Jo Visdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jo Visdal og kona Marie.
Foto: Ukjent; faksimile fra Nilsen (1979): Blant kunstnere i det gamle Asker.

Jo Visdal (fødd 2. november 1861 i Vågå, død 26. desember 1923 i Asker) var bilethoggar. Han er kjend for ein lang rad portrettbyster, og ikkje minst for portrettrelieffet av kong Haakon VII som frå 1907 prega norske myntar.

Slekt og familie

Jo Visdal var son av bonde John Johnsen Visdal (f. 1827) og Kari Johnsdotter (f. 1831).

Den 26. desember 1900 gifta han seg i Asker med Marie Christiansen (1870–1946), som var dotter til stasjonsmeister Ole Christiansen og Elisa Johnsen.

Liv og virke

Jo Visdal flytta i 1901 inn i den gamle bygningen til Drengsrud skule i Asker.
Foto: Per Sivertsen
Jo Visdal sin statue av Carsten Anker ved Eidsvollsbygningen.
Foto: Siri Iversen (2011).

Jo Visdal starta livet som John Visdal.[1] Då han hadde ein far, ein morfar og ein bror som heitte John kalla dei han Jo, og det namnet vart sittande. Familien budde på Nedre Visdal då han vart fødd. I folketeteljinga 1865 finn vi dei på Øvre Tøftet[2]. Han byrja som treskjerar i Vågå som ung gut. Som nittenåring reiste han så til Kristiania, der han fekk hjelp frå sambygdingen Halfdan Halvorsen og treskjeraren Johannes Odden frå Lom. Dei skaffa han jobb som læregut hos møbelsnikkarmeister H.W. Schrøder. Etter ei tid der slutta han i jobben, og byrja å leve av å skjere trfigurar som han selde gjennom Bennetts reisebyrå.

I 1883 fekk han plass på Den kgl. Tegneskole, og allereie same året debuterte han på Haustutstillinga med ei portrettbyste – same året som Edvard Munch debuterte der. Han vart kjend med Mathias Skeibrok, og budde i lag med Lars Utne ei tid. Han vart også ein nær ven av Edvard Munch, som han lage ein byste av i 1886. Denne fekk han mykje merksemd for, og eit resultat av det var at han fekk eit reisestipend frå Houens legat. I 1888 kunne han reise til Paris for desse pengane.

Han fekk undervisning hos Leon Bonnat, Alfred Roll og Pierre Puvis de Chavanne i Paris. Handverket han lærte der tok han med seg, men den rådande stilen i Frankrike likte han ikkje så godt. Han heldt fast på sitt naturalistiske kunstsyn.

Då han kom heim frå Paris i 1889 laga han ein byste av språkmannen Knud Knudsen, som gjerne vert rekna som det viktigaste verket hans. Han hogg seinare bysta i marmor sjølv. Denne bysta fekk andre til å tinge portrett, og gjorde Visdal til ein av dei mest produktive norske bilethoggarane. Mellom dei han laga byster av var Bjørnstjerne Bjørnson, Karoline Bjørnson, Johan Selmer, Henrik Ibsen, Arne Garborg, Sofie Parelius, Gerhard Armauer Hansen, Jonas Lie og Thomasine Lie. Av andre viktige verk kan nemnast statuen av Carsten Anker ved Eidsvollsbygningen, altertavla i Fagerborg kyrkje (ein kopi heng på Blakstad bedehus i Asker), grupper til utsmykkinga av Nationaltheatret og ikkje minst kongeportrettet til myntane frå 1907.

Visdal flytta i 1901 til Asker, der han leigde det gamle bygningen til Drengsrud skule frå Petra Fougner. Han kom inn i kunstnarmiljøet i Asker, der han vart kjend med folk som Hulda og Arne Garborg og Gustav Wentzel, Wilhelm Rasmussen. I 1908 flytta også Lars Utne til Asker. Frå 1916 representerte Visdal Venstre i herredsstyret i Asker, og han hadde ansvar for den kommunale boksamlinga og dei lokale kinoforestillingane.

jubileumsutstillinga på Frogner 1914 var Visdal formann i juryen og montør for skulpturavdelinga. Han hadde sjølv med fem byster og eit relieff der. I over 25 år var han medlem av Bilden Kunstneres Styre. Han var også medlem av innkjøpskomitéen til Nasjonalgalleriet.

Referansar

Litteratur og kjelder

Jo Visdal: byste av Henrik Ibsen frå 1903, utanfor Ibsenhuset i Skien.
Foto: Elin Olsen (2018)