Rasmus Blikken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rasmus Blikken.
Foto: Ukjent

Rasmus Blikken (fødd i Skjåk 21. april 1872, død i Åsnes 4. april 1961) var lærar, småbrukar, organisasjonsmann og politikar. Det meste av sitt yrkes- og samfunnsliv verka han i Åsnes kommune i Solør, Toverud krins.

Bakgrunn, oppvekst og familie

Han var oppvaksen i Nørdre Blikka, den gongen husmannsplass under Bakke i grenda Reppen i Skjåk. Foreldra var Lars Torkjellsen Blikken (fødd 5. juni 1877) og Eldri Olsdotter Mallaug (fødd 1832). Faren var skomakar i tillegg til at dei dreiv plassen, slik det framgår av folketeljinga 1875. Rasmus var den yngste av fire sysken.

Rasmus Blikken gifta seg den 20. august 1902 med Petrine Marta (Petra) Bjørneset (fødd 23. juli 1871, død 4. april 1970). Ho var dotter til gardbrukarparet Anne Elisabet Mortensdotter og Ingebrigt Andreas Pedersen på Innafyrgarden-Henrikgarden av Bjørnaset i Kilsfjorden, nåverande Volda kommune. Rasmus og Petra vart kjende med kvarandre i Ålesund. Dei fekk fem born:

  • Lidvard Blikken (fødd 1903), overrettssakførar
  • Inge Agmar Blikken (fødd 1905), agronom
  • Eldrid Blikken (1907-1927)
  • Arne Egil Bjørneset Blikken (fødd 1910), heradssekretær i Sør-Odal
  • Ragnhild Undis Blikken (1914-1992), kjend skeiselaupar

Yrkesgjerning og samfunnsengasjement

Rasmus Blikken tok lærareksamen ved Stord lærarskule i 1900. Han var fyrst lærar på Lesja i to år, før han søkte og fekk lærarstilling i Åsnes kommune, fyrst på Finnskogen, frå 1909 ved Toverud skuleFlisa, der han vart verande til han gjekk av med pensjon. Familien budde på lærargarden Nordre Toverud, som dei fekk kjøpt av kommunen i 1943. Blikken var medlem av Avgangsprøvekomiteen i 20 år, derav 16 år som leiar. Han var også formann i lærarlaget (i Åsnes?). Også utanom det yrkesfaglege var Blikken sterkt samfunnsengasjert. Politisk var han venstremann, og formann i Åsnes venstrelag. Han stod likeins i spissen for Åsnes småbrukarlag og Åsnes kooperative handelslag. Som samvirkemann var han også styremedlem i Hedmark kooperative distriktsforeining i 16 år.

Kjelder og litteratur