Saamund Bergland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Saamund Bergland og kona Mathilde med dei tre borna Olaf, Anna og Konstanse.
Foto: Ukjend / Notodden historielag

Saamund Bergland (1881-1978) var fødd på husmannsplassen Plassen under Nordigard Skrede i Hauggrend, Fyresdal kommune, og vaks opp på husmannsplassen Bergland under Tveiten i same grend. Foreldra var Olav Torkjellson Vatnedal (1843-) frå Sirdal, i 1875 gift med Anne Såmundsdatter Nedrebø (1842-1895) frå Neirebø, ein plass under Folsæ (Fyresdal gnr. 93). Dei fekk fylgjande born: Torkjell f. 1875, Guro f. 1877, Saamund (1881-1978), Birgit f. 1884 og Nils f. 1887. Saamund vart døypt på ettersumaren i 1881 av prost Jon Laurits Qvisling.

Husmannsguten

Plassen

Like nord for tunet på Skræi Nordre (Fyresdal gnr. 91) vart Plassen rydda kring 1840 då Knut Olavson og kona Gunhild Halvorsdatter flytte hit frå Heggtveit, ein plass under same garden, litt lenger nord. Ei tid i 1880-åra hadde Olav Torkjellson Vatnedal og kona Anne Såmundsdatter Plassen, men seinare var her ikkje folk. Av og til vart nytta namnet Skreplass, ettersom det er fleire stader i Fyresdal som heiter Plassen. Her var Olav husmann med arbeidsplikt på garden.

På Plassen var ein stovebygning og tilhøyrande uthus. Bygningane var dårlege. Dei hadde ei ku, nokre sauer og geiter. Saamund fortalde lokalhistorikar Alf Mostue på Notodden om tilhøva på Plassen, og Mostue attfortalde dette slik i 1950:

Skreplass var en gammel stue og besto av ett rom, ca. 25 kvadratmeter. Rommet var sparsomt møblert. I sengen og slagbenken var det halm. Over halmen ble det lagt en skindfeld eller ryer. Over seg hadde en enten skindfelder eller ryer. I slagbenken lå Bergland og hans bror. Under sengen var det en skuff som kunde trekkes fram. I denne lå Berglands søstre. I sengen sammen med foreldrene lå en yngre bror. Stua hadde to små vinduer som vendte mot syd og øst. Taket var tekket med never og jord. Det var himling bestående av løse bord. Midt under rommet var det en kjeller. Hver høst ble det pakket jord rundt «grunnmuren» for at det ikke skulle bli kaldt. På hjørnet av stua, mot nord, var det en do.

Det vart laga ei skisse av bygningen på Plassen. Det er to gardar, Skræi/Skrede som ligg på vestsida av Skredevatn. Det var lang og dårleg veg til skulen som var på garden Fossum i sjølve grenda på austsida. Saamund byrja på skule i 1888 og lika seg godt. Lærarane var skikkelege og han lærde fort å lese. Mora abbonerte på «Børnetidende» frå København. Dette var før Hauggrend skule vart bygd 1900. Det var av mange grunnar ikkje godt å bli buande på Plassen.

Bergland

Olav fekk tilbod om å bygsle husmannsplassen Bergland under Tveiten (Fyresdal gnr. 94/1). På denne staden var det berre ei utløe, og jorda måtte brytast opp på nytt. Munnlege kjelder opplyser at dei frå fyrst av fekk bu i eldhuset på Tveiten. Dette er ein gamal bygning. Det vart så satt opp ein stovebygning på Bergland, ein klassisk bygning med to rom, stove og kammers.

Det er fortalt at Guro, som var i teneste nede i Fyresdal, ein sumardag kom oppover dalen på heimtur og såg at no kom det opp stovebygning på Bergland. Då vart ho så glad. Ministerialboka for Veum, 1887-1903, fortel at gift kone Anne Sommundsdatter frå Nedrebø døydde 23. april 1892, vart gravlagd 30. april og jordfesta 5. mai. Hennar bopel var då Bergland under Tveiten, og ho døydde av «mavesykdom». Saamund gjekk då dei 20 kilometrane ned til Moland prestegard for å melde frå om dødsfallet. I 1892 hadde dei altså kome på plass i det nybygde huset med to rom (rom C og A på skissa av huset på Bergland). Mostue attfortel det Saamund fortalde han:

Bergland var en gammel plass og her sto en stue bestående av to rom. Da Berglands foreldre flyttet dit, ble huset bygget om og rommet B og gangen D bygd til. Det ble etter forholdene ganske bra her, større plass og bedre på mange måter. Rommene var ellers spartansk utstyrt og en hadde bare det nødvendigste husgeråd. I sengene var det også halm, dekket enten med skinnfelder eller ryer. Da barna ble såpass at de kunne tjene litt, ble det kjøpt ulltepper. Over seg hadde en enten skinnfelder eller ryer. Det var kjeller under kjøkkenet og her hadde en poteter m. v. Stua ble ombygd i 1895 og står der den dag i dag.

Dette er etter den ombygginga som skal ha vore i 1895. Her hugsar Saamund noko feil, som rimeleg er etter så lang tid. Rom C har og vindaugo på langveggen til venstre for v. 29. I rom D skal dør 25 og trapp 23 vere der det står 26, sørveggen i dette romet er utan opning (sjå foto). Her er ikkje heilt samsvar mellom dei fyrste opplysningane om bygningen og dei siste, men samtidig er det ikkje noko motstridande, berre uklårt: På Bergland var det ikkje stovebygning då dei kom, dei budde i eldhuset på Tveiten medan bygningen med rom A og C vart bygd. Det var denne dei flytta inn i, og dette må ha vore før 1892 då Anne døydde her. To rom vart trongt for ein familie med fleire generasjonar, og det var ei stor lette då det vart bygd til to rom, B og D, etter opplysningane i 1895, og ein hadde då fleire rom å nytte seg av.

På Bergland hadde dei ikkje kyr, etter det Saamund fortel, berre sauer og geiter. Dei slakta ein del om hausten. Elles fiska dei sik i Skredevatn. Denne vart salta ned og nytta utover vinteren. Det vart nytta mykje «amerikansk flesk» fortel han. Dette var kjøtt og flesk som kom i kasser frå Amerika den gong.

Som enkemann dreiv Olav som jordbruksarbeidar og gråsteinsmurar. Han var mellom anna med og bygde dammen i Skredevatn. Han laga også mange murar på gardane i grenda. Dei tok namnet Bergland som slektsnamn. Bruket Bergland vart skylddela frå Tveiten (Fyresdal gnr. 94/1) i 1951 som Gnr. 94/4. Om vinteren hjelpte Saamund faren med tømmerhogst og om sumaren med grøfting og muring. I 1897 fekk han sin fyrste jobb på plassen Rui under Folsæ, hjå bror til Torgeir Vraa. Saamund var på denne tida oppteken av venstre og unionsstrida. Han hadde også stor glede av musikken.

Ein dag på våren 1900 banka det på døra på Bergland. Det var syster til Jon Laurits Qvisling som ville tale med Saamund. Det var nok Signe Andrea Qvisling som var gift på nabogarden Øvre Midtgarden. Prosten reiste frå Fyresdal 1893 til nytt embete i Drammen. I 1900 hadde han fått nytt kall i Gjerpen med prestegard knytt til embetet. Prosten trong ein husdreng. Saamund var nok kjend som dugande, og eit par månader seinare var både han og prosten med familie bufast på Gjerpen prestegard.

Husdreng på Gjerpen prestegard

Prestegarden var eit lite kultursenter i seg sjølv. Her fekk han faste rammer kring livet sitt og han fekk mange impulsar og erfaringar. Prosten, Jon Laurits, var ein grei arbeidsgjevar, men litt svak og rotete og lite til stades i det daglege. Han var vidsynt og gamaldags på same tid. Prostinna, Anna, var sterk og sosial og styrde huset med myndig hand. På sundagar slo ho til med vørterkake og godt smør. Saamund tok med seg kjærleiken til vørterkake resten av livet. Før jul laga ho det beste heimebrygget han nokon gong smaka. Her vart han verande i fire og eit halvt år. Om denne perioden kan ein lese grundige utgreiingar i kjeldene som er nemnd.

Industriarbeidar

Saamund tok fyrst jobb på Skotfoss Papirfabrikk, men så blei det HydroNotodden der han byrja i 1907. Han vart engasjera i fagforeining og politikk og vart etter kvart gift med si Mathilde og fekk eigen heim.

Stortinget 1931-1933

I 1930 gjekk det såpass bra for Arbeiderpartiet i Telemark at to representantar kom inn på Tinget. Saamund var den eine. Han blei ein middels representant, målt i taletid, og sleit litt med å forme innlegga sine. Daglegtala hans var ei blanding av førsdalsk og Notodden talemål, men på talarstolen måtte han prøve å halde seg til riksmålet.

Riksrevisor

I 1936 fekk Saamund brev om å melde seg for formann Lytken i Statsrevisjonen, og han vart då riksrevisor. Lytken var ein trygg sjef med lang erfaring. Dei heldt til på Victoria Terrasse. Saamund var altså vald av Stortinget som ein av dei fem revisorane. Riksrevisjonen heldt stand gjennom alle krigsåra utan at dei makthavande fekk tvinge nokon av revisorane til å gå inn i NS. Det var mykje att og fram. Vidkun Quisling ville helst fjerne dei, men av mange grunnar vart Riksrevisjonen den einaste riksinstitusjonen som ikkje stoppa opp eller blei nazifisert i krigsåra. Saamund heldt fram etter krigen og han vart formann då Lytken døydde. I 1950 melde han frå om at han gav seg, pakka kofferten med vørterkake frå Møllhausen, bibel og salmebok og tok toget heim til Mathilde og Notodden.

Livskunstnar

Han hadde enno 30 år att av si levetid, var sers aktiv på ei rekke område, og bruka mykje tid på seg sjølv og familien. Om dette kan ein og lese rikeleg i nemnde kjelder.

Kjelder og litteratur til utdjuping

  • Arbeiderbevegelsens arkiv, Oslo. Bergland, Saamund. 40. A. 33 ark. Saamund Bergland fortalde og Alf Mostue, Notodden, skreiv ned i 1950.
  • Pladsen i folketellinga 1865 for Moland prestegjeld. Digitalarkivet.
  • Aasland, Arne W. Årbok for Telemark. 2000. Saamund Bergland (1881-1978). Arbeidsmann, politikar og livskunstnar.
  • «Sjå deg attyvi». Fyresdal Sogelag 2011. Saamund Bergland (1881-1978). Teksten byggjer på artikkelen i årbok for Telemark, korta ned og satt om til nynorsk av Astrid Synnøve Ormtveit. Nokre nye opplysningar om Saamund sine fyrste leveår.
  • «Sjå deg attyvi». Fyresdal Sogelag 2007. Saamund Bergland (1881-1978). «Husmannsguten frå Hauggrend som vart riksrevisor». Artikkel i bolken «Husmannsplassar i Fyresdal» av Lars Veum med kjelde årbok for Telemark 2000.
  • Ministerialbok for Veum 1887 – 1903. Digitalarkivet.
  • Marvik, Steinar. Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992.
  • Munnlege kjelder på Bergland, særleg Guro Bergland.
  • "En Industriarbeider", artikkel på Notodden historielag si heimeside. Lenke.
  • Mostue, Alf. Slik var hverdagen. Arbeidsfolk forteller fra husmannskår, anleggstid og kriseår. Notodden historielag. NKS-Forlaget. Oslo 1988. (Alf Mostue - mannen som hentet fram hverdagslivet fra vår nære fortid. Her fra Telemark.)

Biletgalleri