Hilmar M. Krohg. Etter ein pastell, truleg av J.Juel.
Hilmar Meincke Krohg (fødd i Trondheim 1. januar 1776, død i Bolsøy, nå Molde kommune 13. august 1851) var jurist, amtmann i Finnmarkens amt, Nordre Bergenhus amt og Romsdals amt, stiftamtmann i Trondheim, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. Han kom frå ein prominent og velståande offisers- og borgarfamilie. Foreldra var oberst Nicolai Frederik Krohg (1732–1801) og Anna Meincke (1743–1823). Som faren var også tre av Hilmars brør, tre av farbrørne og farfaren alle offiserar. Derimot vart ingen av Hilmar Meincke Krohgs eigne fire søner offiser. «Offisersdynastiet» Krohg var grunnlagt av farfaren, Christian Nilsen Krohg (1693-1752), ein bondegut som vart offiser. Mor til Hilmar kom frå det «flensburgske» storborgarskapet i Trondheim. Far hennar var kjøpmann og verkseigar Hilmar Helmer Meincke. Les mer …
N. Schejtli. Miniatyr. Ukjent opphavsperson. Nicolai Schejtli (fødd i Kristiania 24. juni 1753, død i Drammen 4. april 1824) var bergverksfunksjonær, eidsvollsmann og stortingsmann. På stortinget 1818 var han ein del av opposisjonen leia av Peter Flor. Både Schejtli og Flor tilhøyrde eit radikalt, sterkt unionsskeptisk politisk miljø i Drammen.
Nicolai Schejtli er gravlagd på Strømsø kirkegård i Drammen.
På Eidsvoll var det ikkje tvil om at Schejtli tilhøyrde Sjølvstendepartiet, og han vart jamvel omtala som «enrageret Antisvensk». På stortinget i 1818 var han også ein sterk motstandar av unionen, eller iallfall av tendensane til amalgamasjon. Han støtta seg i dette til sin ven frå Drammen, oberst Nicolai Tidemand, som var motstandar av amalgamasjon, om ikkje av unionen som såvoren. Dette gjer Tidemand ganske utførleg greie for i sine etterlatte og seinare utgjevne notatar. Les mer …
17. maisteinen på Snåsa. Foto: Arnt-Erik Selliaas
17. maisteinen på Snåsa er et minnesmerke over Grunnlovsvedtaket den 17. mai 1814, som står på Lyshusberget i Snåsa i Nord-Trøndelag. Den unge studenten og prestesønnen Ole Rynning fra Snåsa var til stede ved avdukingen av Krohgstøtten i Christiania 17. mai 1833, og han lot seg begeistre av Wergeland og av stemningen ellers. Noen måneder seinere var han tilbake på Snåsa. Og han hadde fått en idé.
Ole Rynning var født i Ringsaker på Hedmark 1809 og kom til Snåsa sammen med familien i 1825. Faren, Jens Rynning, var utnevnt til sogneprest på Snåsa, og han var en ekte opplysningsprest. Han var en potetprest i egentlig forstand, for han læret snåsningene å dyrke poteter. Men han var også en lojal tilhenger av Karl Johan, som hadde blitt konge i 1818. Da kongen døde i mars 1844, skrev Rynning i kirkeboka: «Karl Johan er død» − som om han var en del av menigheten. Sønnen Ole hadde en helt annen oppfatning. Les mer …
|