Steigen kirke etter ombyggingen i 1869. Lagmannsgården lå like utenfor venstre billedkant. Sigarshaugen kan skimtes i høyre billedkant.
Steigen lagmannsgård (også kalt Steig) var setet for lagmennene i Hålogaland fra 1223-1797. Gården lå like ved Steigen kirke lengst vest på Engeløya i Steigen kommune. Kommunen har navn etter gården og navnet kommer av verbet å stige. Det siktes nok da til gårdens beliggenhet på strandflata med det stupbratte fjellet ovenfor. Den opprinnelige uttalen var Stei´en[1]. Lagmannsgården var en stor eiendom, men ble ved nedleggelsen av lagmannssetet splittet i en rekke mindre gårder og bruk. Les mer …
Gamla huset på Narvestad frå ca. 1930.
Narvestad er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 170. Han hadde tidlegare gnr. 1 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 172 og gamalt matrikkelnummer 316. Narvestad er den sørlegaste av gardane i Vesterdalen i Fjotland sokn. Hovudbølet låg frå gamalt av på vestsida av Kvina, medan nybruk blei reist på elvesletta på austsida av elva midt på 1800-talet.
Slettene på kvar side av elva ligg imot bratte skråningar med Nonansheia i aust og Hoskuldshomheia i vest. Nonansheia markerer grensa til Helle, som ligg omkring garden i nord og aust, medan garden har skogområde heilt inn mot grensa til Gyland sokn i Flekkefjord i vest. I sør grensar garden til Røyseland og Ryggesås, noko som også var den gamle kommunegrensa mellom Fjotland og Kvinesdal kommunar. I nord grensar òg Narvestad til Spikkeland.
Kvednebekkjen renn ut i Kvina ved Narvestad. Følgjer ein denne motstraums nordvest via Ragnhildhola, kjem ein til Narvestadstølen og vidare til Spikkeland. Les mer …
Uppigard 7.2.2006. Foto: Aanund Olsnes
Uppigard er som namnet tilseier det øvste av gardsbruka i Hoslemo i Bykle. Etter tradisjonen låg det eldste tunet innunder berga noko lenger aust, men avdi det eingong vart utsett for ras, vart det flutt dit det nå ligg.
Me har kome til at dette må vera det opphavlege hovudbølet, og altså den eldste verestaden på garden. Dette byggjer på to tilhøve: For det fyrste hadde, og har, Uppigard langt den høgste landskylda, og for det andre er det vanlege gardrydjingsmønsteret såleis at dei eldste husestadene normalt vart lagde høgast i lendet.
Ein kan finne døme som bryt med dette, såleis t.d. Holen, men dei er unntak. Etter ovannemnde Eivind Hoslemo i tidbolken 1621-30 har me ingen namn på oppsitjarar å vise til i Hoslemo fyrr me kjem fram til 1660-åra. Men seinast i 1666 må Knut Knutsson Byklum ha skaffa seg odels- og eigedomsrett til 5 kalveskinn i garden. Dette
veit me avdi Svein Knutsson Hoslemo, som var son åt Knut Knutsson, i 1737 var på bygdetinget, og skaffa seg eit eidsvore vitnemål frå lagrettemennene om at «hans brugende 5 K[alve]- sk[ind] udj Haslemoen stedse hafver verit hans Faders och bemeldte Svens Odel och Eigendomb ofver 60 Aar, och var samme Godtz jmod Odel fra Berdalen bytt udj Haslemoen».
Knut K. Byklum var oppsitjar i Austistog iallfall frå 1678, men som me har fortalt i bolken om det bruket, tykkjest han verta borte derifrå like etter 1710, og me er nokså sikre på at det var han som vart gravlagd under namnet Knut Knutsson Hoslemo i 1721, for me finn ikkje andre med namnet Knut Knutsson som kan vera aktuelle. Les mer …
Nordheim (utt. ["nɷ:ɾˌhɛ.m] el. ["nɷ:ˌɾɛ.m]), eldre namn Nautan (utt. ["nʌ:taɲ.] ( nominativ/akkusativ) / ["nʌ:tɔ.] ( dativ)), er ein matrikkelgard og tidlegare butikk, post- og skulestad på nordaustsida av Stabblandet i Tustna sokn av Aure kommune på Nordmøre. Det nylaga namnet Nordheim dukkar opp første gongen i tinglyste erklæringar frå 1879– 1880 om at eigarane vil ta i bruk dette namnet. Topografisk er den sørlege enden av garden avgrensa av Sagvikvatnet i aust og ein lang og bratt men relativt låg åsrygg i vest. Nordenden av garden er avgrensa mot matrikkelgarden Haltvika rett nordom Haltvikåsen og vidare av Imarsundet i aust og av sundet som no blir kalla Nordheimsundet (før: Nautsundet i nord. I nordvest går matrikkelgardsgrensa i retning nordvest frå knausen Nauthatten til neset i austkanten av Haltvika rett sørom Stormolta. Hovudbusettinga har vore nærme Nordheimsundet i nyare tid, og inntil seint på 1900-talet var det både butikk og postkontor der. Les mer …
Billerud er en gard i Østlia i Østre Toten, sørøst for tettbebyggelsen på Kapp. Stedet har tidligere vært både embetsgard og aldershjem. I den nedre bygningen er det nå et kultursenter, Peder Balke-senteret. Senteret drives av Østre Toten kommune. Den øvre bygningen, som ble bygd som aldershjem, huser fra 2000-åra Peder Balkes hus, med blant annet kafé og interiørbutikk. Les mer …
Koppangsgardene i Stor-Elvdal kommune var opprinnelig et samlebegrep for fire storgarder som delte området mellom Sundfloen og Stai; Negard, Vestgard, Koppang og Trønnes. Alle er senere blitt delt flere ganger, og ble flyttet fra usikre og vanskelige forhold ute i Glomma, til tryggere forhold på østsida eller vestbredden av elva. I 1603 var Koppang fortsatt en storgard som lå ute på Koppangsjordet. 20 år etter ble garden delt opp i 6 nye gardsbruk, og i 1664 var antallet oppe i 9. Etter en isgang i 1650 ble Bakken-gardene flyttet dit de ligger i dag, på østsiden av det gamle Koppangsundet. De andre Koppang-gardene ble flyttet til øst for elva i tidsrommet 1736 til 1757. Negard, Vestgard og Trønnes-gardene ble flyttet til vestsida av Glomma, med unntak av Gunhildstua, Landet og Svestad (alle fra Negard) og Gustumoen (Vestgard) som ble liggende på østsida. Les mer …
|