Førde krins (Breim)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Førde krins høyrde til gamle Breim kommune fram til 1964, då vart grenda flytta til Jølster kommune. Førde krins ligg inst i Breimsvatnet. Krinsen finn vi tilbake til 1860 og delte ofte ein lærarpost med Årdal. I 1910 var det berre tre elevar på skulen og krinsen vart nedlagd, elevane måtte då reise på skule i Årdal krins (Breim). Først i 1924 vart skulen teken opp att, og då med berre fire elevar. I 1948 godkjende skuledirektøren 16 veker skule i Førde krins, men gjorde merksam på at skulen ikkje kunne halde fram om ikkje barnetalet auka. Skulen heldt fram til 1965, då vart den slegen saman med Skei krins i Jølster kommune.
Skulehus
Førde skule (Breim)
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Raad | Rasmus | Årdal og Nesstrand (omgangsskule) | 1743 | ||||
Mardal | Anders Kristenson | 1784 | Nessestrand, Årdal og Førde (omgangskule) | Truleg 1801 | Klokkar og skulehaldar i 40 år. Drukna i Breimsvatnet ved Årdalsstranda 1841. | ||
Førde | Krispinus | Høygardane skule, Årdal skule, Førde skule | 1867 | 1879 | |||
Hole | Nils R. | Årdal skule, Førde skule | 1879 | 1886 | |||
Aasebø | Erik A. | Høygardaneskule, Årdal skule, Førde skule | 1886 | ||||
Henden | Gudbrand | Årdal skule, Førde skule | 1894 | ||||
Bjørkelo | Nils | Gåsemyr skule, Teita skule, Førde skule | 1899 | 1910 | |||
Myklebust | Kristi | Førde skule | Hadde halv lærarpost i Førde og halv post som handarbeidslærar under krigen | ||||
Egge | Sigurd | Bergheim skule, Førde skule | 1952 | 1956 | |||
Bogstad | Einar | Førde skule | Siste læraren i Førde krins |
Foto
Kjelder og litteratur
- Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
- Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
- Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
- Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.