Haugen (Bykle gnr 4/5)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugen
Hoslemo 24.jpg
Haugen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: 1875
Utskilt: 1890
Stad: Hoslemo
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 4
Bnr: 5
Type: Småbruk

Haugen i Hoslemo i Bykle kommune ligg vestom Nordigard med tunet i omlag same høgde som Nordigardstunet. I utgangspunktet var det plass under det udela Uppigard, det vart busett i 1874 eller 1875, og matrikulert til eit sjølveigande småbruk 15-16 år seinare.

Dei fyrste som budde her var Ånund Sigbjørnsson og familien hans. Han var frå Vatnedalen Der hite, og son åt Sigbjørn Knutsson på det bruket og kona Gunvor Hallvardsdotter, fødd Tveiten.

Hallvard Ånundsson Hoslemo, f 1867, som budde i Valle. Bilete frå ca 1930 i samlinga til Setesdalsmuseet.
  • Ånund Sigbjørnsson Vatnedalen, f 1837, d 1910
g 1864 m Gro Hallvardsdtr. Oddeskar, f 1841, d 1931. Born:
  • Gunvor(e.), f 1865, d 1955, ug, budde saman med Sigrid nedanfor, sjå Åsland, gnr 3, bnr 16
  • Hallvard, f 1867 g 1890 m Margit Olsdtr. Haugebirke, busett ymse stader i Valle, sist på Harstad, gnr 49, bnr 4, born:
  • Gro, f 1890, g Imenes, busett Tønsberg
  • Ånund, f 1891, g 1920 m Targjerd Jonsdtr. Homme, busett Sandnes, Valle, bnr 3
  • Mari, f 1893, d 1894
  • Olav, f 1893, g m Olga, busett Kristiansand
  • Åsmund, f 1897, d 1909
  • Mari, f 1901, d 1909, jfr Valle V, 80
  • Gunvor(y.), f 1870, d 1932, g 1898 m Arne Mikkelsson Rygnestad, sjå Sygard Nesland, gnr 10, bnr 3
  • Tone, f 1872, småbrukarkone, g 1891 m Vetle Olavsson Felland, Mo, busett Haugen under Haugland, Mo, gnr 39, bnr 2, born:
  • Signe, f 1892, g 1921 m Jørgen Jørgensson Underdal
  • Olav, f 1897
  • Ånund, f 1904, jfr Mo bygdebok I, s. 563, 586
  • Ingebjørg, f 1874, g 1911 m Jon Kolbeinsson Vatnedalen, sjå Haugo, Vatnedalen, gnr 6, bnr 2
  • Sigrid, f 1876, d 1956, skifte etternamn til Åsland 1947, ug, sjå Åsland gnr 3, bnr 16
  • Sigbjørn, f 1881, d 1972, g 1915 m Sigrid Olavsdtr. Hoslemo, sjå nedanfor
  • Gyro, f 1883, d 1946, sjå Haugen, Berdalen, gnr 3, bnr 10

Då Gro Hallvardsdotter gifte seg, var ho tenestejente einkvarstad i Trydal. Her fører me henne opp med etternamn Oddeskar avdi foreldra hennes budde på den plassen, gnr 27, bnr 8. Dei heitte Hallvard Olavsson Mule og Tone Olavsdotter, og kom frå Skafså til Valle ca 1843 (jfr Valle VI, 65). Olav, bror åt Gro, budde i Sollid, gnr 13, bnr 38, og er omtala der.

Ånund og Gro døypte dei to eldste borna i Vatnedalen, Ånund vert då kalla bruksmann, og har vel vore medbrukar hjå faren. I 1870 tykkjest dei ha vore busetar i Hoslemo, men i 1872 og 1874 var dei attende i Vatnedalen, og Ånund vert då kalla «husmann». Me trur helst at han då hadde fått feste på Haugen, men at plassen endå ikkje var klar til innflytjing. Men det vart han nok like etter, for i folketeljinga frå 1875 finn me familien som husmannsfolk i Haugen, og sidan vart dei verande her.

Kreturhaldet på plassen i 1875 var 2 kyr og 2 ungnaut, 8 sauer og lam, 12 geiter og kje. Sånaden same året var eit kvartel bygg og 1 tunne jordeple.

Ånund var husmann i Haugen til 1890, men då fekk han plassen utskilt og matrikulert til eit eige bruk, med ei landskyld på 6 øre og bnr 5. Det vart fyrebils ikkje tinglyst noko skøyte, men ettersom han sidan støtt vert omtala som sjølveigar, er det sikkert nok at han har fått kaupe bruket. Avdi plassen vart teken i bruk fyre den formelle delinga av Uppigard i 1881, reknar me med at både Sigbjørn Åsmundsson i Uppigard og Kolbein Hadlesson i Nordigard må ha stått som seljarar.

I 1895 kravde heradskassa auksjon over bruket for ubetala skattar. Ånund fekk sjølv tilslaget for 100 kr, og etter dette hadde han tinglyst heimel. Same året som han kaupte Haugen på auksjon, kaupte Ånund også Myri Berdalen, Gnr 3, bnr 2. Prisen for det bruket var 60 speciar, står det i tinglysinga, endå han då burde vore fastsett i kroner (240 kr). Seljaren var Olav Oddsson Byklum. I 1899 skøytte Ånund Myri over på sonen, Sigbjørn. Sigbjørn overtok også bruket her, men det var ikkje fyrr nest fyre faren døydde i 1909. Både far og son bruka Myri som tilleggsjord, og sat der med kretur om sumrane. Det var meir beite der enn her på bruket.

  • Sigbjørn Ånundsson Hoslemo, f 1881, d 1972
g 1915 m Sigrid Olavsdtr. Hoslemo, f 1891, d 1981. Born:
  • Ånund, f 1916, d 1998, ing., g m Inga Gerd Janson, Gøteborg, busett Gøteborg, ikkje born
  • Olav, f 1917, sjå Myri Berdalen, gnr 3, bnr 2
  • Knut (e.), f 1918, g 1956 m Margit Steinsdtr. Rygnestad, sjå nedanfor
  • Bjørgulv, f 1920, snikkar, g m Ruth Elilla, Tana, busett Bærum, born:
  • Bjørn Sverre, f 1964, busett Arendal
  • Ingebjørg, f 1923, d. 1996, g 1952 m Ånund P. Tveiten, busett Bygland, jfr. Ryningen, gnr 11, bnr 4
  • Hallvard, f 1925, lærar, g m Inger Margaret Olsen, busett Blakstad, Froland, born:
  • Sigbjørn, f 1957, g m Olaug Eppeland, busett Froland
  • Arnulf, f 1961, g m Inger Øye, busett Arendal
  • Oddvar, f 1963, g m Siv Hagane, busett Froland
  • Gro, f 1929, g m Torbjørn Sandnes, d 1985 Bygland, busett Bygland, born:

Sigrid Olavsdotter var frå Nordigard og dotter åt Olav Knutsson Vatnedalen og kona Ingebjørg Tallaksdotter, fødd Hoslemo.

I 1916 flutte Jon K. Vatnedalen, som var gift med syster åt Sigbjørn og budde i Haugo Vatnedalen, bnr 2, vestetter til Vats i Ryfylke. Sigbjørn overtok då eit stykke av eigedomen hans, og denne parsellen har sidan vore ein del av bruket her. Overtakinga vart ikkje tinglyst fyrr mange år seinare, det var i 1971. I dag vert dette stykket kalla Løyningsåsan.

Sigbjørn sette opp ny stoge på bruket i 1917. I 1919 brann løa, slik at også det huset laut fornyast. <Knut sette då opp nytt uthus med fjos og løe. I 1935 bygde han eit nytt eldhus.

Han dreiv bruket med 3-4 kyr og 15-20 sauer, og sat med det til han og Sigrid tok foddog i 1948. Den ovannemnde eigedomen i Berdalen gjekk då til Olav, den nest eldste av sønene, medan bruket her vart overdrege til den tredje sonen i rekkja:

Store-Knut S. Hoslemo ca 1937. Bilete frå Åsmund G. Tveiten.
Margit og Knut Hoslemo ein 17. mai på 1970-talet.
Foto: Gerd Fosse Hovden
  • Knut Sigbjørnsson Hoslemo (e.), f 1918, d 2012
g 1956 m Margit Steinsdtr. Rygnestad, f 1925, d 2014. Born:
  • Sigrid, f 1957, sj.pl. g 1985 m Terje Myklebust, busett Ørsta, born:
  • Knut Andreas, f 1988
  • Anne Marta, f 1990
  • Ingebjørg, f 1958, sekretær, g m Reidar Trydal, sjå Ohmsbu, gnr 15, bnr 51
  • Sigbjørn, f 1961, snikkar, g 1990 m Bjørg Sissel Tveiten, sjå nedanfor

Margit kjem frå Utigard Rygnestad, gnr 24, bnr 17, foreldra hennes var Stein Olsson Dale og kona Ingebjørg Knutsdotter, fødd Løyland (jfr. Valle VI, 335). Ho var sjukepleiar, og arbeidde lenge i Valle. Ho skulle då dekkje både Valle og Bykle, og tok seg fram på sykkel kringom i heile det store distriktet sitt. Etter at det kom eigen lækjar i Bykle i 1977 vart også helsesysterstillinga dela, slik at Margit frå då av arbeidde berre i Bykle. Ho sto i stillinga til ho gjekk av med pensjon utpå 1980-talet.

Knut bygde på stoga i 1950, så ho vart på 8 x 10 meter i to fulle høgder. På tunet sto då, attåt uthusbygningen åt far hans, også eit fjos og ein sauetadde frå Ånund Sigbjørnssons tid. Desse er sidan fjerna. I 1954 vart registrert 3 kyr og 16 sauer i fjoset. Knut har drive med ymist arbeid utanom bruket, tidvis på anlegg og tidvis med hyttebyggjing. På den ovanomtala eigedomen i Løyningsåsan har han eit hyttefelt med 29 festetomter.

I 2001 overdrog Knut bruket her og sameleis parsellen i Løyningsåsane til sonen.

Sigbjørn og Bjørg Sissel med alle borna den dagen då dei døypte yngstemann, og kalla han Vetle. Bilete frå Sigbjørn Hoslemo.
Huset til Sigbjørn og Bjørg Sissel 7.2. 2006.
Foto: Aanund Olsnes
  • Sigbjørn Knutsson Hoslemo, f 1961
g 1990 m Bjørg Sissel Tveiten, f 1969. Born:
  • Sondre, f 1991
  • Magnus, f 1992
  • Mari, f 1999
  • Vetle, f 2004

Bjørg Sissel er dotter åt Bjarne O. Tveiten og kona Solfrid Marie, fødd Haugen (jfr Gosen, gnr 15, bnr 64.) Ho er lærar av yrke. Sigbjørn er snikkar, og driv sitt eige firma. Sigbjørn og Bjørg Sissel sette opp nytt bustadhus noko nedanfor det eldre tunet, og tok dette i bruk i 1991.

Det dyrka arealet på Haugen er kring 25 mål, medan totalarealet vert oppgjeve til 1030.


0941 Bykle komm.png Haugen (Bykle gnr 4/5) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nordigard Hoslemo • Neste bolk: Åsheim

Koordinater: 59.43243° N 7.39183° Ø