Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artiklene
Rikard Nordraak (født 12. juni 1842 på Fødselsstiftelsen i Christiania, død 20. mars 1866 i Berlin) var komponist og en sentral skikkelse ved inngangen til det som gjerne kalles gullalderen i norsk musikk. Fordi han døde allerede før han hadde fylt 24 år, fikk han ikke skape mange og store verker, som sine samtidige Edvard Grieg og Johan Svendsen, men ble imidlertid en vesentlig inspirasjonskilde for særlig Grieg. Han er mest kjent som sangkomponist, og framfor alt som tonesetter til Norges nasjonalsang, «Ja, vi elsker dette landet», med tekst av hans fetter, Bjørnstjerne Bjørnson (faren var bror av Bjørnstjerne Bjørnsons mor). Les mer …
Lista og Mandals fellesforening starta som eigen krins i 1902 under namnet Lister og Mandals krets. Krinsen var liten samanlikna med dei andre krinsane som vart etablerte kring i Noreg på denne tida. Men Det norske lutherske Kinamisjonsforbund, som krinsen var ein del av, hadde eit omfattande arbeid i denne vesle krinsen. I 1925 vart krinsen slått saman med Kristiansand krets under namnet Agder krets. Røtene til Kinamisjonsforbundet sitt arbeid i denne delen av Vest-Agder fanst først og fremst i Mandal, i krinsen omkring Laurits Nilsen. I 1885 gjekk det ei stille vekking over Mandal. Fleire ungdomar kom med i denne vekkinga. Dei nyfrelste heldt saman i eit lag som sannsynlegvis på vårparten 1890 fekk namnet Misjonsarbeideren. Handeland karakteriserer livet i kamaratlaget slik: «Dei song, bad og las i misjonsblad og i Bibelen.. Men først og sist samtala dei om alt som interesserte dei og var framme i ordskiftet der dei ferdast. Og så gav dei til misjonen.» Henrik Seyffarth var leiaren i dette kristne kameratlaget. Han søkte i 1887 om å bli tatt opp som elev ved Misjonsskulen i Stavanger, men det vart han ikkje. Han ville reise til Kina som misjonær. Les mer … Skarverennet er et turrenn som går langs Hallingskarvet fra Finse eller Haugastøl til Ustaoset i slutten av april. Det ble arrangert første gang i 1974, og siden den gang er antall deltakere mer enn tidoblet. Arrangørene har de siste årene satt et tak på 12 200, noe som først og fremst skyldes begrenset togkapasitet til Finse. Billettene til 2015-rennet ble «klikket bort» i løpet av 19 sekunder. Skarverennet er et av verdens største mosjonsrenn. Det var Håkon Ringdal som fikk ideen til rennet. Som turistsjef i Hol fra 1973 var han opptatt av å trekke folk til reiselivskommunen også utenom høysesongene, og «helse i hvert stavtak» skulle vise seg å bli glimrende markedsføring av kommunen som reisemål. De første to årene var det Geilo turistlag med Ringdal i spissen som sto som arrangører, støttet av idrettslaget og andre frivillige. Fra 1976 overtok Geilo idrettslag arrangementet med Ringdal som viktig støttespiller. Les mer …
St. Peter kyrkje var ei kyrkje på garden Opsvik (tidl. Oksvik) på Stranda i Møre og Romsdal. Kyrkja blei truleg bygd alt på 1000-talet og nemnd som soknekyrkje på 1400-talet. Kyrkja eller kyrkjestaden var i bruk seinast i 1570-åra. Kyrkja og soknet var nedlagt i 1589 då den ikkje er nemnd i kyrkjerevisjonen dette året, men både på 1700 og 1800-talet var det framleis synlege restar etter kyrkja. I 1876 målte Peder Fylling opp kyrkjetufta til 8x10 meter, og ein steinkross hadde stått vest for kyrkja nokre år tidlegare. Delar av tufta etter kyrkja og deler av fundamentet for kyrkjegardsmuren er framleis synleg som såkalla crop-marks, dvs. variasjonar i vegetasjonen. Les mer … John Moses (fødd i Kristiansund 16. april 1781, død i London 29. januar 1849) var kjøpmann, skipsreiar og eidsvollsmann. På byrjinga av 1800-talet var han den leiande forretningsmannen i det velståande handelsborgarskapet i Kristiansund. Han deltok med iver i det sosiale og kulturelle livet i byen, og finansierte mellom anna operaframføringar. Seinare gjekk han konkurs, vart skild frå kona, flytta til England og byrja ein ny karriere som forretningsmann der. På Eidsvoll tilhøyrde Moses den sikraste kjernen av Unionspartiet. Han var elles blant dei som i tydelegast ordelag heilt frå byrjinga gjekk inn for avgrensing av kongemakta til føremon for den folkevalde forsamlinga. Familienamnet, familievåpenet og eit par bibelske førenamn som har vore nytta i slekta, har ført til gissingar om at John Moses hadde jødiske anar. Dei faktiske forhold kan ikkje seiast å vere bringa heilt på det reine, men den relevans spekulasjonane kan ha hatt i ulike samanhengar, er av interesse i seg sjølv. Les mer …
|
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 429 artikler og 210 426 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. Les mer...
Nyeste sider på Lokalhistoriewiki
Nyeste bilder på Lokalhistoriewiki
|