Gudbrandsdalslågen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergebrue over Gudbrandsdalslågen, Kjøremsgrende i Lesja, restaurert i 2000.
Foto: Arnfinn Kjelland (2009).
Glommavassdragets nedslagsfelt. Gudbrandsdalslågen i grønt.

Gudbrandsdalslågen, òg kjend berre som Lågen, er ei elv som renn gjennom Gudbrandsdalen i Innlandet i heile dalens lengde frå Lesjaskogsvatnet (611 moh.) i Lesja kommune, og renn ved Lillehammer ut i Mjøsa (123,2–119,6 moh.). Lesjaskogvatnet ligg ved vasskiljet, og renn òg ut i Rauma.

Gudbrandsdalslågen er 204 km lang, og dermed ei av dei lengste elvene i Norge. Ho er 349 kilometer lang om ein reknar fram til samanløpet med Glomma. Kring 85 % av tilførsla til Mjøsa kjem frå Lågen.

Lågen har bielvene Otta, Sjoa, Vinstra, Gausa og Frya. Sistnemdne er på austsida, og dei andre på vestsida. Saman med Mjøsa og Vorma utgjer ho eit sidevassdrag til Glomma.

Meir enn halvparten av tidlegare Oppland fylke drenerer til vassdraget Gudbrandsdalslågen med eit nedbørfelt på 17 509 km². Det er et kraftpotensiale på 12,9 TWh, hvorav 5,9 TWh er bygget ut og 3 TWh er vernet. Kraftproduksjonen og reguleringene samordnet av Glommens og Laagens Brukseierforening.

Ein stor del av vatnet i elva kjem frå smeltevatn i fjellet. Det kalde vatnet gjer Lågen ein særegen grønfarge store delar av året.

Lågen er ein av dei viktigaste gytestadene for lågåsild, og namnet på fisken kjem av den grunn frå Gudbrandsdalslågen.

Flom

Den største kjende flommen er Storofsen i 1789. På det verste stod vatnet i Gudbrandsdalslågen truleg sju meter over det normale. Til saman 72 menneske omkom, og av desse var 61 frå Gudbrandsdalen. Denne flommen raserte mange gardar og førde til utflytting, både frå Østerdalen og Gudbrandsdalen, blant anna til Målselvdalen i Troms ved hjelp av futen i Tromsø og Senjen fogderi Jens Holmboe.

Storflom har det også vore seinare, på forsommaren 1995 gjorde «Vesleofsen» store øydelegginger blant anna på Tretten, der Moksa fann eit nytt løp. I Losna har vassføringa kun vorte høgare ein gong (1938) i dei siste 100 år.

Kjelder og litteratur