950. Foto: Ukjent
Oppofte er en matrikkelgård i tidligere Feda kommune, nå i Kvinesdal kommune. Gårdens innmark danner en lun gryte innimellom heiene som rager flere hundre meter opp rundt gården. Oppofte har alltid ligget sentralt langs det som skulle bli den vestlandske hovedveg. Gården har vært stormannssete, postgård og vegkryss. I gravhaugen Dæsehaugen er det gjort oldfunn, blant annet da masser fra haugen ble brukt til grusing og oppbygging av hovedvegen.
Innmarka og bosettinga på Oppofte ligger i en nordvendt skråning omkring bekken som renner ut i nordenden av Oppoftsvann. Oppoftsvann strekker seg helt sør til Sæveland i Herad.
Gårdens grenser minner om et parallellogram som strekker seg tvers over gamle Feda kommune, med den gamle kommunegrensa med Kvinesdal kommune og den gamle kommunegrensa med Herad, i dag Farsund kommune, som motstående paralleller. Fra østsida av Oppoftsvatn går grensa et stykke østover til Vareheia, hvor grensa bøyer nordøstover. Fra Vareheia skifter Oppofte med Lande til rett nord for Åljersvatn. Vestover herfra skifter gården med Guse til Gravåsen, før grensa går sørvestover i nesten rett linje til bekken som renner fra Ullandstjødn ut i Oppoftsvann. Les mer …
Risøya er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har i dag gardsnummer 174, og hadde tidlegare gnr. 5 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 176 og gamalt matrikkelnummer 387.
Risøya har kome frå Nedre Kvinlog og grensar dit frå Kvina ved Gaukesteinen og over heia til skiftet med Spikkeland og Øvre Kvinlog. Langs med Kvina går skiftet med Engedal, som har mark tvers ovanfor Risøya på Risøymonen.
Risøya er ei øy i Kvina. Kvinas hovudløp går på austsida gjennom Trollfossen, medan det mindre flaumvassløpet, Risøykvitla, i vest møter Kvednebekkjen ovanfor garden og renn over gardsmarka og ut i Kvina. Dette vassløpet, som hadde større vassføring før reguleringa av Kvina, har danna eit lite delta som utgjer storparten av innmarka på Risøya. Utløpet går ut i ei evje, som mellom anna har gitt namnet til ein av dei nærliggande jordteigane, Einaevja.
Les mer …
Spikkeland i 2019. Foto: Amund Pedersen
Spikkeland er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har i dag gardsnummer 173, og hadde tidlegare gnr. 4 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 175 og gamalt matrikkelnummer 346.
Spikkeland ligg sørvendt inne på heia rett vest for Nedre Kvinlaug, mellom Stølsheia i nord og Buknumsheia i sør. Spikkeland har grense mot Gyland sokn i Flekkefjord frå Kråknuden i nord til Bjorvatnet i sør. Garden grensar òg til Øvre Kvinlaug i nord og Risøya i nordaust.
Spikkeland blei fråflytta under befolkningskrisa i seinmiddelalderen. Han blei ein såkalla øydegard, og låg inn att under Nedre Kvinlaug i fleire hundre år etter Svartedauden. På førstninga av 1600-talet førte dyre krigsutgifter til at Kongen trong fleire objekt å krevja skatt frå. Han gav derfor skattefritak i tre år til personar som dyrka opp att ein øydegard. Spikkeland blei likevel ikkje tatt i bruk att før om lag 1640. Det var gjerne gardane som låg litt vanskelegare tilgjengeleg eller hadde kortare vekstsesong og hardare vilkår, som blei fråflytta først på 1300-talet og folka att sist på 1600-talet.
I 1665 hadde dei ikkje hest på Spikkeland, men fire kyr og seks småfe, alt ifølgje kommisjonen som reiste rundt på gardane. Desse tala skulle leggja grunnlaget for utmålinga av skatten og må i beste fall reknast som eit minimumstal, då bonden hadde interesse av å gje opp lågast mogleg tal. I skiftet etter Eivind Annbjørnsson i 1682 står det likevel rekna opp 8 kyr, 4 ungkyr, 5 kalvar, 26 vaksne sauer og 16 ungsauer, som skulle fordelast på arvingane. Les mer …
Gamlehusa på bnr. 3. Foto: Solveig Helle
Helle, uttales Hedde, er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har gardsnummer 171, og hadde tidlegare gnr. 2 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 173 og hadde gamalt matrikkelnummer 260.
Som spreidd utover – på ei slette på austsida av Kvina, mellom åskammar og knutar – ligg bruka på Helle. Vesterdalsvegen, rodevegen som blei anlagt gjennom Helle i 1899, må gjera ein sving her, rundt Hamaren, ein fjellformasjon som stikk opp midt på sletta.
Gardsgrensa mot vest følgjer Kvina frå Narvestad til Engedal, medan skiftet med Engedal går frå Lundalsfossen i Kvina over Stighommen og Årkleiva til Hommevatnet. Denne grensa blei gått opp i 1662. Den opphavelege grensa gjekk så vidare frå Hommevatnet og sørover i heia til skiftet med Versland og Sinland og deretter rett vest til Narvestad ved Nonansheia.
Helle grensar til Narvestad, Sinland, Borhommen, Årstøl og Knibestøl i sør, til Homme og Åmland i aust, Nedre Kvinlog i vest og Engedal i nord. Les mer …
Gamla huset på Narvestad frå ca. 1930.
Narvestad er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 170. Han hadde tidlegare gnr. 1 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 172 og gamalt matrikkelnummer 316. Narvestad er den sørlegaste av gardane i Vesterdalen i Fjotland sokn. Hovudbølet låg frå gamalt av på vestsida av Kvina, medan nybruk blei reist på elvesletta på austsida av elva midt på 1800-talet.
Slettene på kvar side av elva ligg imot bratte skråningar med Nonansheia i aust og Hoskuldshomheia i vest. Nonansheia markerer grensa til Helle, som ligg omkring garden i nord og aust, medan garden har skogområde heilt inn mot grensa til Gyland sokn i Flekkefjord i vest. I sør grensar garden til Røyseland og Ryggesås, noko som også var den gamle kommunegrensa mellom Fjotland og Kvinesdal kommunar. I nord grensar òg Narvestad til Spikkeland.
Kvednebekkjen renn ut i Kvina ved Narvestad. Følgjer ein denne motstraums nordvest via Ragnhildhola, kjem ein til Narvestadstølen og vidare til Spikkeland. Les mer …
|