Der hite (Bykle gnr 6/4)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hei på deg! Denne siden heter Der hite (Bykle gnr 6/4)

Der hite
Rydda: omkr. 1700
Utskilt: 1700
Stad: Vatnedalen
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Agder
Gnr.: 6
Bnr: 4
Type: Gardsbruk

Der hite var ein av Vatnedalsgardane i Bykle kommune. Bruket, som låg vestom Der sø, kom til kring år 1700, då Såve Torbjørnsson overtok halve garden åt faren, Torbjørn Knutsson. Ettersom Såve seinare sat i Der sø, vert han nærare presentert i bolken om det bruket.

Etter at Torbjørn Knutsson døydde i 1710, tykkjest borna i fyrste omgangen ha dela eigedomen hans slik at sønene fekk 11/14 kalveskinn kvar, medan døtrene fekk omtrent halvparten. Men den fysiske delinga frå ca 1700 vart ståande, slik at det var to bruk på 3 kalveskinn kvar. Olav Torbjørnsson hadde bruket her, men berre eit par småbeiter.

  • Olav Torbjørnsson Vatnedalen, f ca 1681, d ca 1740
g 1717 m Jorunn Folkesdotter Hovden, d 1718, inga aldersoppgv. Born:
  • Jorunn, f 1718, d 1718

Jorunn Folkesdotter var truleg dotter åt Folke Olavsson Hovden. Me har ikkje noko direkte prov for dette, men me veit at det fanst ein Folke O. Hovden, og at Olav og broren Knut var gifte med kvar si Folkesdotter. Når me dertil ser at båe brørne i 1735 vert omtala som busette på Hovden, tykkjest identifikasjonen tolleg sikker.

I matrikkelframlegget frå 1723 er Olav oppførd som både eigar og brukar av dei 3 skinna i bruket her, men i røynda var nok dette utdatert informasjon då matrikkelen vart skriven. For i 1720 overlet han det han åtte i garden til systrene Gunvor og Ingebjørg, og gav seg i foddog til dei. Han var på den tid berre kring 40 år, så det var tidleg å verta foddogsmann, men såleis står det i tingboka.

Gunvor Torbjørnsdotter, syster åt Olav, gifte seg med Jon Olavsson Byklum i 1726, og Ingebjørg, den andre systera, med Olav Niklosson Stavenes to år seinare. Desse to ektepara budde sidan saman på bruket her.

Fisking med ljos og lystergaffel er ein eldgamal teknikk,som tresnittet her frå 1555 viser (frå Olaus Magnus: Historia om de Nordiske Folken).
Lystergaffelen me har bilete av frå Henriksen- samlinga (reg.nr MOR 00376) er ikkje så gamal, men at dei lystra i Vatnedalen på 1600- og 1700-talet må reknast for temmeleg sikkert. Foto frå Setesdalsmuseet.
  • Jon Olavsson Byklum, f ca 1665, d 1751
g 1726 m Gunvor Torbjørnsdtr. Vatnedalen, f ca 1673, d 1749, ikkje born.

Jon Olavsson kom frå Innistog Byklum. Foreldra hans var Olav Jonsson på det bruket og Ingjerd Asbjørnsdotter, andre kona hans.

Jon Olavsson var omlag 50 år gamal, då han gifte seg med den omtrent 10 år yngre Gunvor Torbjørnsdotter. Me har endå litt å melde om Jon og Gunvor, men fyrst skal me presentere det andre ekteparet som budde her ilag med dei. Avdi mannen hadde vore gift fyre han kom hit, er det framstillingsteknisk enklare å setje opp han fyrst av ektemakane.

  • Olav Niklosson Stavenes, f ca 1673, d 1749
g 1. m Anne Tarjeisdtr., d 1725, inga aldersoppgv., born iallfall:
  • Signe, f ca 1708, g m Rikard Gunnarsson, sjå Ørnefjødd, bnr 5
  • Tone, f 1714, g 1739 m Torleiv Alvsson Breive, sjå Berdalen Der uppe, gnr 3, bnr 4
  • Eli, f 1716, d 1732
  • Tarjei, f 1719, n 1749, ug då, seinare lagnad ukj.
  • udøypt gut, tvill., f 1722, d 1722
  • udøypt jente, tvill., f 1722, d 1722
  • Gunvor, f 1724, lagnad ukj.
g 2.1728 m Ingebjørg Torbjørnsdotter Vatnedalen, f ca 1684, d 1750, ikkje born

Kvar Anne Tarjeisdotter kom frå er ukjent.

Etter at Jon Olavsson gifte seg med Gunvor Torbjørnsdotter dreiv ho og syskena hennes og kaupte og selde partar i garden til kvarandre. Det er uråd å skaffe seg full greie på alle desse handlane, men iallfall er det likt til at nokre av dei må ha selt partane sine til Jon då han gifte seg med Gunvor, for året etter åtte Jon 3 kalveskinn, som han då selde attende til Olav Torbjørnsson, han som hadde gjeve seg i foddog til systrene 7 år tidlegare. Denne venda var det Gunvor og Jon sin tur til å verta foddogsfolk.

Men året etter at Jon Olavsson hadde fått hand om bruket, kom Olav Niklosson Stavenes og gifte seg med Ingebjørg, og etter dette åtte og bruka dette ekteparet 1 1/2 skinn. Dei siste 1 1/2 skinna åtte Olav og Knut Torbjørnssøner ilag ei stund. Dei budde båe på Hovden, men heldt på partane sine her inntil dei selde til Sigbjørn Torkjelleson Rannestad.

Sigbjørn hadde selt Ryningen, gnr 11, bnr 4, i 1735, og me meiner han flutte derifrå og hit det året.

Etter dette budde det då tre familiar her til kring 1750. Ved det leitet døydde både Jon Olavsson og Gunvor, som hadde sete som foddogsfolk, og Olav Niklosson og Ingebjørg, som åtte halve bruket. Den andre halvparten åtte og bruka Sigbjørn og familien hans.

Men så døydde også kona åt Sigbjørn i 1749, og året etter gifte han seg omatt med Torbjørg Knutsdotter frå Der sø. Dermed fekk han hand om det bruket, og flutte dit. Halvparten sin i bruket her heldt han fast på, og i 1767 løyste han inn den siste halvparten frå Christian Brinch i Kristiansand, som hadde teke utlegg i parten etter Olav Niklosson, då denne døydde i 1749.

Me meiner at Sigbjørn bruka heile garden frå kring 1750, og frå 1767 åtte han altså alt saman, iallfall i namnet. Etter at han døydde i 1769, var det enka hans og Jon Drengsson, den nye mannen hennes, som bruka heile garden ei årrekkje frametter. Fyrst då borna etter Sigbjørn overtok vart det atter to bruk. Turid Sigbjørnsdotter og mannen hennes hadde Der sø frå 1794 eller 1795, og bror hennes hadde bruket her frå 1796.

  • Knut Sigbjørnsson Vatnedalen, f 1766, d 1845
g 1796 m Sigrid Kjetilsdtr. Løyning, f 1775, d 1855. Born:
  • Gyro, f 1798, g 1822 m Olav Olavsson Bratteland, sjå Myri Holen, gnr 10, bnr 1
  • Sigbjørn, f 1800, g 1826 m Gunvor Hallvardsdtr. Tveiten, sjå nedanfor
  • Kittil (e.), f 1803, g 1827 m Targjerd Sigbjørnsdtr. Stavenes, sjå Vatnedalsplassen, bnr 6
  • Ånund, f 1805, d 1805
  • Even, f 1807, g 1838 m Anne Salmundsdtr. Ryningen, sjå Nordstog Stavenes, gnr 16, bnr 2
  • Knut, f 1811, d 1812
  • Knut, f 1812, d 1899, ug, spilemann, rosemålar m.m., kalla «Buseten», sjå Haugo, bnr 2, jfr Holenplasset, gnr 12, bnr 7
  • Kittil (y.), f 1816, g 1843 m Astrid Sigbjørnsdtr. Stavenes, busett m.a. Øyne under Steinsland, bnr 4-5, sidan Lunden under Hommelunden, gnr 28, bnr 12, jfr Valle III, 581 og V, 535

Sigrid Kjetilsdotter var fødd på Nordre Skavleim i Rollag, Numedal, som dotter åt Kjetil Eivindsson Skavleim og kona, Anne Helleiksdotter, fødd Kvisle. Foreldra budde i Ørnefjødd frå kring 1790 til 1797, og sidan i Løyning. Då Sigrid gifte seg vart ho rimeleg nok notert i kyrkjeboka med etternamn Ørnefjødd.

Jordtakstkommisjonen i 1802 kom til at bruket skulle kunna fø ein hest, 4-5 kyr og dobbelt så mange småkretur. Vidare rekna takstmennene med ein utsæd på 2 tunner bygg, og ei avling på 8. Oppsitjarane burde kunna selje 3-4 bismarpund smør i året, og gardverdet vart sett til 130 riksdalar. Her var «Skov til Husbehov og god Græsgang», står det.

I den gamle gards- og ættesoga (186) er oppført ei dotter Birgit (utan fødselsår) mellom Eivind og Knut i familielista ovanfor. Om henne heiter det at ho var «mor til Knut Naustdøl». Men Knut og Sigrid Vatnedalen hadde inga dotter som heitte Birgit, og Birgit Knutsdotter i Naustdøl var frå Sygard Nesland.

Knut og Sigrid sat på bruket til 1830, då dei tok foddog og overdrog til eldste sonen:

  • Sigbjørn Knutsson Vatnedalen, f 1800, d 1869
g 1826 m Gunvor Hallvardsdtr. Tveiten, f 1806, d 1845. Born:
  • Knut, f 1828, g 1860 m Sigrid Knutsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Halvor, f 1831, g 1858 m Birgit Helleiksdtr. Glidbjørg, sjå nedanfor
  • Sigrid, f 1834, g 1884 m Tor Hadlesson Hoslemo, sjå Uppigard Hoslemo, gnr 4, bnr 2
  • Ånund, f 1837, g 1864 m Gro Hallvardsdtr. Oddeskar, sjå Haugen Hoslemo, gnr 4, bnr 5
  • Ingebjørg, f 1840, til Amerika 1892, seinare lagnad ukj.

Gunvor Hallvardsdotter var frå Heimtveiti, og dotter åt Hallvard Ånundsson og fyrste kona, Ingebjørg Drengsdotter, fødd Byklum. Som det går fram ovanfor vart ho ikkje gamal. Ho døydde «under Uveir i Heien, og er begravet i Suldals Præstegjeld», fortel kyrkjeboka.

I 1845 selde Sigbjørn den gamle plassen Løyning til Torstein Torsson Stråpa i Uppigard Hoslemo. Plassen vart då skyldsett til 16 skilling, og fekk løpenummer 13 c. I oktober 1854 selde Sigbjørn det han hadde att av bruket sitt til den same Torstein Torsson for 100 speciar, men nokre dagar seinare selde Torstein lnr 13 a og c, altså Vatnedalen Der hite og Løyning, til Knut Sigbjørnsson for 350 speciar. Kvifor generasjonsskiftet vart gjennomført på denne måten er uvisst, men i alle høve fekk Knut nå heimel på båe bruka, og sidan tykkjest dei ha vore rekna som ei eining, jamvel om det ikkje vart bokført noka formell «sammenføining» i matrikkelen. Sigbjørn treffer me sidan att som busete og fatiglem på plassen Haugo, bnr 2, men lat oss nå gå over til sonen og familien hans.

  • Knut Sigbjørnsson Vatnedalen, f 1828, d 1915
g 1860 m Sigrid Knutsdtr. Breive, f 1828, d 1908. Born:
  • Sigbjørn. f 1861, tvill., g 1892 m Marta Sjursdtr. Vatnedalen, sjå Løyning
  • Knut, f 1861, tvill., g.1 1887 m Gunhild Andresdtr. Rogdeli, f 1851, d 1891, g 2. 1905 m Sigrid Tallaksdtr. Hoslemo, sjå nedanfor
  • Olav, f 1863, g 1889 m Ingebjørg Tallaksdtr. Hoslemo, sjå Nordigard Hoslemo, gnr 4, bnr 3
  • Gunvor, f 1865, d 1865
  • Ånund, f 1866, g m Tone Krokmyr, Edland, sjå nedanfor
  • Kjetil, f 1869, d 1894, ug

Sigrid Knutsdotter var dotter åt Knut Knutsson i Midbø Breive og kona, Åshild Bjørgulvsdotter, fødd Gunvaldjord.

I 1865 var buskapen på bruket 2 hestar, 8 storfe, 24 sauer og 18 geiter. Sånaden var 2 1/2 tunner bygg og 2 1/2 tunner jordeple. Ti år seinare var her berre 1 hest. Elles var buskapen i 1875 1 stut, 5 kyr, 1 kalv, 15 sauer og lam og 1 geit. Sånaden dette året var framleis 2 1/2 tunner bygg, men berre 1 tunne jordeple.

Dei fleste av borna åt Knut og Sigrid vart verande i Bykle, så dei vert omrødde på dei stadene dei budde. Men Ånund Knutsson flutte ut, så han lyt me taka fyre oss på denne staden. I 1900 finn me han på Gardsteig i Edland, gnr 83, bnr 13. Han var då gardbrukar, sjølveigar og tømmermann står det i folketeljinga, som vidare opplyser at han var enkemann, og hadde 2 born som heitte Sigrid (fødd 1893) og Knut (fødd 1896). Mor deira, som heitte Tone og var frå Krokmyr i Edland, var død fyre 1900, og til å passe borna hadde Ånund fått tak i syskenbarnet sitt frå Hoslemo, Ingebjørg Ånundsdotter (fødd 1874).

Kring 1912 flytte Ånund til Skien, der han sidan dreiv handel med kretur, slakt og skinnvare. Dertil åtte og dreiv han eit stort pensjonat som heitte Føniks, så det ser ut til at han må ha gjort det godt i byen. Sonen Knut vart med faren til Skien, og hadde ei tid ei kolonialforretning i Mælagata. Sidan hamna han i Amerika, og har etterkomarar i Nord-Dakota. Dottera Sigrid gifte seg med Knut O. Gardsteig i Edland, og har folk etter seg i den bygda. Dei av opplysningane ovanfor som ikkje er henta i 1900-folketeljinga, har me fått hjå eitt av barneborna hennes i Edland, som heiter Knut Ånundsson Åsheim, og er ein ihuga ættegranskar.

Dei som budde her i 1865 var for det fyrste Knut og Sigrid og borna deira, og for det andre var det bror åt Knut og huslyden hans.

  • Hallvard Sigbjørnsson Vatnedalen, f 1831, d 1911
g 1858 m Birgit Helleiksdtr. Glidbjørg, f 1835, d 1866. Born:
  • Sigbjørn, f 1858, konf. 1873, seinare lagnad ukj.
  • Gunvor, f 1861, d 1861
  • Gunvor, f 1863, g 1890 m Øyulv Gunnarsson Hoslemo, sjå Ytre Moen under Trydal
  • Torbjørg, f 1866, d 1866

Birgit Helleiksdotter var frå Glidbjørg og dotter åt Kjetil Helleiksson og kona, Torbjørg Auversdotter.

Me veit ikkje om at nokon av borna åt Hallvard og Birgit har etterkomarar, men nå har me ikkje funne ut kvar det vart av sonen Sigbjørn, så det er vel mogeleg at han kan ha hatt familie einkvarstad. Han var ikkje i Bykle i 1891, eller i Noreg i 1900.

Foreldra hans budde båe i Vatnedalen livet ut. I folketeljingane i 1900 og 1910 vert Hallvard kalla «inderst», dvs. busete. Han døydde i 1911.

Bror åt Hallvard sat i namnet med bruket til 1909, då han tok foddog og skøytte det over til den nest eldste av sønene. I praksis hadde han nok teke over ein god del tidlegare.

Knut K.Vatnedalen (1861-1940). Foto: C. Kørner, Stavanger ca 1905. Frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
Personane på dette bildet er: Anders Olafsson Renander og kona Kristine med sønane Johan Andreas og Olav, fødd i 1895 og 1897. Biletet er teke i 1899 eller 1900.
  • Knut Knutsson Vatnedalen, f 1861, d 1940
g 1. 1887 m Gunhild Andresdtr. Rogdeli, f 1851, d 1891, ikkje born.
g. 2 1905 m Sigrid Tallaksdtr. Hoslemo, f 1855, d 1938, ikkje born.

Gunhild Andresdotter var fødd på Rogdeli i Lårdal. Foreldra var Andres Rolleivsson Haukvik frå Sauherad og kona, Margit Herjusdotter, som var frå Nesland i Vinje. Desse hadde Rogdeli frå 1839 og til fyrst på 1870-talet, då dei selde den garden og kaupte att Uppistog Lie i Nesland, Vinje. Gunhild døydde av tæring i 1891.

Knut gjekk sidan haugstall i 14 år, men i 1905 gifte han seg omatt med Sigrid, ei dotter åt Tallak Olavsson i Nigard Hoslemo og kona, Ingebjørg Knutsdotter, fødd Breive.

I 1910 selde han to store heistykke, kalla Midtheii og Vatnedalsheii, til nokre suldølar i Stavanger, som heitte Odd og Mikkel Roaldkvam. Heistykka vart matrikulerte som bnr 7 og 8 under Vatnedalen, med ei samla skyld på 22 øre, som skulle tilsvara 22/87 av bnr 4. Nokre år seinare, i 1916, kaupte Odd Roaldkvam også ein mindre teig, som vart kalla Elvene, dette stykket fekk bnr 13 og ei landskyld på 4 øre. Same året selde Knut ifrå eit større heiområde, bnr 14, med ei landskyld på 56 øre, men her heldt han att bruksrett for seg sjølv og seinare oppsitjarar på bnr 4. Kauparane av bnr 14 var for det fyrste brorsonen, Olav K. Vatnedalen i Nordigard Hoslemo, for det andre Odd Roaldkvam og Jacob E. Vik i Stavanger.

Etter det me har skjøna hadde dei nemnde eigarane sameige av dette stykket, men me kjenner ikkje fordelinga dei imellom. Det som var att av bnr 4 etter det sistnemnde salet hadde ei landskyld på 17 øre. Dette stykket vart Knut sitjande med til 1927, då han overdrog det til broren Sigbjørn, som budde i Løyning. Sigbjørn fekk samstundes Knut sin «beholdte brugsrett» til bnr 14.

Då eigedomen var avhenda, flutte Knut og Sigrid til Lunden Mosdøl, der Olav K. Stavenes, syskenbarnet hans, var oppsitjar på denne tid. Knut og Sigrid sette seg opp ei stoge i Lunden, og vart buande der livet ut.

Etter salet i 1927 eksisterer ikkje lenger Der hite som eige bruk. Det som nå er bnr 4 er registrert i matrikkelen som «Vatnedalen med Løyning», men i dag hadde det høvt betre om det hadde stått «Løyning med Vatnedalen», ettersom det er Løyning som seinast har vore busett, og eigarane av Løyning framleis har bnr 4. Me kjem snart attende til Løyning, men fyrr me heilt kan sleppe Der hite ifrå oss lyt me seia litt om korleis det har gått med dei fråselde hei- og fjellteigane. Fyrst tek me likevel med oss eit par opplysningar om kauparane:

Jacob E. Vik ( fødd 1860 i Kvæfjord, Troms) var sakførar i Stavanger. Odd (fødd 1883) og Mikkel (fødd 1897) Jacobssøner Roaldkvam var frå gnr 65, bnr 4 i Suldal, men budde i Stavanger, og dreiv forretning der. («Odd kjøpte også opp fleire heiestrekningar med vassrettar i øvre Suldal, [som vart ] utbygde i 1960-åra av Røldal-Suldal Kraft A/S», fortel bygdeboka frå Suldal (1972, 671). Det var tvillaust forventingar om framtidig kraftutbyggjing som motiverte kaupa deira i Vatnedalen.

I 1926 tok Knut O. Hoslemo den parten av bnr 14 som farbroren hadde selt til Roaldkvam og Vik attende på odel. Etter at Knut døydde i 1929 gjekk desse strekningane ihop med den parten av dette bruket som faren, Olav K. Vatnedalen i Nordigard Hoslemo, hadde kaupt i 1916. I 1940 vart eigedomen dela mellom dei yngre sønene åt Olav, Tallak og Kjetil Hoslemo. På denne bakgrunnen høyrer dette området i dag til Nordigard og Nordgarden i Hoslemo med ein halvpart på kvar.

Når det gjeld bnr 7 og 8, som Knut Knutsson selde til Odd og Mikkel Roaldkvam(e.) i 1910, så er ein part av desse strekningane framleis i eiga til etterkomarane etter kauparane frå den gongen. Men i 1967 selde Mikkel Roaldkvam(y.) sin del av bnr 7, 8, 10, 12 og 16 til Sjur Sjursson Vatnedalen. Desse eignene høyrer nå til son hans, Sjur Johan Vatnedalen i Nordstog Dalen.

Så langt komne skal me vende oss mot Løyning, der soga om Der hite kan seiast å halde fram etter 1927. Men ettersom Løyning er mykje eldre enn som så, lyt me gripe attende i tida, og taka til med byrjinga, og difor lyt me taka liksåvel dette bruket i ein eigen artikkel.


0941 Bykle komm.png Der hite (Bykle gnr 6/4) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Haugo • Neste bolk: Løyning