Sund kommune
Sund kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1245 |
Fylke | Hordaland |
Kommunesenter | Skogsvåg |
Areal i km²(2020) | 99,54 km² |
Folketal 2020 | 7085 (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Opphørte | 2020 |
No del av | Øygarden kommune |
Målform | Nynorsk |
Sund kommune låg i Hordaland, og grensa til Fjell i nord, Bergen i aust og Austevoll i sør. Størstedelen av kommunen var på øya Sotra, som var delt mellom kommunane Sund i sør og Fjell i nord. Den 1. januar 2020 vart både Sund og Fjell del av Øygarden kommune.
Det var tre tettstader i kommunen, som alle ligg på Sotra: Hammarsland, Klokkarvik og Tælavåg. Sistnemnde er særleg kjend frå brenninga av Tælavåg, dei hardre represaliane bygda vart utsett for i april 1942. Administrasjonssenteret i kommunen var Skogsvåg.
Fiske er ein viktig næringsveg, for mange i kombinasjon med landbruk. Saue- og hønsehold er vanleg, og man finn óg ein del mjølkeproduksjon. Industrien er for ein stor del knytta til fisket i form av foredling og oppdrett. Det er noko plastvare- og metallvareindustri i kommunen.
Hope trebåtlag og Sund kystlag held til i tidlegare Sund kommune.
Lerøy fyrstasjon var aktivt frå 1855 til 1891.
Haugeheim skule låg på Vorland, og var i drift frå 1960 til 1970.
20. januar 2016 vedtok kommunestyra i Sund, Fjell og Øygarden å slå saman dei tre kommunane. Den nye storkommunen fekk namnet Øygarden.
|
Kjelder og litteratur
Eksterne lenkjer
- Bergens Tidende på Nasjonalbibliotekets nettbibliotek (tilgang i norske bibliotek)