Husmenn på Skotholmen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Husmenn på Skotholmen tek føre seg folket på fleire husmannsplassar under Skotholmen i Fedje kommune.

1. Ingemår Simensen f. 1860 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-15f) d. 1889 g. 1883 m. Anna Persd f. 1864 Moldøyna (husmenn 5b) d. 1894 (tub.). Dei sette opp si eiga stove på Skotholmen om lag 1887, dei budde først på Moldøyna som innerstar. Ingemår var fiskar. Dei hadde ikkje jord.

Born: a. Peder Sakarias Ingemårsen f. 1884 d. 1967 g. 1905 m. Agate Nilsd Ådland f. 1881 Samnanger d. 1943, budde i Sulo (gnr 169 bnr 34-3). b. Hans Kristoffer Ingemårsen f. 1886 d. om lag 1909, sjømann/stuert i New York, fekk tub. og døydde i Mexico City, gravlagd der. c. Gjert Ingemårsen f. 1888 d. 1927, kom til USA i 1908, sjøkaptein, bustad Brooklyn i New York, drukna på hamna i New York, g.m. Anna Torine Nilsen Langård f. 1892 Arendal d. 1964, sonen ca. Trygve Ingeman Langård Ingemårsen f. 1921 Arendal d. 1998 kom frå New York til Fedje då faren døydde og gjekk på skule her, reiste 1934 til mora i Vancouver, Canada, busett der. Anna oppattgift m. Matt Johnson.

2. Enkja Anna Persd (1) g.2.g. 1891 m. Andreas Iversen f. 1866 Mulen (5b) d. 1917. Han var fiskar.

Born: a. Ida Lovise Marie Andreasd f. 1892 d. 1964 g. 1916 Hareid m. Peder Arthur Bernhard Brandal frå Hareid, Sunnmøre f. 1895 Ålesund d. 1959, maskinist, bustad Bergen, budde nokre år på Mulen etter krigen då han arb. med lysaggregatet. Peder var son til Peter Larsen Brandal i hans 1. ekteskap med Anna Nikoline Sørensd, sjå Mulen (5f). b. Tilla Andreasd f. 1894 d. 4 md gl.

3. Enkjemannen Andreas Iversen (2) g.2.g. 1895 m. Anna Bertina Helena Kristensd f. 1866 Sylta, Radøy d. 1897 Sylta av nyrebetennelse, 3 veker etter sonens fødsel (jf Radøyb. I s 385). Anna var søster til Johan Rognsvågen (gnr 167 bnr 3-2), sjå meir der.

Barn: a. Klement Olai Andreassen Iversen f. 1897 d. 1915, vaks opp hjå morforeldra på Sylta, reiste til sjøs som fyrbøtar i 1914 med D/S «Jamaica» frå Bergen til Newport, truleg i Wales. Han omkom saman med resten av mannskapet då båten forliste ved Porto i Portugal nyttårsdag.

4. Enkjemannen Andreas Iversen (2, 3) g.3.g. 1900 m. Marie Jakobine Larsd Måseide f. 1871 Borgund, Ålesund d. 1958 (dotter av Lars Eriksen f. 1827 d. 1917 og Johanna Olsd f. 1838 d. 1891, jf Borgundb. III s 163)). Marie var g.1.g. 1897 m. Johan Martinus Kristensen f. 1874 Byrknes d. 1898 (tub.), sjå Gulenb. III s 238, dei fekk sonen a. Ludvik Alfred Johansen f. 1897 d. 1926 g. 1926 m. Berta Karlsd f. 1902 Muleide (gnr 169 bnr 7-4a) d. 1970, sjå der. Andreas og Marie flytta stova til Mulen (gnr 169 bnr 14-1) om lag 1906, borna deira er førte der.


Fedje komm.svg Husmenn på Skotholmen er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Skotholmen (Fedje gnr 170 bnr 1) • Neste bolk: Skotholmberget (Fedje gnr 170 bnr 8)