Leira skole
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=Leira_skole.jpg&width=400)
Skulehuset frå 1952.
Foto: Olve Utne
Leira skole er ein skule for 1.-4. årskull, lokalisert på Leira på yttersida av Tustna i Aure kommune. Skulen tilbyr SFO og leksehjelp, og dessutan er førskuleavdelinga av Steinhaugen barnehage lokalisert der.
Ulike skulebygg
Den første skulebygninga på Leira vart bygd i 1875. I 1952 vart det bygd nytt skulehus på staden. Fram til 1960 vart skulen også bruka som lokale for framhaldsskulen på Tustna.
Kjelder og lenkjer
- Eva Berg: Tustna kommune 125 år
- Kenneth Kiplesund: Kulturminneatlas
- Leira skole 60 år
- Nettsidene til skulen