Lurvika handelsstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lurvika er ein gamal handelsstad på Rottøya i Aure kommune. På 1800-talet var Lurvika på mange måtar eit sentrum i Aure. Staden hadde landhandel, gjestgjevari, brennevinsutsal, bakeri, postopneri, telegrafstasjon, lensmannskontor og dampskipsanløp.

Caspar Kahrs Lossius

Caspar Kahrs Lossius (f. 1799) frå Hemne kjøpte Lurvikgarden i 1824. Han starta opp med landhandel og gjestgjevari. Husa som denne verksemda vart dreve i, vart flytta frå Ruøya til Lurvika i 1828. I 1831 vart det bygd ny hovudbygning, og eit hus vart flytta frå Giset til Lurvika. I 1865 hadde Lossius flytt til Bergen.

Krabbefabrikk

Frå 1935 til 1952 (bortsett frå krigsåra) vart det dreve krabbefabrikk i Lurvika.

Stig Cruickshank

I 1994 vart Lurvika kjøpt av tromsværingen Stig Cruickshank. Dei gamle trehusa på staden stod då til nedfalls, og Cruickshank har restaurert fleire av husa og den gamle bryggja. I 2010 vart det starta matservering her (bryggjekro). Under sommarmånadane er staden populær hjå båtfolket, og det blir arrangert mellom anna konsertar/festar.

Kjelder og linkar