Malmvegen 12 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Malmvegen 12
Utskilt: 1978
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 359
Type: Bustadseigedom

Malmvegen 12 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset er mellom dei som ligg lengst ned på Stusslifeltet. Det vart oppsett i 1978 av I/S Øvre Otra for Knut S. Vatnedalen (f 1921, d 1993), til erstatning for at han måtte flytje ifrå huset sitt i Vatnedalen (sjå Brekkeskar, gnr 6, bnr 44) under anlegget. Knut budde her til han døydde i 1993. Omlag 1994 vart huset overteke av Tore og Anne Senum. Det står noko lite meir om henne i bolken om Røyrvikåsen bustadfelt 10, bnr 700. Tore Senum flutte til Grimstad i 1999, men sat med huset her, og leigde det bort, til våren 2004. Då selde han det til dei som bur her nå.

Arvo Jomafjell, f 1962

sb m Esther Johansen, f 1958
Hennes barn:
  • Jeanette, f 1977

Arvo er frå KåvesandMøsstrond, og son åt Laila Jomafjell. Far hennes att var Jacob Jomafjell, som var reingjetar for Byklehei reinsamlag på 1960-talet. Esther er frå Tjønnegrend i Vinje, og dotter åt Willard Johansen og kona Anne, fødd Tjønn. Arvo arbeider som maskinførar for Uleberg Transport og Maskin, medan Esther er butikkmedarbeidar på ICA Hovden.


0941 Bykle komm.png Malmvegen 12 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Malmvegen 6-8-10 • Neste bolk: Malmvegen 14

Koordinater: 59.55691° N 7.36184° Ø