Olaf Nøkleby
Olaf Nøkleby (fødd 1945) er tidlegare rektor ved Valle vidaregåande skole på Lena i Østre Toten kommune. Han er i tillegg lokalhistorikar, forfattar og bonde på garden Øvre Evang ved Lena. Nøkleby har òg representert Senterpartiet i kommunestyret.
Olaf Nøkleby er utdanna agronom frå Storhove landbruksskole på Lillehammer, og sivilagronom fra Norges Landbrukshøgskole. Han var lektor på Valle vidaregåande skole fra 1982 til 1990. Frå 1990 til 2009 var han rektor ved same skole. I 2007 ga Nøkleby ut Boka og plogen - landbruksopplæring i Oppland gjennom 150 år, og i 2017 kom jubileumsboka om Valle (100 år).
Olaf Nøkleby har også ein MA i Kulturhistorie frå Universitetet i Oslo. Han arbeider nå ved Mjøsmuseet. Nøkleby er ein ihuga nynorsk- og dialektforkjempar, som i 2009 vart tildelt Austmannaprisen. I 2019 fekk han Østre Toten kommunes kulturpris.
Bibliografi
- «Totenmålet og nynorsken», i Totenmål og anna mål - 2, (1982?), s. 6-9.
- «Historikk om geit og geitehald», i Totenmål og anna mål - 6, s. 51-55.
- Meirverdiavgift og investeringsavgift i landbruket, Landbruksforlaget, Oslo 1991.
- «Tante Lisa», i årboka Totn 2000/2001, s. 49-51.
- «Flårud eller Flårudbakken», i årboka Totn 2000/2001, s. 76-88.
- Leichslekta på Ousdal på Nes, 2001.
- «Kåldyrkinga på Evang i 1929», i årboka Totn 2004, s. 15-25.
- Boka og plogen. Landbruksopplæring i Oppland gjennom 150 år, Lena 2007.
- «Landbruksskolen på Haug i Vardal», i Årbok for Mjøsmuseet 2007, Kapp 2007, s. 124-136.
- «Alle sju - Julebakst på 1950-talet», i Årbok for Mjøsmuseet 2009, Kapp 2009, s. 159-165.
- «Anders Hovden og Toten», i Årbok for Mjøsmuseet 2011, Kapp 2011, s. 140-161.
- Korndyrkinga på Toten frå ca 1650 til 1800 - ein diskusjon mellom kvalitative og kvantitative kjelder, masteroppgåve ved UiO, 2013.
- «Uthusa på Steinberg», i Grunnlovsjubileet - Mjøsmuseets årbok 2014, s. 139-162.
- Østre Toten sanitetsforening 100 år, 1914–2014, 2014.
- «Jordbruksvatninga på Østre Toten», i Mjøsa - Mjøsmuseets årbok 2015, s. 193-203.
- «Middelalderkjellaren på prestegarden og opprøret i 1508», i Hoff menighetsblad 3/2015, s. 6-7.
- «Et beveget bryllup i 1905», i Nes og Helgøya, lokalhistorisk skrift 2015, Nes Historielag, Nes på Hedmark, s. 63-68.
- «Knut Sevaldsen Bang - kunstnarpresten på Toten», i Hoff menighetsblad 1/2016, s. 10.
- «Den gongen var det liv uti åsa», i Hoff menighetsblad 3/2016, s. 6-7.
- «Marie Wexelsen og Jeg er så glad for julekveld», i Hoff menighetsblad 4/2016, s. 14.
- «Jul på Toten», i Mjøsmuseets årbok 2016, s. 8-29. Ein omarbeidd versjon kan lesast på lokalhistoriewiki.
- «Bråtebruk på Toten», også publisert i Mjøsmuseets årbok 2016, s. 30-51.
- Valle 100 år - 1917-2017, Eige forlag.
- Nøkleby (gard i Kolbu), manuskript, publisert 2018 på lokalhistoriewiki.
- «Kor i Hoffgrenda frå 1910», i Mjøsmuseets årbok 2018, s. 222-233.
- Svartedauden og øydegardstida på Toten, også publisert i Mjøsmuseets årbok 2018, s. 63-85.
- «Totens Bygdebok 1918-2018», i Mjøsmuseets årbok 2019, s. 214-237.
- «Torsetra – Eit knutepunkt på Totenåsen», i Mjøsmuseets årbok 2019, s. 152-173.
- «Grøna – seter og skysstasjon», i Mjøsmuseets årbok 2019, s. 44-55.
Kjelder og litteratur
- Nøkleby, Olaf (2007), Boka og plogen - landbruksopplæring i Oppland gjennom 150 år.
- Artikkel i Oppland Arbeiderblad om rektorskifte på Valle
- Radio Toten: «Olaf Nøkleby mottok Østre Totens kulturpris for 2019» (publisert 3. februar 2020).