Veamyrane (Fyresdal)
Veamyrane | |
---|---|
Fylke: | Vestfold og Telemark |
Kommune: | Fyresdal |
Gnr.: | 86 |
Bnr: | 3 |
Veamyrane gnr. 86/3 i Fyresdal i Telemark var opphavleg ein husmannsplass under N. Veum gnr. 86/1 som vart rydda i 1815. Folketeljinga det året kallar plassen Lassemoen, men seinare heitte han Veamyrane.
Det var fleire brukarar her. Gardmannen Svein Sveinungson Veum selde i 1850 N. Veum til broren Petter Veum og fekk i staden feste på Veamyrane og vart buande her resten av si tid. Stovebygningen på Veum brann, og dei hadde ikkje forsikring slik at dei ikkje hadde råd til å bygge ny og difor selde garden.
Far deira var Sveinung Ivarson Fosshøl (1770-1856) frå Brunkeberg som hadde N. Veum og var lensmann i Fyresdal.
Svein Sveinungson N. Veum (1802-1868) var gift med Sigrid Gunnarsdotter Lønnegrav (1808-1905) frå Vrådal. Dei hadde 8 born. Den eldste Jorånd (1827-1901) vart gift 1849 med Bendik Ånundson Rindebakken. Gunhild (1837-1885) flytte til Vrådal 1860 medan Sigrid (1848-1920) vart gift 1879 med Tarjei Ånundson Lurås (1839-1915) frå Mo. Han vart buande på Veamyrane som husmann resten av levetida.
Veamyrane vart skyldsett frå N. Veum Ø. i 1871 og Sigrid Gunnarsdotter fekk skøyte i 1873, men selde same året til Jon Folsæ. Saman med dottera Sigrid (1889-1874) fekk ho bygselbrev på Veamyrane i 1881. Arvingane til Jon Folsæ selde Veamyrane til Fyresdal kommune i 1897.
Gnr. 86/6 Rindebakken vart skilt frå i 1902 og resten av eigedomen vart dela i to.
Gnr. 86/7 Åheim, Veamyrane søndre, vart skild frå i 1913. Det vart laga til ein ny husstad, det gamle tunet var litt lengre sør, og stovebygningen vart flytta dit. På foto frå 1967 ser ein denne stove-kammers bygningen som kjerne i ein større bygning.
Gnr. 86/5 Myrvang, Veamyrane nordre, også kalla Vimyr, var skild frå i 1863. Dette fekk Torstein Jørundson Håkedal frå buet etter Jon Foldsæ. Det var meininga han skulle vere predikant i frikyrkja, men det vart ikkje slik.
Kjelder og litteratur
- Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune, 1992.
- Veamyren i folketeljinga 1865 for Moland prestegjeld frå Digitalarkivet
- Veamyrarne i folketeljinga 1900 for Moland herred frå Digitalarkivet