Malmvegen 1 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Malmvegen 1
Utskilt: 1977
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 358
Type: Bustadseigedom

Malmvegen 1 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette er eitt av dei nedarste husa i Stusslifeltet, midt imot Busstasjonen. Margit K. Bjåen kaupte tomta av kommunen, og bygde hus her i 1977.

Margit Knutsdotter Bjåen, f 1900, d 1992, ug

Margit var dotter åt Knut Bjørgulvsson Bjåen og fyrste kona, Tone Torbjørnsdotter, fødd Breive. Ho arbeidde i yngre år på kafe og hotell i Oslo. Sidan dreiv ho ei rekkje sumrar med geitehald og ysting i Lislefjødd. Ho leigde geiter, 50 til 100 kvar sesong, på Vestlandet, tok dei med båt til Fjære, og dreiv dei derifrå til fjells. Ein seinare periode var ho kokke på Falconbridge i Kristiansand. Men då ho nærma seg 50 år, fekk ho hug til å prøve seg for seg sjølv att. I 1949 kaupte ho difor Hartevasstøylen av Jorunn Hovden, og bygde etter kvart turisthytta Hartevassbu, som sto ferdig til å taka imot gjester i 1960. Her dreiv ho då og tok imot turistar i full pensjon inntil 1977. Då selde ho turisthytta, og sette seg, 77 år gamal, opp huset her, og budde her sidan inntil ho på slutten hamna på bygdeheimen.

Broren Sjur, som hadde hjelpt henne med å drive turisthytta nokre år, budde saman med henne her, og då ho flutte på bygdeheimen, vart han med dit. Det er fortalt ein del meir om Sjur i bolken om Bjåen Su i stoga.

Huset her vart i 1992 overteke av systera Sigrid Jeiskelid (sjå Nordli, gnr 2, bnr 18), som budde her nokre år. Sigrid døydde i 2001. Brordottera Anne B. Bjåen, f 1933, som har vore overjordmor i Drammen, overtok huset med sikte på å flytje hit i 2002.

Margit Bjåen i 1922. Frå Åsne S. Bjåen via Ingebjørg Vegestog.
Turisthytta Hartevassbu, som Margit Bjåen bygde mot slutten av 1950-åra.
Foto: Aanund Olsnes (2005).


0941 Bykle komm.png Malmvegen 1 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Fredtun • Neste bolk: Malmvegen 3

Koordinater: 59.55827° N 7.35903° Ø