Jo-Andershola
Hopp til navigering
Hopp til søk
Jo-Andershola (uttale: /'ju:ɑɲɛs,hɔɽɔ/, dativ /-ɲ:/), òg kalla Jo Andersso-hola, er ein heller i vesthellinga av åsryggen frå Nauthatten til Bergskallen mellom Nordheim (eldre: Nautan) og Soleim på Stabblandet i Aure kommune på Nordmøre. Hola ligg i utmarka under Soleim, men skal ha fått namnet sitt etter ein Jo-Anders som budde i Nautan og var blant dei siste fredlause på Tustna. Han hadde fleire tilhaldsplassar og gjømmeplassar kring i utmarka på begge sidene av åsryggen, og Jo-Andershola skal ha vore ein av dei. Jo-Andershola ligg godt bortgjømt og er ikkje lett å få auge på for den som ikkje er lokalkjent.