Ungdomshuset Strandtun

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ungdomshuset Strandtun.
Foto: I. Bakk, 2012

Ungdomshuset Strandtun er eit forsamlingshus på Lesund i Aure kommune. Huset var opprinneleg soldatheim på det tyske festningsanlegget Melland fort.

Arbeid for å skaffa hus og tomt

I mai 1946 gjorde UL Havsus og Lesund skyttarlag vedtak om at styra i dei to laga skulle gå saman og utarbeida eit framlegg for å skaffa eit forsamlingshus. Etter kvart vart det m.a. nedsett eit husstyre.

Dei to laga fekk overta den tidlegare soldatheimen frå staten. Men det var vanskeleg å finna tomt til huset. Etter kvart løyste dette seg ved at Sivert Ødegård selde tomt der huset står i dag, sentralt og like ved sjøen.

Demontering, flytting og oppbyggjing

Demonteringa av soldatheimen starta truleg sommaren/hausten 1947. Sentralt i flyttinga av huset stod jernbaneanlegget som tyskarane hadde bygd opp kring festninga.

Huset var først demontert i lemmar, så frakta til jernbanen. Her vart det lasta på traller, og transportert til naustetFinnset. Der vart materialet lasta om bord på ei flåte. Det som ikkje fekk plass på denne flåten, vart frakta på ei stor prame. Flåten og prama vart slepa av to store båtar til tomta der ungdomshuset skulle oppførast.

Størsteparten av oppattbyggjinga av huset vart gjort på dugnad. Dei som hadde ansvar tomteutgraving og grunnmur, fekk betaling for arbeidet. Syforeininga "Lyngblomsten" skaffa ein del av inventaret i huset.

Innviingsfest

21. januar 1950 vart det halde innviingsfest i Strandtun. Huset var fullsett, og på programmet stod: to prologar, festtale ved formann i Nordmøre UL, Ivar Hoel, og teaterstykkjet "No kjem kometen" (omdøypt til "Atombomba"). Festen vart avslutta med dans.

Kjelder

  • Anna L. Melland: Soldatheimen som vart ungdomshuset Strandtun. Tu Aurgjelda, 1998