Mulevegen 3 (Fedje gnr 168 bnr 335)

Mulevegen 3 er ein bustadeigedom, opphaveleg eit næringsbygg, i Fedje kommune.

Mulevegen 3
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 335
Adresse: Mulevegen 3

1. AS Fedje Senter sette opp forretningsbygg i 1985 på tomt frådelt gnr 168 bnr 1 og gnr 168 bnr 3 året før. Bygget vart leigt ut til Fedje Handel AS, stifta av Rolf Rognsvåg (Kopper gnr 168 bnr 61-4) og Terje Storemark (Husøyna gnr 168 bnr 327). Selskapet dreiv landhandel her, butikkane på Kopper gnr 168 bnr 61 («Filialen») og Kremmarholmen gnr 169 bnr 6 («Holmen») vart samstundes nedlagde. Frå 1986 var dette den einaste daglegvareforretningen på Fedje. I 2. høgda leigde likningskontoret lokale, det vart seinare nedlagt. Butikken vart flytta til Muren (gnr 168 bnr 47) i 2016.

2. Fedje kommune fekk skøyte i 2019. Bygget var ombygd til 6 husvære for utleige. Utebuer vart sette opp.

Leigetakarar

Mulevegen 3A

3. Harry Wiken f. 1926 d. 2019 g. 1956 m. Margaret Hopland f. 1933 d. 2022, budde før i Vika (gnr 168 bnr 152-1), sjå der. Ho flytta til sjukeheimen.

Bustaden vert nytta av legane som er tilknytte legekontoret frå 2021/2022.

4. Kristine Borgemyr f. 1979 Mosterhamn på Bømlo, busett der, kommuneoverlege.

5. Yngve Kiserud f. 1978, bustad Bergen, kommunelege.        

6. Geirmund Olav Furnes f. 1975 Bygstad i Gaular, bustad Voss, kommunelege.

7. Kristin Synøve Ruenes f. 1980, bustad Vennesla, kommunelege.

Mulevegen 3B

8. Marie Karlsen f. 1935 Eriksen, Husa (gnr 168 bnr 50-1b), budde før på Kremmarholmen (gnr 169 bnr 62-2), sjå der.

Mulevegen 3C

9. Ingrid Ophaug f. 1931 Eriksen, Husa (gnr 168 bnr 50-1a), budde før på Svena (gnr 168 bnr 121-1), sjå der.

Mulevegen 3D

10. Andreas Andersen Sæbø f. 1995 Knarvik i Lindås, lærar, flytta hit i 2019, samb.m. Sofie Storemark f. 1996 frå Husøyna gnr 168 bnr 437-1a. Seinare bustad Bergen.

11. Ellinor Rognsvåg f. 1936 Storemark (gnr 172 bnr 96-lb), flytta hit i 2022, budde før i Rognsvågen (gnr 167 bnr 9), sjå der.

Mulevegen 3E

12. Marie Moldøy f. 1933 Snekkevik, Fjell, budde før i Moldøyna (gnr 170 bnr 6-16), sjå der.

Mulevegen 3F

13. Andreas Hagen f. 1978 g. 2002 m. Ragnhild Kvanneid f. 1980, begge frå Kristiansand, der dei budde før. Begge tilsette på Feddie Ocean Distillery.

Born: a. Simen Andreas Hagen f. 2001. b. Vetle Kvanneid Hagen f. 2010. c. Mari Kvanneid Hagen f. 2013.


  Mulevegen 3 (Fedje gnr 168 bnr 335) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Mulevegen 6 (Fedje gnr 168 bnr 239) • Neste bolk: Stormarkvegen 17 (Fedje gnr 168 bnr 352)