Lokalhistoriewiki:Hovedside

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 21. nov. 2016 kl. 07:08 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk

Wikien har passert 40.000 artikler! Vi gratulerer Bent Ek og Eiker Leksikon.

Ukas dugnad

Mal:Ukas dugnad intro

Mal:Ukas dugnad 2024-25

Smakebiter fra artiklene

Kultran sumaren 2004.
Foto: Tor Hallvard Mosdøl

Kultran er eit gardsbruk som ligg rett nedanfor Bykle gamle kyrkje. På vestsida er Torsbu og Bykle nye kyrkje næraste grannane, på austsida kjem ein til Juvet, og mot nord ligg Innistog. På sørsida renn Otra.

Namnet Kultran kjem truleg av kult, m, som tyder rund hump eller haug. Kultro er dativforma av Kultran. Difor heiter det «Han bur på Kultro».

Bruket kom fyrst til ved ei deling av Austistog i 1844. Det var Tarjei Oddsson Byklum som då selde denne halvparten til Pål, den yngre bror sin. Tarjei hadde overteke Austistog etter faren, Odd Tarjeisson Røysland, då denne døydde i 1839, men sjølv heldt han på denne tid til i Attistog Gjerden, som han hadde teke på odel frå Åvold Jonsson i 1815. Den halvparten av Austistog som Tarjei sat att med etter 1844, overdrog han i 1847 til Olav T. Bjørnarå, som samstundes overtok Attistog hjå han. Tarjei fekk Bratteland i byte, og flutte dit.

Pål Oddsson sat då eit tak her på bruket, men truleg berre nokre få år frå 1844 og frametter. For etter at Olav T. Bjørnarå overtok Attistog Gjerden og flutte dit, tykkjest Pål å ha bruka heile Austistog. Han må då ha leigd den halvparten han ikkje åtte. I desember 1863 kaupte Pål att parten av Olav, som då budde i Stavenes. Om Pål budde i Austistog eller på Kultro i åra frå 1847 til 1863, er ikkje dokumentert, men etter tradisjonen var han i Austistog det meste av tida, og me har difor plassert den nærare omtalen av han der.   Les mer …

Framnæs i 1899.
Foto: Narve Sørensen

Framnæs Mek. Værksted (også omtalt som som Framnæs mek. Værksted og tidligere kalt Framnæs Skibsværft), var et skipsverft og verksted på Rødstangen i opprinnelig Sandar kommune ved Sandefjord frem til kommunesammenslåing i 1968, deretter i Sandefjord kommune. Det hadde vært skipsbygging i området fra 1816 ved flere mindre verksteder, og da Christen Christensen overtok «Røds­værven» i 1868, kjøpte han også opp de andre verftene «Klavenessverven», «Søebergværven» (etter månedsløytnant, tømmerhandler og skipseier Peder Søberg, død 1863) og «Langestrand» ett etter ett. Han startet Sandefjord Flytedokker A/S i 1884.

2. februar 1885 ble Ole Wegger ansatt som formann, og han ble sittende som leder av virksomheten ved Framnæs helt fram til 1. august 1932 som verkstedets første direktør og var sentral i oppbyggingen av verftet.

I årene fram til 1892 eide Christensen nesten alle eiendommene privat, blant annet «Lyhmanns mek Verksted» eller «Sandefjord mek Verksted» som det da ble kalt, og Christensens bedrift ble kalt Framnæs Mek. Værksted. I mellomtiden hadde han også kjøpt «Kamfjordværven» og «Stubbværven». For å finansiere ombygging av verftet til å kunne bygge stålskrog, omorganiserte Christensen selskapsstrukturen til verftet i 1898 til et aksjeselskap. Sandefjord Flytedokker ble oppløst og de to dokkene ble solgt. Nye dokker ble deretter bygd av verftet og Christensen omskapte de gamle skutevervene til et tidsmessig og moderne skipsbyggings- og reparasjonsverksted for dampdrevne skuter av jern og stål.   Les mer …

Familien Skappel på Skapal i 1893. Simen Skappel nr. 2 frå venstre med foreldra Halvor og Julie nærast på hans venstre side.
Foto: Anton Øhre/Digitalt museum
Simen Skappel (fødd i Ringsaker 7. februar 1866, død i Oslo 15. juli 1945) var agronom, statistikar, landbruks- og lokalhistorikar. Mest kjend i ettertid er han for avhandlinga Om husmandsvæsenet i Norge frå 1922, som framleis er eit standardverk for studiet av emnet. Han stod sentralt i utviklinga av jordbruksstatistikken i dei fyrste tiåra av 1900-talet. Han var fødd og oppvaksen på Skapal, ein av dei største og beste gardane i Ringsaker. Foreldra var gardbrukarparet Halvor Skappel (1829-1906) og Julie fødd Flifleth (Hersoug) (1833-1909). Faren var mellom anna bankmann, ordførar og hadde ei rekkje andre tillitsverv, engasjert i Venstre-rørsla frå 1870-åra. Det er openbert at Simen Skappel må ha hatt mykje erfart kunnskap frå oppveksten både om landbruk og sosiale forhold som skulle kome han til nytte i hans yrkesgjerning.   Les mer …

Ukas artikkel

Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2024-25

Ukas bilde

Mal:Utvalgt bilde 2024-25

Om lokalhistoriewiki.no

Lokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 430 artikler og 210 425 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI.

Les mer...