Gosen (Bykle gnr 15/64)
Gosen | |
---|---|
Gosen pr 30.6.2006. Foto: Aanund Olsnes
| |
Rydda: | 1979 |
Utskilt: | 1978 |
Stad: | Bykle (Kyrkjebygdi) |
Sokn: | Bykle |
Fylke: | Agder |
Kommune: | Bykle |
Gnr.: | 15 |
Bnr: | 64 |
Type: | Bustadeigedom |
Gosen er tomt nr 5 i Øvre Sarv i Bykle. Tomta gjekk ut frå bnr 11 i 1978, og året etter hadde Bykle kommune ferdig ein bustad her.
Dei som budde her dei fyrste åra var Kjell Pedersen Rise og huslyden hans. Dei er omtala i bolken om den verestaden der dei nå (2006) bur, Kommunebo, bnr 72.
Då dei flutte ut i 1983, vart eigedomen her selt. Kauparane var Bjarne og Solfrid Tveiten, som tidlegare hadde budd i lærarbustaden Notun, bnr 20.
- Bjarne Olavsson Tveiten, f 1942, d 2020
- g 1967 m Solfrid Marie Haugen, f 1944, d 2019. Born:
- Bjørg Sissel, f 1969, lærar, g 1990 m Sigbjørn Knutsson Hoslemo, sjå Hoslemo Haugen
- Lill-Grethe, f 1972, bioingeniør, sjå Myri 3, gnr 14, bnr 70
- Magnus Olav, f 1978, under utd.
Bjarne kom frå Nordgarden Breive, og son åt Olav Pålsson Tveiten på det bruket og kona Ingebjørg, fødd Holen. Solfrid var frå Lurøy i Nordland, og dotter åt Signe og Magnus Haugen. Solfrid var hjelpepleiar og bibliotekar. Bjarne var lærar i ungdomsskulen, og dertil frilansskribent, mellom anna som litteraturkritikar i Fædrelandsvennen. I perioden 1990-2005 var han redaktør i Bykle Radio. Han har også vore engasjert i politikken, og sete i formannskap, kommunestyre og fylkesting, der han representerte SV.
Saman med broren, Per Torleiv, eigde Bjarne Nordgarden Breive, gnr 1, bnr 1.
Gosen (Bykle gnr 15/64) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no. Sjå også: Forside • Føreord • Innleiiing • Litteratur og kjelder |