Schive
Schive er ei norsk slekt med danske røter. Namnet kjem frå byen Skive på Jylland, og som stamfar reknast Thorn Ollufsen (omkr. 1500–1560) som var borgar der. Den første frå slekta som kom til Noreg var presten Søfren Thornsen Schive (omkr. 1545–1582). Han skal ha hatt band til Noreg på morssida: morfaren skal ha vore ein Peder Lauritssen som var prest i Finnås, men dette er usikre opplysningar.[1] Slekta har utmerka seg med ein rekkje prestar, ikkje minst Søren Schive (1623–1705), kjend som «den vise Bjellandpresten».
Det fantest óg ei slekt Schive i Trondheim, som tvillaust kan knyttast til den gamle kjøpstaden Skive på Jylland. Derifrå innvandra det ved byrjinga av 1600- tallet fleire ubeslekta personar til Trondhjem. Som familiens eldste kjende medlem reknar ein Lauritz Jenssen Skifve, som etter forstandar Hornemans genealogiske samlingar i Trondhjems Stiftsarkiv, nemnast som rådmann i Trondhjem i 1639 og var gift med Else Christensdatter. Hans son Jens Lauritsen Schive vart eigar av Ila Mølle. Hans son igjen var proprietær Reinholt Johannes Schive. Slekt bestod i flere ledd av rådmenn og prester.
Den eldre Schive-slekta
- Thorn Ollufsen (omkr. 1500–1560), borgar i Skive.
- Søfren Thornsen Schive (omkr. 1545–1582), prest.
- Thorn Søfrensen Schive (omkr. 1580–1634), fogd, rådmann og handelsmann i Stavanger.
- Søren Schive (1623–1705), sokneprest til Bjelland. Kjend som «den vise Bjellandpresten». Gift med Anna Søfrensdatter Godtzen, se slekta Godtzen.
- Peder Sørensson Schive (n. 1688).
- Elisbeth Cecilia Sørensdotter Schive (1667–1706). Gift med sokneprest Jonas Theopheli Schanche, sjå slekta Schanche.
- Margareta Sørensdotter Schive (d. 1738).
- Thorn Sørensson Schive (d. 1738), sokneprest til Søgne.
- Cecilia Thornsdotter Schive (d. 1744). Gift med fetteren Daniel Sørensson Schive (1707–1769), sjå nedafor.
- Søren Sørensson Schive (1668–1737), sokneprest til Bjelland. Gift med Kristina Marie Kirsebom, sjå slekta Kirsebom.
- Cecilia Cathrine Sørensdotter Schive (omkr. 1700–1751).
- Søren Sørensson Schive (1705–1782), sokneprest til Bjelland. Gift med Maren Meldahl.
- Søren Schive (1740–1773), kapellan i Bjelland. Gift 1) med Sophie Magdalena Kierulf, 2) med Johanne Catrine Wiborg.
- Søren Martinius Schive (1771–1827), sokneprest til Ringebu. Gift med Helene Frederikke Dochedal.
- Søren Schive (1795–1876), sokneprest til Tinn og Sørum. Gift med Marthe Marie Arup, sjå slekta Arup.
- Helene Frederikke Schive (f. 1823).
- Elen Dorothea Schive (f. 1824). Gift med sokneprest Thorn Hemsen.
- Søren Schive (omkr. 1825–1865).
- Conradine Schive (f. omkr. 1826).
- Søren Schive (1795–1876), sokneprest til Tinn og Sørum. Gift med Marthe Marie Arup, sjå slekta Arup.
- Søren Martinius Schive (1771–1827), sokneprest til Ringebu. Gift med Helene Frederikke Dochedal.
- Anna Cathrine Schive (1743–1816).
- Søren Schive (1740–1773), kapellan i Bjelland. Gift 1) med Sophie Magdalena Kierulf, 2) med Johanne Catrine Wiborg.
- Daniel Sørensson Schive (1707–1769), sokneprest til Søgne. Gift 1) med kusina Cecilia Thornsdotter Schive (d. 1744), sjå over; 2) med Anna Maria Brodersen.
- Claus Brodersen Schive (f. omkr. 1751).
- Daniel Clausen Schive (f. omkr. 1777), smed i Mandal.
- Jens Danielsen Schive (f. 1815).
- Theodor Schive (f. 1859), handelsmann i Grimstad.
- Edith Schive (1895–1922).
- Eilert Rostrup Schive (1897–1943), provisor.
- Jens Schive (1900–1962), journalist og ambassadør.
- Theodor Schive (f. 1859), handelsmann i Grimstad.
- Jens Danielsen Schive (f. 1815).
- Daniel Clausen Schive (f. omkr. 1777), smed i Mandal.
- Claus Brodersen Schive (f. omkr. 1751).
- Anne Marie Sørensdotter Schive. Gift med kapellan Søren Recken.
- Susanne Sørensdotter Schive.
- Rachel Sørensdotter Schive (d. 1738). Gift med gardbrukar Reier Jonsson Ågedal.
- Karen Sørensdotter Schive (omkr. 1670–1733).
- Søren Schive (1623–1705), sokneprest til Bjelland. Kjend som «den vise Bjellandpresten». Gift med Anna Søfrensdatter Godtzen, se slekta Godtzen.
- Thorn Søfrensen Schive (omkr. 1580–1634), fogd, rådmann og handelsmann i Stavanger.
- Søfren Thornsen Schive (omkr. 1545–1582), prest.
Den yngre Schive-slekta
Den eldste vi kjenner i denne slekta er auditør Johan Conrad Schive (1763–1837), som skal ha vore fødd i København.
- Johan Conrad Schive (1763–1837), auditør i Bergen.
- Claudius Schive (1792–1878), offiser, embetsmann og numismatiker. Gift med Betsy Marie Pauline Delphin, sjå slekta Delphin.
- Jens Christopher Delphin Schive (1839–1918), lærar.
- Jens Henrik Schive (1897–1869), offiser og Milorg-leiar.
- Jens Christopher Delphin Schive (1839–1918), lærar.
- Claudius Schive (1792–1878), offiser, embetsmann og numismatiker. Gift med Betsy Marie Pauline Delphin, sjå slekta Delphin.
Referansar
- ↑ Seland 1976: 10.
Litteratur
- Seland, Søren: Søren Schive : den vise Bjelland presten og slekter før og etter. [Byremo]. 1976. Digital versjon på Nettbiblioteket.