Ørskog kommune
Ørskog kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1523 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Sjøholt |
Areal | 0 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 0 km² |
Folketall | (2018) |
Målform | nynorsk |
Nettside | Nettside |
Ørskog kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal låg på nordsida av Storfjorden og grensa mot Vestnes, Stordal, Skodje og Sykkylven kommune. Grendene Ramstaddalen, Søvikdalen og Furstranda vart overførde frå Ørskog til Sykkylven i 1955. Ørskog kommunestyre vedtok 24. november 2016 å slutte seg til Skodje, Sandøy og Ålesund og byggje ein ny kommune, «Nye Ålesund». Dette skjedde i samband med Solberg-regjeringa si kommunereform. Ørskog vart 1. januar 2020 innlemma i Ålesund kommune.
Administrasjonssenteret låg på Sjøholt. Dei større bygdene i tidlegare Ørskog kommune er Vågsvika og Vestre. Kommunen hadde berre ei kyrkje, Ørskog kyrkje, som ligg på Sjøholt.
Europaveg 39 går gjennom Ørskog, frå Ålesund i vest, gjennom Sjøholt, mot nordaust over Ørskogfjellet til Vestnes kommune. Frå Vågsvik (Vaksvik) går det mot nord ein grusveg over fjellet, ned Kjersemdalen til Tresfjorden i Vestnes kommune. Denne vegen er smal og vinterstengt.
Rasmus Ingebrigtsson (ca. 1595–ca. 1666) på Myklebust, også kalla «Store-Rasmus», var bondeopprørar og frå Ørskog.
Kjelder og litteratur
Eksterne lenkjer
|