Forside:Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Portal Valdres

Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.
Bagn kyrkje i Sør-Aurdal. I 1963 fekk Johan Hveem viljen sin: Kyrkja vart måla raud, og ikkje kvit.
Foto: John Erling Blad
(2007)

Johan Hveem (fødd 21. september 1879 i Østre Toten, død 11. januar 1973 i Sør-Aurdal) var prest. Han verka lengst i Valdres, som sokneprest i Sør-Aurdal frå 1923 og som prost i Valdres prosti frå 1930 til 1945.

Han var son av Jens Madsen Hveem og Berthe Helene Pedersdatter f. Oustad. Familien budde på Bakkelund før begge foreldra døydde i mai 1893, då Johan Hveem var 13 år gammal. Som 17-åring vart han kontorist hos ein sorenskriver, med bustad hos totningen Anton Halvorsrud i Fredrikstad, og i 1903 tok han artium. Teologistudia fullførte Hveem i 1910.

Som nyutdanna jobba han i Kristiansund, som lærar ved byens høgre allmennskule og som sekretær i ynglingeforeininga. I 1912 fekk han sitt første prestekall, då han vart residerande kapellanHitra. I folketellinga 1920 vart han registrert på prestegarden Hov i Sunndal. Hveem var då sokneprest.

Fra 1923 budde og verka han i Sør-Aurdal, prestegjeldet lengst sør i Valdres. Han tok avskil som prost av helseomsyn i 1945, men vart buande i Bagn. Hveem sette spor etter seg i Sør-Aurdal, ikkje minst i trengselsåra på 1930-talet, då han hjelpte folk med mat og klede og opna prestegarden for snikkaropplæring for gutar. I 1937 sto han i spissen for restaureringa av Bagn kyrkje, og han var pådrivar for nytt bedehus i bygda. I 1991 vart det avduka ei minneplate over Johan Hveem ved Bagn kyrkje.

Hveem var gift to gonger. Den fyrste kona, Marie Dorthea f. Müller, døydde i 1912, like etter at dei gifte seg. Han gifte seg opp att med Marie Elisabet Hveem, og i 1920 hadde ekteparet to born: sonen Jens Kristian (f. 1917) og dottera Anne Marie (f. Hveem). Seinare kom det i hvert fall tre til, Dora, Helene og Berit.

Bibliografi

Kjelder og litteratur

Brattrud
Alt. namn: Brattaruð, Bratrud
Fyrst nemnd: 1454
Stad: Bagn
Sokn: Bagn
Fylke: Innlandet
Kommune: Sør-Aurdal
Gnr.: 23

Brattrud, tidlegare skreve Bratrud, er ein gard i Bagn i Sør-Aurdal. Han ligg i Vestre Bagn på omkring 470 moh.

Namn

Namnet kjem ifølgje Rygh frå norrønt Brattaruð, «brattrydningen»[1].

Historie

Den fyrste skriftlege kjelda som nemner garden er eit diplom datert 7. april 1454, som fortel at Ivar Ivarsson selde ti laupsbol i Brattrud (Brattarudhi) til Hallkjell Thorgilsson[2]. Garden må ha vore eldre enn dette, og namneleddet -rud tyder på norrøn tid. Den ser ut til å ha vorte ein øydegard, som så vart nyrydda tidleg på 1500-talet. Rundt midten av 1600-talet var det to garder, Søre Brattrud og Nørdre Brattrud. Søre Brattrud vart vidare delt i to like deler i 1760, medan Nørdre vart delt i to like deler i 1724. Bruk 1 er eit av dei to frå Nørdre Brattrud.

Utskilde bruk:

Frå Søre Brattrud
Frå Nørdre Brattrud

Eigarar

Garden var i det minste dels i bondeeige i seinmellomalderen, men seinare dokument tyder på at også kyrkje eller kongen eigde part i han. Eigarane var:

  • Ivar Ivarsson: Selde 10 laupsbol i garden i 1454.
  • Hallkjell Torgilson: Eigar (av part?) frå 1454.
  • Håvard Bjørnsson: Selde 10 laupsbol i garden med samtykkje frå kona Gudrun Torbjørnsdotter i 1466.
  • Gunnar Torleivsson: Eigar (av part?) frå 1466.
  • Ukjende eigarar
  • Bjørn Brattrud: Odelsbonde, sonen tok over omkring 1612.
  • Ola og Bjørn Bjørnsson: Søner av forrige eigar.
  • Krona: Eigde 4 skinn i 1647, 1/2 hus i 1667.
  • Reidar Skjaker: Eigde 1 1/2 hud i 1647.
  • Knut Endresson: Oppsitjar og eigar av 1 hud i 1647.
  • Elling øvre Skjaker og medarvingar: 1 1/2 hud i 1667.
  • Svein Reiersson Nerlaus: 1 1/2 hus saman med Elling Skjaker i 1670, selde i 1690.
  • Laurits LauritssonBragernes: Eigde krongodset i 1685, 1/2 hus i Søre Brattrud.
  • Ola Ellingsson Dølve: Kjøpte 1/2 hud i Søre Brattrud av Laurits Lauritsson.
  • Ola Østensson Heie frå Flå i Hallingdal: Kjøpte 1 1/2 hus for 96 rd. i 1690.
  • Amund Olsson: Son av forrige eigar, arvea ein del etter mor si og kjøpte meir i 1714.
  • Harald Ellingsson Torsrud: Kjøpte 1/2 hud i Søre Brattrud for 50 rd. frå arvingane til Ola Ellingsson Dølve.
  • Aslak Hallvorsson: Oppsitjar på Søre Brattrud, kjøpte ut dei andre i 1727.

Etter dette er det samanfall mellom eigarar og brukarar. For brukarar, sjå artiklar om dei einskilde bruka.

Setrer

I 1935 vart følgjande setrer registrert:

Husmannsplassar

Husmannsplassar ein kjenner er:

  • Ranangen: Nemnt i 1720-åra, fråseld i 1763 og fraflytta omkring 1800.
  • Håvardsrud: Panta i 1748, fråseld i 1754, i bruk til slutten av 1700-talet.
  • Haugrud: Plass til 1748, fråseld og vart bruk nr. 6
  • Øvre Brattebakke: Nemnd rundt midten av 1700-talet, utskild i 1903.
  • Bakkin: Nemnt i 1764.
  • Lijordhaugen: Utskild i 1841.
  • Bakkejord: Brukt i siste del av 1800-talet.

Frå matriklar og panteregister

Matrikkel 1647 2 1/2 hus og 4 skinn[3]
  • Oppsitjar Knut [Endresson] 1 hus med bygsel
  • Krona 4 skin med bygsel
  • Reier Skjaker 1 1/2 hus med bygsel
Gammal matrikkel MN 147 med skyld 3 hudar
Matrikkel 1838 MN 20 med skyld 11 skylddaler 2 ort 20 skilling
Matrikkel 1887 MN 23 med skyld 20 mark 91 øyre
Areal og antall bruk 2009

Referansar

  1. O. Rygh, Norske Gaardnavne, b.4, s.225
  2. DN I, nr. 828
  3. Skattematrikkelen 1647 bind IV, s. 74

Kjelder


Eksterne lenkjer

Koordinater: 60.814444° N 9.537222° Ø  Les mer…
Olga Kristoffersdatter, òg omtala som Olga Olsen, (født 21. juni 1886 i Sør-Aurdal, død 1967 i Vestfold) var fotograf.

Ho var dotter av skreddar Kristoffer Olsen (f. 1851 i Sør-Aurdal) og Marit Eriksdotter (f. 1846 i Sør-Aurdal). I folketeljinga 1910 finn vi ho på Øvervold i Sør-Aurdal, der ho budde i lag med foreldra og to systrer. Ho er oppført som ugift fotograf. Ho var utdanna hos J.L. Nerlien i Kristiania og arbeida hos fotograf NesteFagernes. Omkring 1930 leigde ho forretninga til Neste i eit år.

Ifølgje gardshistoria for Sør-Aurdal flytta familien seinare til Vestfold, og Olga opna fotografforretning i Tønsberg.[1] Ho dreiv òg forretning på TeieNøtterøy. Nøtterøy Foto A/S vart kjøpt av Wolfgang V. L. Riedel i 1940.

Referansar

  1. Gjermundsen 1987: 638.

Kjelder

  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Olga Olsen på Digitalt museum.
  • Olga Olsen på KulturNav
  • Skjema Bagn Bygdesamling 03.10.1997
  • Fotografregister : oversyn over ein del av fotografene med tilknytning til Valdres (upublisert manuskript i Preus museum, 2011)
  • Upublisert materiale i Preus museum (2012)
  • Olga Kristoffersdatter i folketeljinga 1910 for Sør-Aurdal herred frå Digitalarkivet
  • Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal: Bind A Reinli og Vestre Bagn, Sør-Aurdal kommune / Valdres bygdeboks forlag, 1987. Digital versjonNettbiblioteket.

Eksterne lenkjer

Advarsel: Standardsorteringen «Kristoffersdatter, Olga» tar over for den tidligere sorteringen «HVEEM; JOHAN».  Les mer…