Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artiklene
Rosslandsguden er eit steinhovud frå garden Rossland i Sokndal. Det vert vanlegvis datert til eldre jernalder, helst folkevandringstid. Sersjant Lars Rossland skal ha funne det 61 cm høge hovudet, laga av lokal labradoritt, i ei ur i første halvdel av 1700-talet. Seinare stod figuren i tunet på garden. Ifølgje tradisjonen tok mennene av seg hatten når dei passerte steinhovudet. Men ikkje alle hadde like stor vørnad for Rosslandsguden. Skadane på nasa skal koma av steinkasting. Figuren vart i 1910 seld til Dalane Folkemuseum for 5 kr. Les mer … Gunnar Qvenild (født 30. januar 1906 i Trondheim, død 23. april 2007 i Djursholm utenfor Stockholm) var en norskfødt næringslivsleder som fra 1938 til sin død bodde og virket i Stockholmsområdet. Han var sentral i det norske miljøet i den svenske hovedstaden. I 1938 flyttet familien til Stockholm. Bare to år seinere invaderte Tyskland Norge, og under krigen var Gunnar og Cissy Qvenild svært engasjerte i arbeidet med å hjelpe norske flyktninger som hadde kommet til byen. Broren Arne Qvenild var for øvrig en viktig person i den norske motstandsbevegelsen, som Milorg-sjef i Telemark. Gunnar Qvenild ble i 1949 direktør (vd) i Industrimetoder AB, som han ifølge Håkon-Stein Korshavn «ledde fram till ett starkt företag som gav många kontakter både inom- och utomlands.» Samme år ble familien svenske statsborgere. Etter at Gunnar Qvenild ble pensjonist, ble firmaet overtatt av sønnen Birger Qvenild. Les mer …Hovedbygning og to internatbygninger, sett fra adkomsten fra Blindernveien. Foto: Stig Rune Pedersen (2012) Byklum er den sentrale garden i Kyrkjebygdi i Bykle, og sannsynlegvis også den eldste garden i bygda, som alle dei andre har utgangspunktet sitt i. At dette må vera såleis skjønar me både av at garden vart kyrkjestad, og dermed gav namn åt kyrkjesoknet, og av at han på 1600-talet framleis hadde den langt høgste landskylda i bygda. Når det gjeld gardsnamnet Byklum, slår Amund B. Larsen fast at det er dativ, fleirtal, av innsjønamnet Bykil. Sjø-, fjord- og elvenamn «antager ofte flertal, naar de gaar over til Gaardnavne», skriv han. (Norske Gaardnavne VIII, 213). Dette har, såvidt me kan sjå, ikkje vore omstridt. Meir uvisst er det med tydingsinnhaldet. Larsen meiner at ordet «kanskje [kan] høre sammen med Verberne boka og bauka i Betydningen: pladske, skvulpe.». Eivind Vågslid (N A, 2, 689) aksepterer Larsens etymologi, men vil setje verbet bauka til å tyde 'grava'. Tarald Nomeland i den gamle gards- og ættesoga (216) satsar i staden på at grunnordet er bygill, m, som i gamalnorsk tyder noko som er buge eller bøygt på form: «Det høver på Bykilen, som ligg noko bugen midt i dalen», seier han. Alt det hermde høyrest i og for seg plausibelt ut, men me trur endå at det einaste ein kan vera nokonlunde trygg på, er konklusjonen frå Norsk Stadnamnleksikon (1975, 85), der det heiter at Bykil «ikkje er sikkert tolka.» Om ein skulle gjeta på alderen på busetnaden her, er det vel rimeleg å satse på bronsealder eller yngre steinalder. Diverre har ein ikkje oldfunn som kan stadfeste denne tanken, så han lyt berre byggje på ei parallellføring med eldste gardane i Nordbygdi. Elles ligg det fyre ein bundel med gamal tradisjon, som samla sett tykkjest peike i retning av mykje høg alder. Les mer …
Synnøve Riste, f. Synnøve Oline Rasmusdotter Aarflot (fødd 19. august 1858 i Volda, død 22. oktober 1889 same staden) var målforkjempar og kvinnesaksforkjempar. Mellom anna er ho kjend for pionerverksemd innan den nynorske pressa. Ho var oldebarn av opplysningsmannen Sivert Aarflot (1759–1817), og livet hennar vart prega av slekta Aarflot sitt engasjement for folkeopplysning og politikk – sjølv om ho òg vart ståande i opposisjon til onkelen Maurits Aarflot. Ho var ein av dei første kvinnene som skreiv offentleg på landsmål, og vert kalla «Fjøyra som dreiv» for si rolle som drivkrafta bak det radikale folkehøgskulemiljøet i Volda. Les mer …
|
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 429 artikler og 210 426 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. Les mer...
Nyeste sider på Lokalhistoriewiki
Nyeste bilder på Lokalhistoriewiki
|