Bøtun (Fedje gnr 168 bnr 102)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bøtun
S447.168.102.CD 08 091.jpg
Åse Storhaug med Mariann i vogna framfor kommunehuset i 1961.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 102
Adresse: Stormarkvegen 49

Bøtun er ein eigedom i Fedje kommune.

1. Fedje kommune fekk skøyte i 1947 på tomt frådelt Husa gnr 168 bnr 7 same året. Kommunehuset ligg på denne tomta. Det vart bygd i 1941 med materialar frå den nedrivne kyrkja. Då Fedje vart eigen kommune i 1947, vart huset nytta som lokale for kommuneadministrasjonen, slik det er enno. Fram til 1965 var det leigetakarar i øvste etasjen. Dei første var Leif Wiig ved tranfabrikken og hushaldaren hans Agnes Iversen, sjå Svena gnr 170 bnr 11-1.

2. Håkon Thorvald Skauge f. 1926 Myking i Lindås d. 2000 (jf Mykingb. s 703) g. 1947 m. Mally Myhre f. 1926 Østre Toten, Oppland d. 1996[1] var leigebuarar her til busette seg på Lindås i 1956 og i Alversund i Lindås i 1966 (sjå Lindåsb. III s 646 og Alversundb. I s 88). Håkon var først lærarvikar hausten 1948, og så kontorsjef i kommunen frå januar 1949. Stillinga omfatta då både kommunekasse, trygdekasse og likning (utskild 1951). Han vart kommunekasserar i Lindås i 1956.

Born: a. Thor Skauge f. 1947, bustad Alversund, seinare Bergen (jf Alversundb. I s 97). b. Odd Magne Skauge f. 1949 d. 2019, bustad Alversund (sjå Alversundb. I s 136). c. Arild Skauge f. 1955, bustad Knarvik i Lindås, seinare Ådland i Meland, Alver kommune. d. Egil Skauge f. 1961, bustad Arendal, så Drangedal i Telemark, seinare Drammen. e. Bodil Skauge f. 1966, bustad Alversund (jf Alversundb. I s 277).

3. Olav Rickard Dybvik f. 1913 Sula ved Ålesund d. 1985 g. 1948 Borgund m. Ragna Hansine Hagen f. 1918 Brattvær på Smøla, Nordmøre d. 1979 (jf Smølab. VII s 456) budde her frå 1959 til 1965. Han var fyrmeister på Holmengrå fyr, sjå meir der (gnr 169 bnr 3-15). Dei var dei siste som budde her, husværet vart då innreidd til kontor. Seinare bustad Haram.

Born: a. Karl Lidvard Dybvik f. 1949 var g.m. Else Karin Fylling f. 1956 Ørskog, busette der (jf Ørskogb. III s 332), no i Ålesund kommune. b. Rolf Olav Dybvik f. 1952 g. 1972 m. Eva Haram f. 1955 Spjelkavik i Ålesund, bustad Lindesnes, der han var fyrbetjent.


Fedje komm.svg Bøtun (Fedje gnr 168 bnr 102) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Bergheim (Fedje gnr 168 bnr 88) • Neste bolk: Berglund (Fedje gnr 168 bnr 115)


Referansar