Anna og Ingebrigt Bøe fotografert omkring 1900, saman med sine born. Frå v. Olav Martin (1873-1935), Anna Josefine f. Ødegaard (1876-1939, gift med Olav Martin), Ingolf (1881-1957), Sigurd Olav (1874-1954), Anna Berentine (1877-1954). Framme Magnus (1884-1961), Ingebrigt med hustru Anna f. Olsdatter Hole, og Gunnar (f. 1888). Foto i privat eige.
Ingebrigt Bøe (1850-1944) var treskjerar, snekkar og byggmeister i Bergen, og blir i dag særleg hugsa for det omfattande utskjæringsarbeidet i Ole Bull sin praktvilla på Lysøen i dåverande Hordaland, og for preikestolen i Årstad kirke.
Ingebrigt Bøe vart ført inn som «uægte» i kyrkjeboka for Manger, der han vart fødd. Til grunn for notatet låg ein familietragedie. Faren hans, Sjur Bø, var sjølveigande gardbrukar og sat etter måten godt i det. I 1849 vart han enkjemann for andre gong og åleine med si 24 år gamle stedotter, Christi Olsdatter (1826-1917). Ho vart gravid og fødde Ingebrigt.
Saka fekk eit alvorleg etterspel. Sjur kom for retten og vart dømd til ni månadars straff på Slaveriet i Bergen (i det såkalla Manufacturhuset). Av tukthusprotokollen les me at Sjur vart sett inn 4. februar 1851 og løslaten 4. november same året, kl. halv fire om ettermiddagen. I merknadene til protokollen heiter det: «32 Aar gammel, efter Norhordlehns Sorenskriverisdom af 12te September 1850, for begaaet Blodskam med sin Steddatter». Samanlikna med «ordentleg» blodskam fekk Sjur ein etter måten mild dom, kanskje var det også andre omstende som medverka til det. Christi flytta til Bergen straks etter fødselen og ser ikkje ut til å ha greidd seg særleg bra. I folketellinga for 1900 er ho oppført som offentleg understøtta enkje. Kva forhold Ingebrigt hadde til mora, er ikkje kjend. Les mer …
Feios kyrkje. Foto: Jan Magne Borlaug Rinde
Feios kyrkje, Feios i Sogn, Vik kommune, er teikna av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan. Byggmeistaren heitte Johannes Øvsthus og kom frå Hosanger prestegjeld på Osterøy. Kyrkja vart bygd i 1866 i staden for den gamle Rinde stavkyrkje som vart riven same året.
Feios kyrkje er ei kvitmåla langkyrkje i nygotikk og sveitserstil. Kyrkja er bygd på Rinde kyrkjestad og er truleg den tredje kyrkja på denne staden. Gardsnamnet er Rinde der kyrkja står, gardsnummer 160, og kyrkja ligg ved fylkesveg 182. Kyrkjestaden Rinde ligg ved Sognefjorden og er nemnt i kjelder tilbake til 1123, og her ligg Rindestodi som var sentral for kyrkjestaden fordi sjøvegen var viktig. Like i nærleiken, på Børenganeset, er ei gravrøys frå bronsealderen. Rinde kyrkjestad låg under bispesetet på Selja fram til 1170, då vart bispesetet flytta til Bergen. Les mer …
Johannes Heggland (1919-2008) fotografert på trappa utanfor huset sitt på Tysnes i Sunnhordland. Foto: Bladet Tysnes
Johannes Heggland (fødd 29. juni 1919 i Tysnes, død 24. januar 2008 same stad) var ein forfattar, bonde, lokalpolitikar og lokalhistorikar frå Tysnes i Sunnhordland. Han budde der heile livet. Den litterære produksjonen hans er svært omfattande, både kva gjeld skjønnlitteratur og sakprosa. Mest kjend er Heggland for sine historiske romanar og forteljingar for vaksne og born. Heggland var også samfunnsengasjert. Mellom anna var han ordførar i heimkommunen i to periodar, formann i Den norske Forfatterforening, og med ei rad andre offentlege verv, lokalt og nasjonalt. Den 15. juni 2005 vart Johannes Heggland utnemnd til Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv. Les mer …
Bukti (Sagarøy, bnr. 4) med stova frå 1917, fotografert frå hovudvegen.
Sagarøy er ei lita grend i Jostedalen i Luster kommune i Sogn. Grenda ligg i dalbotnen på den sørlege delen av området til matrikkelgarden Bakken og grensar mot Jostedal prestegard.
Grenda ligg i midten av bygda ca 1 km nord for kyrkja. Her var bygde- og kommunesenteret i Jostedalen frå slutten av 1800-talet til opp i etterkrigstida.
Sagarøyelvi renn gjennom grenda. Ho skifta løp og gjorde store øydeleggingar i grenda i storflaumen i august 1979. Les mer …
Mjølvergrendi frå sør, ved Breheimsenteret.
Mjølver (Luster, gnr. 202) er ein matrikkelgard og ei grend (Mjølvergrendi) i Jostedalen, Luster kommune. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på Gjerde som ligg under matrikkelgardane i Krundalen, og i nord mot garden Li.
Mjølver har gjeve namn til Mjølverdalen og til Mjølverdalen skule. Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. Frå 1627/28 til 1642 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før Nigardsbreen skaut seg fram utover 16- og 1700-talet. Les mer …
Den første kommandoplassen på HKB 16./981 Risenaes Foto: John Erling Blad (2008) Risenes fort var en tysk fortifisert stilling på Risenes i Sygnefest i Gulen kommune. Den tyske militære benevnelsen på stillingen ble HKB 16./981 Risenaes. Stedet var utstyrt med forberedte kanonstillinger, kommandobunkere, forlegningsområde i fjellanlegg med utskutte tunneler for alternative rømningsveier. Det er også sprengt ut flere mindre huler for sikring av materiell og personell.
Fortet kom aldri under direkte angrep, men 14. november 1944 ble DS «Gula» angrepet og bombet av alierte fly idet skipet passerte Dingja. Kapteinen rente skipet på grunn ved Vardeneset, midt i det tyske kystfortet, og de tyske mannskapene på stedet hjalp til med redningsarbeidet og å slukke brannen ombord.
Rester av fortet er fortsatt bevart og har de siste årene blitt brukt til røyking av laks og makrell. Les mer …
|