Jonlea Nordal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jonlea Nordal var motstandskvinne under andre verdskrigen.
Foto: M. N. Horne

Jonlea Nordal Kristensen (fødd 20. mars 1905 i Florø, død 15. mai 1965 i Ålesund) var motstandskvinne under andre verdskrigen. Ho var dotter av Stina og Ananias Nordal, og vaks opp i Nordalshuset i Strandgata 44. Ho gifta seg med Alert Kristensen frå Ålesund, og dei busette seg der. Jonlea endra førenamnet sitt til Lola, og tok etternamnet Kristensen. Begge var aktive i motstandsarbeidet under krigen.

Medlem i XU

I 1943 fekk Lola Kristensen førespurnad om å delta i motstandsarbeid i XU som var den største allierte etterretningsorganisasjonen i det okkuperte Noreg. Det meste av verksemda var hemmeleg til 1988, og framleis er det få opplysningar tilgjengeleg om organisasjonen. Opprinneleg var XU ein del av Milorg, men i løpet av 1941/42 blei den skilt ut som eigen organisasjon og etablert med eigne grupper over heile det sørlege Noreg.

Våren 1942 kom Gestapo på sporet av XU, og mange av leiarane måtte flykte til Sverige. Mot slutten av krigen hadde organisasjonen rundt 500 agentar over heile landet, og mengder av etterretningsinformasjon blei sendt til England. Dette gav dei allierte god oversikt over tyske styrkar i Norge.

Angjevarhotellet i Ålesund

I 1942 overtok det tyske sikkerheitspolitiet Sipo Grand hotell i Ålesund, og dette blei ein samlingsstad for både Gestapo og for norske agentar som skulle infiltrere motstandsarbeidet. Også Rinnanbanden (Sonderabteilung Lola) tok inn her når dei var i Ålesund.

Heimefronten brukte nemninga «angiver-reir» om hotellet, og leinga til XU forsto at det var svært viktig å skaffe seg oversikt over kven som tok inn på hotellet og kven dei traff av lokale folk. Lola, som hadde vore aktiv i motstandsarbeidet sidan 1942, blei kontakta med spørsmål om ho ville bli agent i XU.

Sjølv om dette var særs risikabelt, sa ho ja.  Ved hjelp av arbeidskontoret i Ålesund blei ho tilsett som resepsjonssjef på Grand for å halde oppsikt og rapportere alt ho såg og høyrde.

Den opne og omgjengelege Lola blei fort kjent med gjestane og fekk god kontakt med fleire. Opplysningane ho lokka eller lytta seg til, blei formidla vidare til XU av mannen hennar, Alert. Informasjonen blei så sendt til Oslo, vidare til Stockholm og til slutt til Forsvarets Overkommando i London. På denne måten avslørte Lola fleire av tyskarane sin norske kontaktar og kunne gje opplysningar frå samtalane deira. Ho skjønte godt at jobben kom til å bli ei stor belastning. Det var ikkje berre frykta for å  bli avslørt, men også redselen for korleis folk i by’n kom til å sjå på henne. Det var berre nokre få som visste at ho var med i XU.

Tyskarane begynte etter kvart å fatte mistanke til Lola, og for å beskytte henne blei denne meldinga sendt ut frå London i juli 1944. : «Pass opp for Lola Kristensen, hun er en meget farlig angiverske». Det eine ryktet etter det andre begynte å svirre om kva ho dreiv med. Folk hadde ikkje noko fast å halde seg til, men tenkte at dersom ho var angjevar, måtte ho ha angitt nokon.

Same kveld som meldinga gjekk ut frå London, blei det bestemt at denne informasjonen skulle offentleggjerast i den illegale pressa i Ålesund. Dette styrkte Lola sin stilling overfor både dei norske angjevarane og Sipo, som hadde begynt å fatte mistanke til dobbeltspelet hennar. I byen betydde det at ho fekk stempelet som angjevar.

Lola blei arrestert

Sjølv om Lola kanskje felte nokre tårer over det øydelagde ryktet sitt, var ikkje tida inne for å ta «kanal aust» til Sverige for å reinvaske seg. For dei andre XU-arane i Ålesund var det viktig at «Kari», som ho heitte i gruppa, blei verande der ho var. Spelet måtte haldast i gang. XU var i gang med å rulle opp det såkalla Grande-nettet på Sunnmøre. Grande-nettet var ei eiga gruppe i Rinannbanden som blei leia av Ivar Grande, og som hadde infiltrert mange motstandsgrupper på Sunnmøre.

Lola klarte etter kvart å skaffe namn, signalement og dekknamn på alle dei over 20 medlemmane i Grande si gruppe. Desse opplysningane blei formidla vidare til motstandsgrupper, til etterretningstenesta og til den illegale pressa.

Samstundes gjekk det opp for Lola at både ho og mannen Alert blei skygga. Sipo hadde mellom anna fått tips om at ho skulle ha forbindelse til Englandsfarten frå Ålesund. Ho blei kalla inn til fleire avhøyr, men klarte å forsvare seg. 4. april 1945 blei ho og mannen likevel arrestert, og dei sat fengsla til krigen var slutt.

Snauklipt

Då krigen tok slutt, blei ekteparet først sett fri, men deretter blei dei fengsla på nytt, denne gangen av Heimefronten. Før dette blei Lola utsett for det same som jenter som hadde hatt samkvem med tyskarane måtte gå gjennom: å bli snauklipt.

Det gjekk likevel ikkje lang tid før ho blei slept fri. Det var mange i byen som blei lange i maska då Lola ei tid etter sto på trappa til Grand hotell, iført heimestyrkane sitt armbind.

Ein ettermiddag ei tid etter banka det på Lola si dør. Det var gjengen som hadde dradd henne ut på gata og snauklipt henne. No kom dei for å be om tilgjeving. Så blei ho boren på gullstol gjennom gatene i Ålesund.

Tilbake til Florø

Etter krigen flytta Loa og Alert tilbake til Florø. Dei kjøpte ei av brakkene frå fangeleiren der tyskarane hadde omkring 150 russiske fangar frå 1942 til 1944. Etter å ha levd under sterkt press i krigsåra som tilnærma dobbeltagent, hadde ho, saman med mannen, styrke til å ta over ei tyskerbrakke, flytte den til Ramsdalsheia og bygge den om til kafe og varmestue. Stua blei kalla Trollstova, og blei ein kjent og kjær utfartsplass for folk frå Florø, Naustdal og Eikefjord om vinteren når ein var på «Heia» på ski.

Lola og Alert selde Trollstova til BUL på 1960-talet.

Dei siste åra av livet var Jonlea mykje sjuk. Ho var prega av påkjenningane av det farlege livet ho hadde levd under krigen, som den eine av XU-gruppa sine to kvinnelege medlemmar. Ho døydde i 1965, 63 år gammal.

Kjelder og litteratur

Munnlege kjelder
  • Aslaug Fredheim
  • Marit Skaflestad Hornnes
Skriftlege kjelder