Blesterkroken 1 (Bykle)

Blesterkroken 1 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart bygt av Bjarne og Bergljot Vasshaug i 1979, og dei flutte inn same året.

  • Bjarne Vasshaug, f 1942, d 1996
Blesterkroken 1
Utskilt: 1978
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 351
Type: Bustadseigedom
Anne Bergljot, f 1946, 2005 busett Drøbak. Born:
  • Barbro, f 1968, ing., busett Leirsund, g m Erik Grønnerud
  • Kristin, f 1973, ing., busett Drøbak, g m Lars Klæboe

Bjarne var sivilingeniør, og kom opphavleg frå Sulitjelma. Han arbeidde for Selmer, og var anleggseiar under breiveutbyggjinga. Bergljot er lærar, og kom opphavleg frå Rognan. Medan dei budde i Bykle arbeidde ho ved Fjellgardane skule. I 1986 flutte familien Vasshaug til Drøbak, og selde då huset her til familien Hinna, som tidlegare hadde budd eit par år i eit kommunalt hus (Malmvegen 16).

  • Jon Birger Hinna, f 1957
g m Torill Jahnsen, f 1958. Born:
  • Tone, f 1982
  • Aksel, f 1984

Jon Birger er opphavleg kristiansander, medan Torill er mandalitt. Dei kom til Hovden frå Oslo i 1984. Han arbeidde som musikklærar og korpsdirigent, medan ho var den fyrste styraren i Fjellgardane barnehage. I 1992 flutte dei til Mandal, og selde huset her til dei som bur her nå:

  • Einar Christian Egeland, f 1948
g m Laila Bårdsen, f 1942.
Hennes barn:
Deira born:
  • Kristin, f 1972, sb m Morten Gustav Rentsch, sjå Jernvegen 5-7, bnr 701
  • Mette, f 1974, sb m Øyvind Dale, sjå Bergly, gnr 15, bnr 97

Einar er opphavleg frå Stavanger og son åt Kristina og Einar Tex Egeland. Laila er frå Vennesla, og dotter åt Gudrun og Bjarne Bårdsen. Dei kom til Hovden fyrste venda i 1976. Dei har båe hatt arbeidet sitt i turistnæringa, fyrst på Hovdehytta, sidan ei tid på Hovden Appartementshotell, dinest på Botn Skysstasjon i Edland, etter dette var ho ei årrekkje kokke og kjøkkensjef på Hovden høyfjellshotell. Ho arbeider nå (haust 2004) i Hovden badeland.


0941 Bykle komm.png Blesterkroken 1 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Belglii 59 • Neste bolk: Blesterkroken 3

Koordinater: 59.5577° N 7.3628° Ø