Helge Fæhn ved lansering av boka Gudstjenesteliv i den norske kirke. Fra Samhold-Velgeren, tirsdag 15. mars 1994.
Helge Fæhn (fødd 13. desember 1918 i Skien, daud 21. oktober 2008 i Sandvika) var professor og doktor i teologi. Han var heilt sentral i utviklinga av dei nye liturgiane som Den norske kyrkja tok i bruk i 1970- og 1980-åra. Fæhn er óg rekna som ein av dei framste liturgihistorikarane i Norden.Han vaks opp i Skien, der han tok examen artium på latinlinja i 1938. Han studerte så teologi ved Universitetet i Oslo og ved Lunds Universitet i Sverige. Han avla teologisk embetseksamen i Oslo i 1945, og praktisk-teologisk eksamen i 1947. Etter nokra månader som hjelpeprest i Furnes prestegjeld vart han knytta til Teologisk fakultet som stipendiat, og i 1957 tok han doktorgraden. Avhandlinga Ritualspørsmålet i Norge 1785–1813. En liturgisk og kirkehistorisk undersøkelse med særlig henblikk på geistlighetens stilling til tidens reformplaner vart starten på eit yrkesliv der liturgien stod i sentrum.
Han var ein tid kallskapellan i Nes på Romerike. I 1965 vart han så henta attende til universitetet for å arbeide med revisjon av liturgien. Så var han sokneprest i Haslum prestegjeld ein tid, inntil han vart professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo i 1974. I 1986 pensjonerte han seg, men han var seniorforskar ved UiO til 1988. Les mer …
Inngangen til museets kontorer. Foto: Siri Johannessen
Setesdalsmuseet er ein samanslutning av museum i Setesdal i Agder, i kommunane Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle. Agder Folkemusikkarkiv er samlokalisert med Setesdalsmuseet, som har administrasjonen på Rysstad.
Samlingane omfatta per 31. desember 2007 ikring 30 000 gjenstandar, 6400 mineralprøver og tett på 53 000 foto. Dei fleste av samlingane har fokus på den lokale bondekulturen. I hovudutstillinga i Rysstad finn ein fire permanente utstillingar: ei om kraftproduksjon som er ei viktig inntektskjelde for Setesdalskommunane; «So gjekk me kledde i Råbyggjelaget» som viser drakter og kultur i frå Bykle til Iveland og Vegusdal; diktaren Hans Henrik Holm si diktarstoge som ho var i loftsleilegheita i Karl Johans gate i Oslo; og samlinga til Jon O. Løyland og Gyro Løyland. Dagleg leiar for museet er Anna Stella Karlsdottir. Les mer …
Oslo ladegård 2008. Foto: Mahlum Oslo ladegård er en barokkbygning fra 1725 i Gamlebyen i Oslo. Den ligger i Oslo gate 13, over middelalderens bispeborg.Den første bygningen vi kjenner på stedet er Bispeborgen, som ble reist tidlig i Oslo bispedømmes historie, og befestet under Nikolas Arnesson. Ved reformasjonen ble den gitt til byen som steinbrudd.
I 1579 ble tomta overdratt til borgermester Kristen Mule som fikk reist en ny gård over ruinene. Han lot slå nytt hvelv i det som kalles for bisp Nicolas’ vinterhall og et teglsteinsgulv i etasjen over. Denne gården var blant annet kjent for at Jakob VI av Skottland giftet seg med prinsesse Anna der i 1589. I 1608 var anlegget gått videre til stattholder Enevold Kruse. Les mer …
Kornmagasinet i 2009. Foto: Arnfinn Kjelland Lesja bygdatun er eit friluftsmuseum på Lesja. Det ligg i Lesja sentrum like ved Lesja kyrkje.Arbeidet med å få til eit bygdetun i Lesja tok til på vårparten i 1957. Da skulle Lesja kommune selje Hauje, der det hadde vore gamleheim. Ola Skotte og Per R. Einbu skreiv da til heradsstyret og bad om at tre hus: kornmagasinet, ei tørkestugu og ei bekkjekvern vart teke unna salet og brukt som start på eit bygdatun. Les mer …
|