Ivar Wendelbo
Ivar Wendelbo (fødd 4. oktober 1911 i Lærdal, daud 17. mai 1991) var lærar.
Han var son av gardbrukarane David og Anna-Sofie Wendelbo. Etter Stord lærarskule i 1935 tok han 1. avdeling ved Statens gymnastikkskole i 1937 og Statens sløyd- og teiknelærarskule i 1940. Samstundes var han vikar ulike stader i landet, i Bardu i 1935, så i Røyken frå 1936 til 1939 og Stoksund frå 1939 til 1942.
I 1942 fekk han lærarjobb i Vardal, kor han arbeidde i fire år. I 1944 gifta han seg med adjunkt Asta Solberg, som til då hadde verka som lærar i Steinkjer. Ho kom til Gjøvik, fekk jobb på Gjøvik høyere skole, og dei busette seg på Vindingstad med to døtrer.
Ivar Wendelbo fekk jobb på Gjøvik skole i 1946, og var her størstedelen av karrieren. Frå 1958 til 1965 var han òg tilsett ved arbeidsplassen til kona, Gjøvik og Vardal interkommunale høyere almenskole som det no het.
Han døydde i 1991 og er gravlagt på Gjøvik kirkegård.
Kilder
- Ivar D. Wendelbo i folketelling 1920 for Lærdal herred fra Digitalarkivet.
- Ivar Wendelbo i Historisk befolkningsregister.
- «Wendelbo, Asta» i: Ekrheim, Helga Sverdrup, Olav Ekrheim og Håkon Norås (red.): Norges filologer og realister (andre utgave), Stavanger 1950. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 921.
- Bakke, Karl: Norske skolefolk (andre utgave): bind 2, Dreyer forlag, Stavanger 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 1374-1375
- Dehli, Martin (1981). Fra borgerskole til videregående skole: Gjøvik høyere skole gjennom 100 år, s. 141
- Gjøvik historielag: Da klokka klang... - Grunnskolen 250 år : beretning fra skolene i Gjøvik, Vardal, Biri og Snertingdal, 1989. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 128
- DIS-Norge gravminnedatabase