Magneheim (Fedje gnr 168 bnr 247/256)
Magneheim er ein bustadeigedom i Fedje kommune.
Magneheim | |
---|---|
Sokn: | Fedje sokn |
Fylke: | Vestland fylke |
Kommune: | Fedje kommune |
Gnr.: | 168 |
Bnr: | 247/256 |
Adresse: | Flundrevågsvegen 23 |
1. Ole Martin Tveter f. 1948 Fetsund i Fet, platearb., g. 1967 m. Solbjørg Granås f. 1949 Rælingen, Akershus d. 1977. Skøyte 1975 på tomt bnr 247 frådelt Stuberg gnr 168 bnr 19 og bnr 256 frådelt Nord-Tangen gnr 168 bnr 25. Huset vart bygd same året. Familien flytta til Fetsund i 1977.
Born: a. Magne Tveter f. 1967, bustad Fetsund. b. Mariann Tveter f. 1973 d. 1988.
Ole Martin g.2.g. 1987 m Randi Jensen f. 1949, dei flytta til Ridabu på Hamar.
2. Fedje kommune fekk skøyte her i 1977, og har brukt huset som utleigebustad for kommunalt tilsette. Ein del av tomta gnr 168 bnr 408 vart frådelt bnr 247 i 1997, og gnr 168 bnr 409 frådelt bnr 256 same året, slik at huset no står på bnr 408/409.
Leigebuarar
3. Karl Henrik Nesse f. 1951 Bergen g. 1976 m. Gerd Elin Skauge f. 1955 Myking, Lindås (jf Mykingb. s 703, ho er brordotter til Håkon Skauge, sjå Svena gnr 168 bnr 102-2), begge sjukepleiarar. Dei budde her då Karl Henrik var styrar på sjukeheimen frå 1979 til 1982. Dei flytta då til Myking, no i Alver kommune.
Born: a. Torbjørn Nesse f. 1978, bustad Bergen, seinare Eidsnes i Lindås, Alver kommune. b. Synnøve Nesse f. 1981 g. 2006 m. Christian Filberg f. 1981 Oslo, busette der, seinare i Tønsberg. c. Marit Daniella Nesse f. 1983 g. 2022 m. Håvar Lind f. 1980 Egersund, bustad Horten.
4. Audun Birger Håvik f. 1956 Kvinnherad, sjukepleiar, g. 1977 m. Hildegunn Solheim f. 1959 Almås i Åsane, Bergen (jf Åsaneb. II s 333), pleiemedhjelpar, leigde her då Audun var styrar på sjukeheimen frå 1983 til 1987. Han er søsterson til Emma Tangen, Svena gnr 168 bnr 171, sjå der. Sidan flytta familien til Flaktveit i Åsane.
Born: a. Camilla Håvik f. 1977, bustad Åsane. b. Eivind Håvik f. 1978, bustad Yven i Sarpsborg. c. Kristoffer André Håvik f. 1993, bustad Bergen.
5. Torild Berg, Trondheim f. 1949 var styrar på sjukeheimen i vel eitt år frå hausten 1987, og budde her. Så flytta ho til Eid i Nordfjord, og seinare til Gjerstad.
6. Frøydis Johansen f. 1939 Farsund var tilsett som organist, musikklærar og korps/kordirigent frå 1992 til 1994, og var busett her. Sidan reiste ho tilbake til Farsund.
7. Erling Herøy f. 1955 Husa (gnr 168 bnr 90-2a) g. 1994 m. Grete Algrøy f. 1956 Fjell d. 2021 var busette her frå 1994 til 2004. Dei overtok heimehuset hans.
8. Idar Tangen f. 1963 Svena (gnr 168 bnr 175-1b) g. 1986 m. Janne Nordby f. 1966 Stormark (gnr 172 bnr 117-1c). Idar har drive bensinstasjonen på Steinborg (gnr 168 bnr 29-4) sidan 1989. I tillegg driv han anleggsverksemd og eigedomsutvikling. Sjå òg Brotet gnr 168 bnr 77-2, Svena gnr 168 bnr 358 og gnr 170 bnr 11-5. Dei budde før på Husøyna gnr 168 bnr 208-3. Skøyte på bnr 408/409 i 2004.
Born: a. Christian Tangen f. 1986, bustad Husøyna (gnr 168 bnr 282-4). b. Marianne Tangen f. 1988, bustad Brotet (gnr 168 bnr 77-3). c. Linn Tangen f. 1990, bustad Opphaugen (gnr 168 bnr 69-3).
Magneheim (Fedje gnr 168 bnr 247/256) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no. Sjå også: Forside • Bakgrunn • Litt allmennsoge om Fedje • Forord • Lesarrettleiing • Forkortingar og ordtydingar • Short introduction in English • Kjelder • Litteratur Førre bolk: Øitun (Fedje gnr 168 bnr 246) • Neste bolk: Kirstentun (Fedje gnr 168 bnr 248) |