| Om Heimar og folk i Bykle
|
Heimar og folk i Bykle, band I.
Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.
Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden,
Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.
Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes. Les meir ...
|
|
|
| Smakebitar frå artiklar
|
Hisdalgardane i Bykle kommune ligg innpå heia vestanfor Otra, i dalen mellom Hisdalsfjøddet i nord og Dipleåsen i sør. For å koma hit lyt ein taka ein veg som går søretter langs austsida av elva frå Moen i Trydal. Etter ein snau km kryssar ein Otra, kliv opp den bratte Hislii og held fram vestetter. Omlag ein km frå brua finn ein Lisle-Hisdal, og eit par km lenger inn ligg dei to bruka Store-Hisdal og Der uppe.
Av desse tre bruka var det berre Lisle-Hisdal som etter gamalt låg i Bykle. Denne eigedomen høyrde til Der inne i Trydal, og var plass under det bruket inntil han vart matrikulert til eige bruk i 1888. Store-Hisdal høyrde derimot til Løyland og Dale i Valle, og var sameige mellom desse gardane. I samband med fyrearbeidet til 1838-matrikkelen vart plassane i Store-Hisdal skilde ut frå dei to gardane som eigne einingar, og fekk sidan bnr 5 og 6 under Dale. I 1854 vart oppsitjarane sjølveigarar. I 1925 vart grensa mellom Valle og Bykle revidert. I denne samanhengen vart Lisle-Hisdal tildela gnr 20 bnr 1, medan dei to bruka i Store-Hisdal vart overførte frå Valle til Bykle, og gjevne bnr 2 og 3 under gnr 20. Les mer …
Uppistog Tykkholt i snødriv 24.1.2006. Foto: Aanund Olsnes
Uppistog Tykkholt er det eldste av dei to Tykkholt-bruka i Bykle kommune. Då eigedomen vart dela i 1910, vart Tone Åsmundsdotter buande her, medan systerdottera Gunhild og mannen hennes, Eivind M. Hisdal, sette seg opp ein ny heim noko lenger nede. Då Tone døydde i 1917, overtok Eivind og Gunhild også dette bruket, og dreiv Uppistog og Nistog som ein einskap til sønene deira dela på nytt 20 år seinare.
Då Tykkholt i 1937 vart dela i to bruk på nytt, overtok Mikkel det øvre av dei.
- Mikkel Eivindsson Trydal, f 1911, d 1995
- g 1935 m Torbjørg Hallvardsdotter Bjørnarå, f 1911, d 1986.
Foreldra av Torbjørg Hallvardsdotter var Hallvard Knutsson Skarberg og Jorunn Olavsdtr. fødd Bjørnarå.
Kort etter giftemålet overtok Mikkel bruket her, og bygde på stoga. Huset sto ferdig i 1938, med ei grunnflate på 75 kvadrat i 1 1/2 høgd. I 1953 fornya han uthusbygningen. På denne tid vert buskapen på bruket oppgjeven til hest, 3 kyr og 3 kalvar, 11 sauer og nokre høns. Les mer …
Strondi 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Strondi i Trydal i Bykle kommune ligg på austsida av Trydalstjønni, og deildar mot Tykkholt under Trydal) i nord, Hagen i sør og Storstein i aust. I motsetnad til fleire andre av dei nyare bruka i Trydal var Strondi i utgangspunktet ikkje husmannsplass.
I fylgje matrikkelen skal Strondi vera utskilt frå bnr 3, Storstein, i 1882, men dermed er ikkje alt sagt. Det som skjedde i 1882 var at Storstein og Systog sin halvpart av den heimkaupte Trydalsskogen frå 1843 vart formelt dela og matrikulert som to brukseiningar, lnr 46a var Systog sin part, medan 46d høyrde til Storstein. Storsteinparten fekk i 1888 bnr 5, men vart «sammenføiet med bnr 3 i matrikkelen» i 1890, etter at Såve Eivindsson Trydal hadde fått «eindomshævdsdom» på bruket sitt året fyre. I 1898 selde han 4/5 av det som hadde vore bnr 5 til Søren Lund og Olav A. Rike. Desse teigane vart matrikulerte som bnr 6 Båsbrokklii og bnr 7 Sessane (det siste av dessse bruksnummera har sidan vorte sletta or matrikkelen som fylgje av nye sal og delingar). Litt etter salet av bnr 6 og bnr 7 let Såve Eivind H. Bø setje i gang med å rydje seg eit bruk på den femteparten han hadde att. Dette bruket vart sidan ståande med bnr 5. Les mer …
Nesland Der heime 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Der heime var hovudbølet på Nesland i Bykle kommune.
Ved jordebytet i 1682 (sjå bolken om den udela garden) tykkjest Gunnar Knutsson, som vart sitjande med det største bruket, ha vore ein mann i 70-årsalderen. Han hadde likevel nokså unge søner, går det fram av manntalet frå 1666, men sannsynlegvis var han to vender gift. Kva konene hans heitte, veit me ikkje.
- Gunnar Knutsson Nesland, f ca 1609-1613, d fyre 1683
- g 1. m ukj. Born, iallfall:
- Bjørgulv, f ca 1635, n 1664-1668, 1712, g m ukj., sjå Valle III, 628
- Olav, n 1683, g m Tore Jonsdotter, sjå nedanfor
- Vetle, f ca 1644, d ca 1720, ug, sjå Sygard, jfr nedanfor
- Tone, g m Torleiv Olavsson Stavenes (e.), sjå Utistog Stavenes, gnr 16, bnr 4-5
- g 2. m ukj. Born:
- Åsmund, f ca 1651, sjå Mosdøl
- Nottov, f ca 1653, n 1664, lagnad ukj.
- Knut, f ca 1654, ug., «død udi armod» fyre 1700, sjå Mosdøl
- Gunnulv, f ca 1659, sjå Mosdøl
Gunnar åtte i 1670 attåt Nesland Der heime også 1/2 hud i Mosdøl. Me reknar med at dette er forklaringa på at tre av sønene hans sidan budde der. Les mer …
Brotteli ein gong mellom 1903 og 1910. Frå Setesdalsmuseet. Foto: August Abrahamson
Brotteli ligg heilt i vestre enden av Nordbygdi og inst i Bossvatn i Bykle kommune. Garden er bratt og går heilt ned mot Brotteliåni. Lenger ut, ned mot vatnet, var det flatare jorde, men desse vart neddemde i vassdragsreguleringa i 1978. Dei fyrste husa sto etter alt å døme oppå flaten i øvre enden av jordet. Her står framleis grunnmuren av ei husrekkje på over 24 meter. C14-dateringar viser at denne går attende til 1600-åra.
Brotteli ligg djupt i terrenget, så her var sollaust 24 veker i året, men endå rekna dei med at her var like tidleg vår som i Bjørnarå. Kornet fraus mest aldri om hausten. Støylen Flatstøyl låg på sørsida av elva, og var ein grei og god heimestøyl.
Gardsnamnet er det ikkje så mykje å seia om. Det tyder den bratte lia, og bratte liar er her nok av, både nordover og sørover.
Den gamle landskylda på garden var sett til 1/2 hud. Etter landskyldrekninga i Bykle i eldre tid svarar 1/2 hud til 12 nottungar, 6 kalveskinn eller 2 geiteskinn. Då det vart sett på ny skyld i 1838-matrikkelen vart Brotteli tildela 1 dalar 2 ort og 11 skilling, og i 1886 vart skyldverdet sett til 2,07 nye skyldmark.
Garden er nokså gamal, og eit brev frå 1614 peikar mot mellomalderbusetnad. Dette kjem me straks attende til. I nyare tid finn me ingen oppsitjarar nemnde fyrr i året 1622, men eigarar får me vita om litt tidlegare. Les mer …
Hovdeplassen 1963. Foto: Gerd Fosse Hovden
Hovdeplassen, også kalla Hovden Austigard og truleg Der uppe, er bruksnummer 8 på Hovden i Bykle kommune. Når ein køyrer vestetter mot Breive frå Hovden sentrum, er dette bruket det fyrste ein kjem til. Det vart matrikulert som eiga eining så seint som i 1937, men då hadde det funnist til i bortimot 100 år.
I den gamle gards- og ættesoga (201f) les me at Bjørgulv Jonsson var den fyrste kjende oppsitjaren her, medan Sigbjørn Knutsson Breive sat på eit fjerde Hovden-bruk, som heitte Der
uppe. Nå veit me at Bjørgulv budde i Der sø, men det er rett at Sigbjørn hadde Der uppe. Men ettersom me aldri har sett meir enn tre gardsbruk i senn på Hovden, vil me meine at det her må vera tale om eit namnebyte. Med andre ord meiner me at det må ha vore dette bruket som til å byrje med vart kalla Der Uppe. På den tid då det fekk namnet sitt hadde det tunet sitt oppe i jordet på Der nor, og samstundes gjekk dei over til å kalle det som hadde vore Der nor for Der nede. Dette må ha vore ein gong på 1840-talet. Les mer …
|
|
|
| Sjå også:
|
|
|
|
|
| Eksterne ressursar
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|